Solnedgang, solnedgang, solnedgang!

I kveld var det Jorunn som fekk lokka meg ut på tur. Dvs. vi lokka vel eigentleg ut kvarandre. Det er greit å ha vener som drar ein med, for når sant skal seiast er eg ikke alltid lika motivert til å koma meg ut døra. No har vi f.eks byrja på den tida av året der eg køyrer heim i frå Halsnøy i strålande sol og trur eg skal koma meg ut i finaveret så snart middagen er hamna i magen, men innan den tid er jo sola forsvunnet frå Eik 😦 Då blir det ofte mykje enklare å krypa under pleddet på sofaen enn å finna fram turkleda. Men i dag vart det ikkje pleddet, det vart tur til Skjethaug i Rosendal 🙂

Vi parkerte ved kyrkja i Rosendal og fulgte skilta derifrå. Strengt tatt trengte jo ikkje vi fylgja nokon skilt – vi har begge vore på Skjethaug opptil fleire gonger tidlegare. Det var ein strålande flott kveld og sola var enda oppe då vi starta turen i 18-tida. Eg bemerka at det kjentes ut som om det var mykje varmare her enn heima i Uskedalen – akkurat det skal eg koma litt tilbake til seinare.

Det er ikkje så langt til Skjethaug, men ein god trimtur er det.

img_2688

img_2689

På toppen står denne flotte hytta 🙂

img_2721

img_2723

Dei har støypt golv, laga benker langs vindauga og sett inn nye møblar sidan sist eg var her. Det er rett og slett blitt kjempefint og koseleg 🙂

img_2709

Jorunn var nøgd med å ha kome på at vi skulle ta turen til Skjethaug i kveld 🙂

Frå Skjethaug har ein ei fantastisk flott utsikt….

img_2702

…..inn i Muradalen…

img_2703

…. over Rosendal og Malmangernuten…

img_2704

….og Seimfoss og Omvikdalen.

Vi rakk opp akkurat i tide til å få med oss solnedgangen – og den var ikkje noko å fnysa av i kveld!

img_2725

img_2719

img_2712

img_2730

Ja, i kveld var himmelen jammen fargerik – raud, rosa, oransje, gul – rett og slett vakkert 🙂

På veg tilbake til bilen var vi igjen einige om at det ikkje var så kaldt ute – eller kanskje det berre var vi som hadde gått oss varme? Men jammen kan det vera stor skilnad i temperaturen på få avstander for tida. Det var ikkje rart vi syntes det var varmt. Då vi kom tilbake til bilen ved kyrkja klokka 2000 viste gradestokken +14 grader! Då vi kom ned i Rosendal sentrum viste den +7 grader!!! Og kva høgdeforskjel er det?? 50M??? Då eg passerte FKbutikken og Ljosnes viste gradestokken +5 grader og +6 då eg parkerte heime. Det er altså i høgda ein bør halda seg om kvelden desse dagane 🙂

Og O’store lykke – då eg kom heim hadde faktisk guten fyrt i omnen 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.