I går fekk vi endeleg ein dag (nesten) utan regn! Den måtte vi jo utnytta. Eg skunda meg heim frå jobb, tok ein runde og fekk slått litt plen og så pakka eg sekken min. Ann Irene og eg hadde ikkje planlagt noko lang tur – vi ville berre nyta den fine kvelden til å eta middag/kveldsmat ute 🙂
Dette var plassen vi valgte i går….
Ulvanåso!
Ja, no skulle vi ikkje opp i sjølva Ulvanåso, men sitja ein plass der fossen kjem ned – der veit vi det er så fint 🙂
Eg er veldig dårleg på namn, sjølv i Uskedalen, men vi valgte å gå over brua nede ved elva før ein køyrer opp og så ned til Friheim. Der kor ein i mine unge dagar snakka om å laga lysløype om vinteren. Vel over brua var det eit piggtrådgjerde til høgre – det ville vi ikkje klyva over. På venstre side var det satt opp straumgjerde, men det var så lavt at vi valgte å trø over det. Så fylgde vi ein gamal veg bortover iom at vi visste at det gjekk sti opp til foten av fjellet når vi kom litt lenger bort.
Etter å ha fulgt stien eit stykke oppover, kjem ein til eit gjerde. Føl ein dette eit stykke oppover, så kjem ein til ei grind. Og når ein har kome igjennom denne, går stien vidare…
…oppover mot fjellet.
Ein kjem ikkje så veldig langt om ein går opp på denne sida. Har ein tenkt seg lenger opp i fjellet, på klatring f.eks., så må ein koma seg over på andre sida. Vi skulle ikkje klatra – vi ville berre finna oss ein fin plass vi kunne sitja.
Den plassen fann vi omtrent midt i «fossen». Det er, som sagt, veldig fint her og det kjem vatn ned både her og der, men det er så breidt her at det er nok av tørre plassar ein kan setja seg ned.
Vi var nøgd med plassen vi fann, her kunne vi sitja og sjå rett opp i….
….fjellet, medan vatnet rann ned rett ved sida av oss 🙂
Avanserte som vi er, var det grilling av ostepølser som stod på menyen i går. Ann Irene hadde fiksa ingrediensane og, i mangel på betre idear, så hadde eg kjøpt med meg ein pakke karamellpudding til dessert. Dette hadde eg ikkje nemnt til Ann Irene, så då eg var så uheldig å mista pakken utav sekken når eg skulle finna fram ei jakke, fekk ho blod på tann:
«Ååååå, karamellpudding – det er det besta eg veit!!»
Kor kom det i frå? Det har eg aldri høyrt eit ord om før?
«Det er til dessert», svara eg.
«Sikker på at vi ikkje skal eta litt karamellpudding medan vi ventar på at grillen blir varm??»
«Nei, pølser fyrst – dessert etterpå!»
«Javel då….»
Eg trudde jo at ho slo seg til ro med det, men stemningen vart litt amper og eg såg jo at ho ikkje var heilt nøgd….
….men ho sa ikkje noko meir og la pølsene på grillen.
Så sat vi der og kosa oss, eg kosa meg i allefall, åt grillpølser og såg på utsikta både oppover og nedover. Men vi hadde ikkje meir enn fått i oss pølsene, så var det på an» igjen:
«Kan vi eta karamellpudding no då???»
«Vi må venta litt», sa eg. «Middagen må få siga litt».
«Venta litt??? Eg vil ha karamellpudding no!!!»
«Det var då voldsomt til mas, vi må…
…kvila litt fyrst».
«Kvila??? Eg skal gje deg kvila eg!!!» no høyrtes ho beint fram olm ut og eg måtte opna eine auga og kikka bort på ho…
….Sjuke bananas!! Der sat den karamellpuddinghungrige med mord i blikket og vifta med ein kniv mot meg!!!
Eg vart jo så skremt at før eg visste ordet av det spratt eg opp, hoppa over fossen og kom til meg sjølv litt lenger oppe på andre sida…
….kor eg kunne kikka ned på Ann Irene.
«Kom ned hit!» ropa ho.
«Nei!» ropa eg tilbake.
«Kom ned hit, sa eg» ropa ho enda høgare.
«Aldri i verda!» svara eg.
«Neivel, då kjem eg opp til deg!» ropa ho, og best det var…
….. var ho på full firsprang mot meg!
Eg skjøna med eingong at eg var trengt opp i eit «hjørna». Ikkje kunne eg gå tilbake dit eg kom i frå, og ikkje kom eg meg nokon veg…
….bak meg!
Eg rygga lenger og lenger bakover på berget eg stod på etterkvart som Ann Irene nærma seg. Brått hadde eg rygga så langt at beina forsvann under meg og det var berre med nød og neppe at eg klarte å hiva armane rundt ein stein før eg ramla i fossen.
«Neiiiiiiiiii!!!!» ropa eg. «Hjelp meg opp!!! Eg klarar ikkje halda meg fast!!!»
Ann Irene stod over meg og kikka ned på meg, medan den eine foten nærma seg fingrane mine.
«Skal vi ha karamellpudding no?»
«Nei….?»
Ho kom enda litt nærmare.
«Eg spurte, skal vi ha karamellpudding no?»
«Nei…?»
Ho løfta foten for å trakka på venstre handa mi…
«OKEI DÅ! Du skal få karamellpudding! Berre hjelp meg opp!»
Det var visst akkurat som om eg skulle ha sagt til ho at ho hadde vunnet i lotto, for på ein-to-tre så hadde ho dratt meg på «land». Vel nede på plassen vår igjen, rota eg litt i sekken etter karamellpuddingen, og sjå…
…kor blid og nøgd ho vart då! Skal sei, det var ikkje mange sekundane før eg var inne i varmen igjen 😉
Det ampre stemninga var forsvunnet med eit trylleslag – eller ei skei karmellpudding – og vi var igjen gode vener 🙂 Full av både pølser og karamellpudding kunne vi rydda leiren vår og…
…vandra heimover igjen medan vi kikka på solnedgangen 🙂
Eg får gjera merksam på at det kan henda at nokre, kanskje alle, detaljane i dette innlegget ikkje stemmer heilt og at Ann Irene moglevis har ein anna versjon av kvelden 😉