Vetrhus og omeng!

I dag har Ann Irene og eg vore på oppdagelsesferd og nye stiar i Blådalen 🙂 Eg er litt usikker på kor vi har vore eigentleg, for det står litt ymse på karta. Norgeskart feks. seier vi har vore til Krokavatna, medan Gule Sider sitt kart…

….seier vi har vore til Svartavatnet. Kven som har rett, anar ikkje eg 🙂 Eg er litt usikker på om vi kun var til Krokavatna og, eller heilt til Svartavatnet, men eg er ganskje sikker på at det er det siste…. Eg må absolutt bli betre på å lesa kart og terreng… 😉

Uansett – vi byrja i allefall med å køyra…

….hit – nesten til enden av vegen til Vetrhus.

Ein gong vi køyrte forbi la vi nemleg merke til at det stod nokre personar i svingen her og gjorde seg klar for å gå tur. Vi hadde difor eit lite håp om at det gjekk ein sti her som vi kunne ta fatt på…

Og det gjorde det! Vi såg jo med eingong at det ikkje var den mest brukte stien vi hadde gått på, men det var i allefall ein sti – og no var vi spente på kor den kom til å ta oss hen?

Vi hadde jo berre gått nokre minuttar då dette kom til syne. Tenk at det ligg slike fine perler gøymt i så kort avstand frå bilvegen!

Stien gjekk vidare på høgre sida av vatnet som,  såvidt eg kan sjå, blir kalla Vetrhusvatna på karta. Det ana oss at stien kom til å gå rundt vatnet og så opp lia rett ovanfor der vi no stod.

Vi hadde ikkje gått så veldig mange skritt til før regnet kom…

….det stoppa sjølvsagt ikkje oss! Det skulle igrunnen bli mykje vatn på denne turen – anten det kom ovanfrå eller nedantil… Her måtte vi kryssa ein bekk/elv i Stutabotn (?).

Så langt gjekk det framleis stort sett lett å fylgja stien. Stien er stort sett stein, gjørme og mose, så litt glatt og sleipt vart det jo når det var vått, men det er jo berre til å gå forsiktig så går det greit.

Nesten rundt vatnet til dit stien går på opp.

No kom vi bort til ei elv som vi trudde vi måtte kryssa iom at vi såg to personar som kom ned fjellsida på andre sida av elva. I allefall trudde vi dei kom ned på andre sida, men dei kan ha kryssa elva lenger oppe. Vi fann i allefall ingen plass vi syntes vi kunne kryssa elva, og det var jo like greit iom med at vi etter ei stund såg at stien gjekk vidare opp fjellsida på same side av elva som vi var på…

Tilbakeblikk. Hvis ein har falkeblikk så klarer ein å få auga to karar på dette biletet – ein som står å fiskar og ein som nesten har kome ned til vatnet  på andre sida av elva som vi var på 🙂 Dei kan, som sagt, ha kryssa elva utan at vi såg det – eller så går det ein sti på andre sida av elva og vatnet og. Mogleg det er noko vi må sjekka ut ein anna gang.

No var eg spent på kva som openberra seg bakom toppen her? » Ser du noko??» ropa eg. «Neiiiiiiiii…» drog Ann Irene på det.

Nei, vi kom berre til meir «bortover» terreng. Men fint var det no her likevel 🙂

Fram til no trur eg vi stort sett hadde halde oss på sti – bortsett frå då vi rota oss litt vekk frå den nede ved elva. Men no kom vi inn i eit terreng der det ikkje var så lett å halda seg på stien. Den var ikke så tydeleg alle plasser lenger og eg er ikkje sikker på om vi heile tida fylgde ein mennesketråkka sti 😉

Etter at vi kryssa over her trur eg vi mest gjekk på måfå….

….rett fram mot toppen framfor oss. Det er vel mest sannsynleg at stien går til venstre eller høgre for toppen, men var det så farleg om vi ikkje fylgde sti? Vi hadde jo uansett ikkje noko mål for turen, og no var vi mest nyfikne på kva som gøymte seg bak denne toppen 🙂

For sikkerheitsskuld snudde vi oss og tok eit bilete «heimover» slik at vi evt. kunne sjå kor vi kom i frå om vi skulle vera i tvil. Vi hadde hatt opphaldsver ei stund no, men det kom litt mørke skyer og skodde på toppane – og vi er litt vare for skodde no 😉 Det hadde jo vore ytters pinleg å starta fyrste dag på jobb etter ferien i morgon med å vera sakna i Blådalen…..

Vi såg ein ende på dagens tur no – det måtte jo vera noko fint bakom toppen????

Og jammen – så kor nydeleg! Steikje for ein flott plass! Dette er altså det Gule Sider kallar Svartavatnet – trur eg 🙂

No var vi veldig nøgd med turen vår 🙂 Og her skulle vi jo sjølvsagt ha site å kikka utover medan vi åt nista vår. Men vi såg at det kom eit verskifte igjen, så…

….vi tok oss nett tid til å ta eit bilete og to….

….før vi snudde snuten på heimatteveg.

Det vart ein heller sur og våt tilbakeveg.

Vi var flinke å gjekk tilbake omtrent same veg vi hadde kome og dermed gjekk vi på stien igjen akkurat der vi hadde mista den når vi gjekk andre vegen 🙂 Det regna omtrent heilt til vi kom tilbake til bilen, så det vart ikkje noko niste stopp på oss i dag – den tok vi i bilen før vi køyrte heim.

Sjølv om det regna ein del i dag, hadde vi ein fin tur. Dette var eit veldig fint terreng å gå i og vi fekk sjå nye plassar 🙂 Ikkje er det noko krevjande å gå her heller – litt bortover, oppover og nedover. Vi må ta fleire slike oppdagelsesferder i Blådalen – her ligg det nok framleis mange perler som vi ikkje veit om 🙂

Og med dette så var det slutt på årets sommerferie 🙂 Eg får vel trøysta meg med at eg fekk ei og ei halv veke i solstolen i byrjnga av ferien, medan resten har vore så som så.  Skotørkaren har vore god å ha, for å seia det slik 😉

Om ikkje sommaren har vore noko å skryta av i år heller – både telt og hengekøye er framleis ubrukte i 2017 – så satsar eg no på at vi får ein like fin haust i år som i 2015 & 2016 🙂 Det må vi vel ha gjort oss fortjent til???

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.