Padletur på Opsangersvatnet!

Kan skjøna vi fekk skikkeleg blod på tann etter den flotte padleturen vi hadde på Myrdalsvatnet fredagskveld – laurdagsettermiddag var vi klare for ny padletur! Denne gongen vart det Husnes og Opsangersvatnet. Opsangervatnet køyrer eg forbi 2 gonger til dagen, men bortsett frå ein kanotur, var dette fyrste gong eg padla her.

Det forunderlege er at eg trur ikkje så mange Husnesingar har padla her heller, eller har vore utpå vatnet i det heile tatt. Det er sjeldan å sjå nokon bruka vatnet – bortsett frå hvis det frys is på om vinteren. Sånne dagar som i går burde det jo ha vore eit yrande liv på vatnet, men eg såg berre Jorunn og eg…

Ja, ja, vi parkerte nedanfor rohuset og bar kajakkane bort på ei lita strand. Her er det flott å leggja utpå.

img_2830

Den Lille Gule og den Grønne Skjønne 😉

img_2833

Fotografen- kjekt med tørrdrakt 🙂

14593482_10155267804527538_549887548_n

Sjekkar om kysten er klar 😉

img_2838

Speilblankt på Opsangersvatnet og.

Eg hadde ikkje padla så mange metrane før eg gjekk på «land». Vatnet var så mørkt og før eg visste ordet av det, sat eg bom fast oppå ein stein eg ikkje hadde fått auga på. Eg prøvde å koma meg laus sjølv, men gjekk berre rundt oppå steinen som ei skrustikke. Hadde ikkje eg hatt Jorunn med på tur som kunne dra meg laus, hadde kanskje turen enda her og eg hadde blitt eit nytt landemerke i Opsangersvatnet….

14585789_10155267804762538_142648716_o

Det er ikkje så lett å sjå, men her sit eg altså bomfast oppå ein stein – 10m i frå stranda 😉

14572108_10155267804697538_1232241089_o

Men Jorunn fiksa saken og turen kunne fortsetja 🙂

img_2840

Jorunn i fint driv – Kulturskulen og Hydro Aluminium (Søral) i bakgrunnen.

img_2842

img_2847

14610721_10155267804667538_1466281410_n

img_2849

img_2854

img_2855

Dei som meinar det ikkje er fint på Husnes må ta av seg brillene, snu dei og setja dei rett veg på nasen 🙂

Strålande fint var det å padla på vatnet i går. Vi padla fyrst inn i ei lita vik og runda ein liten holme/skjer før vi snudde ryggen mot sola og padla andre vegen igjen.

14572497_10155267804642538_1820634201_o

Er har vorte så forkjøla dei siste dagane at eg hadde kledd meg godt med ullkler inni tørrdrakta og drog på meg hua – eg fraus ikkje i går, kan eg seia 🙂

img_2859

img_2860

img_2861

Her sit Jorunn og draumer seg vekk til Manen og Englafjell 😉

img_2867

img_2872

img_2870

img_2877

På tilbakevegen runda vi inn her og padla bort mot Kvinnherad Vdg.skule slik at Jorunn kunne få sjå kor ho bada etter gymtimane i hine hårde dagar. Eg, for min del, har aldri bada i Opsangersvatnet hverken etter gymtimar eller seine natterstimar etter ein kveld på «Gamle Pøbben» 😉

14642687_10155267802017538_1068843139_n

img_2889

Før vi padla tilbake til stranda, tok vi ein runde rundt Jonas Lie-holmen/Ja-Holmen. Det heiter seg at det var her Jonas Lie fridde til kusina Thomasine Henriette Lie 1.mai 1853. Og ja, dette måtte eg google….

img_2890

Her har vi runda holmen, og då var det berre å padla tilbake mot stranda.

Denne turen hadde vi «tima» veldig bra, for no byrja det å blåsa og med sola vekke, så var det ikkje så varmt lenger. Då var det heilt greit at turen var over.

img_2893

Og slik kan ein jo og gå utav kajakken sin ein vakker haustdag i oktober 🙂 Eit anna alternativ er å venta til nokon kan koma å hjelpa å dra kajakken så langt opp at ein kjem seg «tørrskodd» i land…

Ja, det var nok ein flott padletur vi hadde i går. Det spørs om ikkje det vart den siste padleturen for meg for sesongen, men ein veit jo aldri 🙂 I dag er det atter ein vakker dag ute, men i dag skal eg sitja inne å pleia forkjølelsen. Eg får ta fram strikkepinnane, tenkjer eg 🙂

Det fine haustveret skal visst fortsetja i det uendelega, ser det ut som, så eg skal no endeleg få med meg nokre fine hausturar enda, trur eg. Berre ikkje i dag 😉

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.