Sola skein då eg stod opp i dag, Palmesøndag 2017. Eg tenkte nok at dette var ein dag eg måtte koma meg ut i frisk luft, men før eg kom så langt, stod eg på hovudet og rydda og pakka vekk eindel hobbysaker i ei kiste på loftet. Det hadde eg nok fortsatt med om ikkje det hadde tikka inn ei melding i frå Ann Irene…
«God morgon. Turplaner?». Eg svara som sant var at eg hadde tenkt meg ut, men eg hadde ikkje lagt noko planar enda. Så gjekk det ei stund utan eg høyrte noko meir, men brått var ho på tråden..» Du er jo så treg med å svara på meldingar, at no måtte eg ringa!» Men eg hadde jo ikkje fått noko fleire meldingar (eller hadde eg det???….), så eg visste jo ikkje at eg skulle ha svara…
Okkesom, vi vart einige om at vi skulle gå opp skogsvegen rett etter Friheim ved Fjellandsbøvatnet i dag. Marit fekk vi lokka med oss og 🙂
Dette er ein skogsveg eg ikkje trur det er så mange som går – altså skulle det ikkje vera store sjansen for å treffa på andre folk i dag…..
Fina veret i dag – passa igrunnen litt dårleg hvis ein skal prøva å laga litt skummel påskekrim….
…..men skodda hang tung rundt Ulvanåso i dag…
…..og noko kasta mørke skuggar langs skogsvegen…
Det ana forsåvidt ikkje desse to noko om, blide og nøgde som dei var for å nå meg igjen, der eg sat på ein stein å venta på dei 🙂
Høgare og høgare steig vi – stadig lengre vekk i frå folk og fe…
Ann Irene og Frikken haldt ein voldsam fart oppover lia – kunne det vera at dei planla noko muffens rundt neste sving?
Men neida, vi kom opp på fjellet i samla flokk 🙂
Det blas ein sur vind her oppe på fjellet. Bart som det er, er det ikkje mykje å søka ly bakom. Eg var den einaste som visste at det fantes ein sti lenger framme – eller gjorde det det? Eg leda dei i allefall over myra og mot toppen midt imot oss – kanskje vi kunne finna ly bakom den?
Snart kunne vi kikka ned på Uskedalen, her byrja det å bli bratt utfor fjellsida…
No såg vi og heilt til Skånevikfjorden.
Dei var lika nøgde både Ann Irene og Frikken over denne fangsten 🙂 Marit og eg hadde ikkje hjarta til å fortelja dei at det ikkje finnes villrein (eller tam, for den del) i våres fjell…
Endeleg fann vi oss nokre steinar vi kunne sitja oss i le bak, og kor vi kunne eta nista vår medan vi kikka ned på Uskedalen 🙂
Begge desse to tøttene hadde med seg Påskeegg i sekken sin…
….eg hadde tatt med kniv!
Og så, så skjedde det noko mystisk…
KVA I ALLE DAGAR?????
Tok damene seg ein middagslur? Var det vinden som blas dei over ende? Eller trur dåke eg var så misunneleg på Påskeegga deira at eg brukte kniven min på dei???
I så tilfelle – korleis forklara dette???
Så, trur dåke vi enda våre dagar her oppe på fjellet, Palmesøndag 2017??
Sjølvsagt ikkje, vi lever alle tre i beste velgåande. Det ville jo vore ytters dumt å ta livet av oss alle tre allereie Palmesøndag – det hadde ikkje blitt mykje Påskekimquiz resten av Påska då… Og såg dåke kniven min?? Eg kunne kanskje fått til å ta livet av nokon med den, men eg trur det hadde blitt mykje prøving og feiling fyrst….
Neida, årets fyrste (og kanskje siste, kven veit?) Påskekrimquiz spørsmål er som fylgjer:
Kva dagsaktuell låt (som ungdomen seier) er det vi illustrere her? Eg kan røpa at den er mykje spela på P3 om dagen og har eit ganske «catchy» refreng.
Dei som har rett svar vinn sjølvsagt mykje heder og ære 🙂