Saved by the headlight!

Såto (eller Såta, som det sikkert står på karta) – det er ikkje kvar dag, eller år, eg tar den turen. Men i det siste har eg tenkt at det var på tide å ta turen opp der igjen, og i går rydda Ann Irene plass i kalendaren sin for å bli med 🙂

Planene min for turen denne gangen var, for eingongsskuld, å fylgja den T-merka stien opp. Den har eg til no kun gått ned – og eg har syntes den har vore lika lang, bratt og glatt kvar gong. Og kvar gong eg har kome ned har eg slått fast at den stien skal eg ALDRI gå opp. Men det må jo vera lov å ombestemma seg?

Anyway, klokka vart 1715 før vi var klar til å ta ut i frå Sørestølen. Og når vi stod der og kikka opp på Såto/Såta og vurderte kor vi skulle  gå opp var ikkje valget så vanskeleg. «Nei, søren – vi peisar opp ura denne gangen og!».

img_2896

Det vart altså denne vegen igjennom granskauen, bokstaveleg tala, denne gongen og. Og for dei som ikkje veit kor i verda vi er:  Såto/Såta er på på veg opp til Englafjell i Uskedalen når du går opp frå «framsida» av fjellet. Stien er eigentleg merka i frå løa ved sida av Elins Matgleder. Vi, derimot, starta på Sørestølen (sidan det nesten ligg rett bak husveggen) der kor ein parkere om ein skal gå inn Eikedalen. Derifrå går vi over brua som dukkar opp på venstresida berre etter nokre meters gange. Så eit stykke i skog før vi kjem utpå ein traktorveg, fylgjer den eit lite stykke, før vi endar opp her kor biletet er tatt – og så går vi rett opp!

Når eg skriv rett opp, så meinar eg verkeleg rett opp. Og her er ingen sti å fylgja – her må vi stola på retningssansen 😉 Det er forsåvidt greit å gå her, men det stikk jo slike irriterande små, knusktørre, greiner ut på kvart einaste tre. Det er eit under av vi kjem oss gjennom skogen med begge augo intakt…

img_2898

Det ser ikkje så bratt ut, men tru meg, det er det. Når vi har kome igjennom granskogen må vi fortsetja eit lite stykke i bjørkeskog før vi brukar gefühlen og går strake vegen mot venstre…

img_2899

….kor vi forhåpentlegvis treff på denne, ein smule reduserte, kåken. Eg var meget nøgd i går, for då traff eg spot on 🙂

img_2903

…og her kjem ho som var kome litt for høgt opp og 😉

Vi brukte meir eller mindre 1 time på denne fyrste etappen vår. For min del er eg heilt sikker på at det er ein god del kjappare enn eg ville brukt opp stien.

img_2902

Vi kunne skimta ein fin solndegang mellom trea.

Rett bortanfor skuret treff vi på T-stien som kjem opp frå andre sida, og då er det berre å fylgja den vidare opp til Såto/Såta.

img_2904

Ganske kjapt kjem vi over tregrensa og får utsikt så det held, men ein må snu seg – ein klyv oppover med ryggen til heile utsikta. Dette er Uskedalen, om nokon skulle lura 🙂

img_2905

Vakkert!

Det er ganske bratt oppover fjellsida her. Og sjølv om det ikkje kjentes særleg kaldt ut…

img_2907

….så var bakken frosen enkelte plassar!

Stien oppover er smal og delvis gjørmete og glatt – og rundt deg er det heilt ope! Snublar ein her er det ikkje mykje å stoppa i … Dette er ikkje mitt favoritterreng – Ann Irene elskar dette! Medan ho klyv oppover som ei fjellgjeit på to bein, kjem eg krypande etter på alle 4!

img_2911

Men det var ikkje snakk om å gje seg – her ser eg endeleg enden på turen 🙂

img_2912

Sjølv om eg konsentrerte meg om å fylgja stien, tok eg meg tid til å ta bileter- det var jo nesten som å befinna seg i eit måleri når eg snudde meg og såg på utsikta 🙂

img_2914

Endeleg oppe!

img_2916

img_2919

img_2921

Det er jo absolutt verdt strevet når ein er komen opp!

img_2918

Ann Irene i solnedgang 🙂

img_2925

img_2927

Det ser ut som om eg kosar meg med solbærtoddyen min, men eigentleg så ampa eg berre på at vi måtte koma oss på ned igjen. Eg grua meg skrekkeleg til den bratte stien ned til skogen att. Så det vart kun tid til ein halv kopp solbærtoddy og nokre ruter melkesjokolade før eg forlangte at vi byrja på heimvegen att. Det var jo byrja å bli mørkt rundt oss og, så vi burde jo koma oss så langt ned som mogleg medan vi enda såg noko…

img_2929

Ann Irene fekk ta ein siste kikk på Uskedalen før vi byrja på nedover turen.

img_2934

Det var ikkje så lett å fanga med eit mobilkamera, men det var ganske fint å sjå ned på alle lysa i bygda.

Det var ikkje så ille å gå ned som eg hadde sett for meg. Eg fann nemleg ut at det gjekk veldig godt an å gå i lyngen ved sida av stien – der var det mjukt og ein fekk godt fotfeste. Eg trudde kanskje eg var litt redd for høgda og – ikkje berre at eg skulle ramla av stien – men eg fann no ut at høgda ikkje gjorde meg noko. No sprang eg nesten rett nedover fjellsida i lyngen 🙂

Men kor lenge vara det? Berre til vi kom ned i skogen igjen – då var det slutt både på lyng og dagslys!

img_2936

Det var rett og slett blitt bekmørkt!

Som vanleg skal eg ikkje nemna namn, men ei av oss har vore ute ein haustkveld før  og hadde vore forutsjåande nok til å putta ei hovudlykt i sekken. Eg hadde til og med skifta batteri… Og heldigvis for det, for no såg vi ikkje mykje lenger – og enda hadde vi laaaaaangt igjen til vi var nede frå fjellet.

img_2937

Klar til siste etappe – med hovudlykt! Ann Irene kom bak og lyste med lommelykta på mobilen min…

Det er jo i slike stunder vi blir litt filosofiske: Kva ville vi gjort om ikkje vi hadde hatt ei hovudlykt med oss? Hadde vi ringt etter hjelp? Aldri i livet – det ville vore for flaut! Då hadde vi heller sete oppå fjellet og skjemtes til det vart lyst igjen 😉 Og kan vi kalla oss erfarne fjellfolk når vi legg ut på tur og ikkje kjem oss heimatt før det vert mørkt? Det vart vi einige i at vi kunne – vi hadde jo trass alt med oss ei hovudlykt – det såg jo veldig profft ut 😉

Og medan vi lurte på både det eine og det andre måtte vi no verkeleg konsentrera oss om å fylgja stien, for her er det og temmeleg bratt. I tillegg måtte vi stoppa opp innimellom og lysa etter raude T-merker. Og vi kom jo alllllldriiii ned! Folk kan seia kva dei vil, vi er begge einige om at dette er ein av dei mest langdryge stiane vi har vore på. Ja, vi synes rett og slett det er ein drittsti! Eg hadde aldri kome meg opp om eg skulle gått denne vegen opp – eg trur eg hadde snudd før eg hadde kome halvvegs opp! Nei, det blir nok granskogen på oss neste gang vi skal opp her igjen og.

Langt om lenge kom vi endeleg ned på skogsvegen igjen. Då var det berre å fylgja den oppover eit stykke, lenger enn vi huska, til vi kan peila oss inn gjennom skogen og finna att brua over til Sørestølen. Vi får vel vedgå at vi surra litt her og, ting ser litt annerledes ut i mørket enn i dagslys.

img_2938

Men vi fann brua og då var det berre å koma seg over på andre sida og spasera bort til bilane.

Alt i alt ein flott tur, sjølv om vi ikkje såg så mykje i frå toppen og ned 😉 Mykje lått og løye hadde vi i allefall, kanskje vi må gå fleire slike turar i mørket med hovudlykt 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.