Padletur på Myrdalsvatnet del 1!

Oij,oij, oij, for ein padletur eg har vore med på i kveld! Då Jorunn i går opplyste at ho og svigefaren Magne skulle padla på Myrdalsvatnet i Rosendal i kveld gav eg ho ikkje noko anna val enn å invitera meg meg og! Så i dag køyrte eg berre heim i frå jobb og heiv kajakken på biltaket og tok ut på inn. 

img_2740

img_2741

14607917_10155264161622538_807715427_n

Det var jo ikkje tvil i vår sjel – dette kom til å bli ein fantastisk tur!

Eg har altså tatt så mykje bileter frå padleturen i kveld at det er vanskeleg å skjøna at eg har hatt tid til å ta så mykje som eit einaste padletak med åra 🙂 Og eg klarar jo ikkje å moderera meg å berre velgja ut nokre få av dei som eg kan leggja ut på Bobla. Eg har difor rett og slett tenkt at denne turen må leggjast ut som Del 1 og Del 2. og i denne Del1 kjem det no ein overdose nasjonalromantiske bileter 🙂 Og det kjem det sikkert i Del 2 og…

Eg har aldri vore lenger enn nett inn til vatnet før – eg har aldri gått langs vatnet. No når eg padla vart eg heilt fasinert av kor flott det var langs bredda av vatnet – og spesielt no med dei flotte haustfargane og det speilblanke vatnet. Så ha meg unnskyldt – her kjem overdosen:

img_2764

14628077_10155264525532538_1665813033_n

img_2760

img_2768

img_2770

img_2771

img_2773

img_2776

img_2777

img_2778

img_2779

img_2780

img_2782

img_2783

Var det ikkje flott?? Vi padla til endes av vatnet kor vi gjekk i land og hadde ei lita kaffipause før vi padla tilbake i solnedgangen. Dei bileta får koma i Del 2 i morgon 🙂

PS! Jorunn har bidratt med nokre av bileta 🙂

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.