Padletur på Myrdalsvatnet del 2!

Dette burde eg jo ha skrevet i del 1 av padleturen på Myrdalsvatnet, men her kjem det i del2: For dei som ikkje er så lokalkjente i Rosendal som meg (Øhhh..kor er eigentleg Mehl??) så finn ein Myrdalsvatnet midt mellom Melderskin og Nordlifjell med Gyrgrastol på Ænes midt i mot. Skal du gå tur inn til vatnet kan du velgja å gå både i frå Bjørke- og Klettesida. Går du frå Bjørkesida må du etterkvart over ei hengebru og kjem over på same vegen som du går på om du vel å gå i frå Klettesida. (No føler eg at eg har stilt meg lageleg til for hogg frå Rosendelingane om eg har bomma med namna her, altså…)..Skal du køyra inn, derimot, må du velgja Klettesida. Det kostar kr. 100,- per bil og du må få låna nøkkel å låsa opp bommen i byrjing med. Kven du må henvenda deg til veit eg ikkje – eg var med som gratispassasjer i går 😉 (Men Jorunn veit det altså – så spør ho 🙂 ).

img_2753

Det er fint å berre gå tur inn her og. Som dåke ser har dei satt opp ein fin gapahauk her. Per i dag er den berre innreda med benker langs veggene, men eg vil vel tru at det må koma eit bord og to her og. Det hadde i allefall eg villa hatt om eg skulle sitja her og eta nista mi 🙂 Men det skulle eg jo ikkje i går…

14628167_10155264524722538_61864718_n

…..for då skulle eg jo på padletur! Synes ikkje stilen var så verst eg 😉

14620017_10155264520747538_1274787457_n

Har dåke sett så blankt vatn!

Planen var altså å padla over vatnet og gå i land å ha ei kaffipause. Så mykje fotografering som vi måtte få unna på veg over, er det vel ikkje naudsynt å opplysa om at sola var gått ned når vi kom i land….

img_2794

…..på ei lita strand.

Bortsett frå at det brått vart MYKJE kaldare, var det jo berre eit pluss at sola forsvann…

14585546_10155264524492538_507977003_n

 …for då fekk vi jo med oss…

img_2786

…..nok ein fantastisk solnedgang 🙂

img_2784

Ahhh, kan det bli finare?? (Her byrja Jorunn å fantasera om strender, kajakkpadling og varme på Bali, men det valgte eg å overhøyra…)

img_2795

img_2798

img_2805

img_2807

img_2811

img_2812

14518596_10155264520782538_98793461_n

Ja, desse bileta treng vel eigentleg ingen ord – dei er sjølvforklarande. Eg trur ikkje eg sa så mange ord på vegen over vatnet igjen – det er terapi for det meste å berre sitja i kajakken å padla inn i solnedgangen 🙂

Vel tilbake til utgangspunktet var det blitt ganske så kaldt, tykte eg, og på fingrane nærma det seg naglabit. Men det var jo ikkje så rart – på bakken var det nemleg byrja å frysa til! Og i bilen viste det 2 grader! Det tyder nok på at eg, for min del, snart kan stua kajakken vekk for sesongen. Men ikkje heilt enda – eg lurer meg på om ikkje det blir ein padletur i dag og…..

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.