Bobilspretten! (Advarsel – laaaaangt innlegg)

Trur dåke ikkje turkompisane mine har gått hen og kjøpt seg bubil??? Og, sånn rett før eg gjekk heim frå jobb i går, vart det bestemt at Jorunn ville prøva bilen for fyrste gang utan mannen – og eg skulle få vera med 🙂 Ja, delvis i allefall. Vi er gode vener, men ikkje så gode vener at vi deler bubilseng – så eg måtte skunda meg heim og pakka teltet…og diverse anna…

Ja, eg blir litt mobba for ustyrslista mi, eller mangel på sådan… Men det skjønar eg ikkje heilt – eg tar jo berre med det mest naudsynte? Og når du har ein heil bubil du kan pakka i???

To stoler + puter, eit campingbord og skøyteledning er Jorunn sitt – resten er…eh…mitt… + eg hadde litt inni bubilen óg….

Når eg og mitt var plassert i bilen, var vi klare for å ta ut. Mauranger var målet i går – vi treng ikkje køyra så langt fyrste gangen.

Trygg og flink sjåfør 🙂

Furubergsfossen – obligatorisk stopp for bubilturistar 😉

Det gjekk jo strålande, fint å køyra bubil mot Mauranger. I det vi nærma oss måtte vi byrja å sjå oss om etter overnattingsplass. Vi ville ikkje stå på campingplassen, så vi leita etter ein anna plass. Men det skulle bli litt vanskelegare enn vi hadde sett for oss. Dvs. det var ikkje så vanskeleg å finna plass til bubilen, men der den kunne stå, fann vi ingen plass til teltet mitt! At eg hadde med hengekøya (det var jo plass i bubilen) og, tenkte vi ikkje på – kanskje det hadde vore lettare å finna noko om vi hadde kikka etter to trer…

Før vi visste ordet av det var vi i Nordrepollen. Og, visste dåke at vi har offentleg rasteplass med flott toalettbygg i Nordrepollen? Med god oppstillingsplass til bilar? Bord og benker + til og med sti ned til fjorden? Det visste i allefall ikkje vi, men løye kva som dukkar opp når ein køyrer bubil…. Men der var det heller ikkje noko teltplass, så då vende vi snuten tilbake mot Sunndal.

Problemet no var jo at…

….det byrja å bli mørkt, så vi burde jo snart finna oss ein plass å stoppa.

Men sama kor mykje vi kikka og såg, så fann vi ingen plass. Til slutt var det ein arbeidskollega av Jorunn som berga oss: «Dåke kan stilla dåke opp på hos meg – bakken er nyslått óg». O» Store lykke – endeleg ordna det seg 🙂 Og så bar det avgårde inn att mot Austrepollen – he-he.

Den stolte bubileigaren har endeleg parkert….

…..mens ho som skulle sova i teltet luksussuiten enda hadde litt jobb igjen…

….det gjekk jo som ein leik 🙂 Heldigvis var det lys på bubilen… 😉

Så, kl. 2300 var kunne vi endeleg slenga oss ned i solstolane – vi var på plass og teltet var oppe 🙂 Det var ein fantastisk flott kveld i Austrepollen i går – stille, varmt og fint. Vi fyrte igang eingangsgrillen – no var vi svoltne! Vi hadde kjøpt med oss både grillpølser, salat, potetsalat og nok chips til å tilby heile Austrepollens befolkning, men enda opp med å eta to grillpølser med ketchup kvar….Skylla dei ned med eit par øl, så var det ikkje så lenge før det seig på for oss og Jorunn kunne gå i bubilen og gjera seg klar til å køya, medan eg…

….luska meg mot min ringe bolig for natta… 😉

Det var faktisk aller fyrste gang i telt i 2017! Og aller fyrste gang dette Europristeltet (kjøpt på impuls) skulle takast i bruk. Det er jo mykje større og høgare enn Bergansteltet vårt, så eg er veldig nøgd med plassen i allefall 🙂

Sjå kor stor plass – kan jo nesten ikkje sjå enden 😉

Og sååååå nøgd når eg våkna! Ja, for det er faktisk ikkja alltid eg våknar etter ei natt i telt! Om eg likar å telta aldri så mykje, så plar eg ikkje få til å sova… Men no sov eg meir eller mindre heile natta 🙂

Det skulle no berre mangla at eg ikkje fekk sova, slik som eg hadde rigga meg til. Nederst på teltbotn hadde eg eit strandpledd, så reinsdyrskinn, deretter liggjeunderlag, så sovepose, og tilslutt dyna 🙂 Såpass må det vera – vi køyrte tross alt bubil, og der er det jo plass til det meste i bagasjerommet…

Har dåke sett alle Instagrambileta med utsikt i frå teltopningar – ofte med soloppgang/solnedgang? Eg kunne jo ikkje vera verre, så dette våkna eg…

…til 😉

Jasså, var det slik det såg ut på «campingplassen» vår 🙂

Men, man skal ikke skue hunden på hårene….

…. vad sier ni nu? Var det ikkje flott? Ha, ikkje alle så vaknar på ein så flott campingplass! Og ikkje minst – sjeldan kost i sommar – strålande sommarver!!!

No ville vi jo gjerne bruka dagen på å gå ein tur, og medan vi venta på beskjed om vi fekk fleire med oss…

naut vi ein betre…

…frukost innomhus 🙂

Det vart etterkvart avklara at det berre var vi to som kom til å gå tur. Jorunn byrja peika bak oss og snakka om Hardingaskaret. Eg må ha hatt dogg på kontaktlinsene, for eg kikka rett opp ei steinrøys ovanfor Folgefonntunnelen og tenkte, «kvifor ikkje?».

Heldigvis, får vi vel seia, kom gårdseigaren innom oss og fekk oss på betre tankar. Han såg vel på desse to, middelaldrande, ein smule lubne (unnskyld, Jorunn) damene som, i dette tilfellet i allefall, totalt mangla sjølvinnsikt, og tenkte at dette kjem ikkje til å gå bra… Og så foreslo han at istadenfor å gå opp Hardingaskaret så kunne vi gå mot høgre og gå opp Lonelia til Mysevatnet. Det var ein fin tur – og ikkje fullt så bratt.

Det syntes vi var ein god ide 🙂 Og snart så…

….var vi på veg…

…mot Folgefonntunnelen og turstart. Her peikar Jorunn mot Hardingaskaret. Det var nok greit at vi hadde slått det i frå oss…

Eg må seia at eg aldri i min villaste fantasi har tenkt på at det går tursti opp fjellet langs og over Folgefonntunnelen, men det gjere det altså.

Kva står det her, mon tru???

Mysevatnet, ja 😉

Det går faktisk ein fin, koseleg, gamal veg opp her 🙂

Her gjekk dei faktisk opp, over Fonna og ned til Odda i gamle dagar. Vi hadde ikkje tenkt oss så langt….

Så kom vi til fyrste skilt….

…. og så eit til. Men denne brekka var ikkje så veldig tung, altså 🙂

Vi svinga oss oppover…

….og fann eit skilt til.

Så lenge vi gjekk på skogsvegen så var det ikkje så nøye kor godt merka det var, men det var veldig kjekt å finna alle desse skilta på veg oppover.

Ein anna ting som var kjekt…

….var å etterkvart kunne snu seg og sjå dette 🙂

Fint, eller?

Kabelsurdane! Uff, litt pinleg dette her. Ingen av oss visste kva «Surdane» betydde…. Dette diskuterte vi både på opp og ned. Faktisk så undra vi oss så mykje at då vi traff gårdseigaren igjen etter endt tur, måtte vi spørja han kva «Surdane» var for noko? Han kunne jo ikkja anna enn le av oss: «Kabels urane??» Det var jo så innlysande at eg skjønar ikkje kvifor ingen av oss hadde lest namnet slik. Ja, ja, vi fekk oss ein god latter. Til vår unnskyldning må vi seia at vi aldri har kalla ei ur for urd 🙂

Her er det siste skiltet vi traff på. Omtrent i dette området trur eg at stien opp til Hardingaskaret byrjar. Det er ikkje skilta eller merka, såvidt vi kunne sjå. Det er ikkje sikkert ein vil at folk skal gå opp der, forståeleg nok.

Vi fortsatte på skogsvegen, som no vart litt meir igjengrodd. Og eg veit ikkje korleis det gjekk til, men ein eller anna plass skilte dei raude T-ane og dei oransje prikkane (som vi fulgte) lag. Vi tenkte ikkje over dette før vi kom ned att og gårdeigaren ikkje skjøna kor vi hadde gått – vi skulle jo ha gått over ei bru over elva. Vi må vel oppatt eingong og sjå kor vi bomma på den.

Fin ny teltplass fann vi på vegen. Men då må Jorunn og i telt att – kan ikkje køyra bubil opp her 🙂

Vi kom jo til ei «bru» vi og. Den dansa vi over lett som ein plett – hinka over, faktisk!

Mor og far kan slappa heilt av – vi våga oss sjølvsagt ikkje lenger enn 20cm ut på dei stokkane. Det var mykje lenger ned i juvet enn det ser ut på dette biletet!

Heldigvis gjekk stien litt lenger oppover til ein plass vi kunne gå rett over elva utan å risikera livet 🙂 Her hadde vi ei lita drikke- og sjokoladepause for no hadde vi brukt for energi. No skulle vi nemleg opp Lonelia. Det har nok vore ein veg opp her for lenge sidan – det var denne vegen lokalbefolkninga brukte då dei slutta å gå opp Hardingaskaret når dei skulle til Odda.

Men no var vegen meir eller mindre vekke og stien ikkje særleg synleg. Men det var godt merka oppover med oransje prikkar og no fann vi att dei raude T-ane og. Enkelte stader kunne vi likevel enda sjå tydeleg at det hadde vore veg oppover her. Og om dei hadde klart å restaurera denne eingong, trur eg at eg hadde syntes at det var finare å gå her enn opp vegen til Gardshammar.

Ein liten pust i bakken medan eg skuar bort mot Hardingaskaret.

Utsikt ned dalen igjen.

Sjølv om det var bratt, syntes vi det gjekk fint med oss oppover. Det var glatt, mykje gras, mykje stein og litt vanskeleg å sjå om vi trødde på stein eller i eit hol, så det var sånn sett ikkje den enklaste plassen å gå. Vi hadde jo i utgangspunktet ikkje tenkt oss på ein slik tur då vi tok ut på bubilturen, så Jorunn hadde berre joggsko på – og det var ikkje heilt rett skotøy opp her. Eg, derimot, hadde sjølvsagt fjellsko på. Eg hadde jo og sekk og matboksar med. (Det var jo tross alt god plass i bagasjerommet på bubilen 😉 Stavar mangla vi begge to – det hadde vore greit å ha med seg her.

Så, då vi kom hit…

…fann vi ut at det var langt nok for denne gang 🙂 Vi skulle jo ned att og.

Piken i lyngen 😉

Vi kosa oss med nista vår her medan vi skua nedover lia og over mot Hardingaskaret 🙂

Vi grua oss litt til returen nedatt. Men vi tok det med ro, og då gjekk det eigentleg mykje betre enn vi hadde sett for oss. Dvs. det gjekk veldig bra inntil vi var nesten heilt nede til elva igjen. Eg hadde ikkje før sagt at «dette gjekk jo veldig bra», så trakka fyrst eg ned i eit gjørmehol til over fjellskoen. Eg hadde ikkje før fått opp foten før Jorunn snubla or ramla på ræv. Då eg såg at ho lo så ho grein og lena seg lenger og lenger bakover mot ei høg tistel, tok eg i å gaula «ikkje bakover, ikkje bakover!». Eg har aldri sett nokon spretta så raskt opp nokon gong, trur eg 🙂 Ho trudde jo det var eit uhyre bak ho….Så snubla vi oss igrunnen bort til elva.

Her ville vi ha ei pause til…

Det var veldig fint her 🙂

Så sat vi her og åt litt sjokolade og skraut enda meir over kor fin tur vi hadde hatt. Brått sa det «svupp»…

….og der bada mobilen til Jorunn! Hadde det vore min, hadde jo eg stupt med hovudet fyrst etter, medan Jorunn sat stille og åt sjokoladen sin og sa heilt roleg: «Den er vanntett».

Eg trur likevel ho var litt spent på om den framleis virka når ho fekk tak i den igjen – og det gjorde den 🙂

No hadde vi hatt så mange uhell, riktig nok små, etter å ha slått fast kor bra turen hadde vore, at vi la ned forbud mot å skryta meir før vi kom ned til campingen vår igjen 😉 Det haldt ei lita stund, men det er gysla vanskeleg å ikkje skryta når ein er så nøgde – kva skal vi snakka om då, liksom?

Fin rasteplass før siste etappe ned til campingen igjen 🙂

Eg veit ikkje kva det var Jorunn surra med, men ho hadde for seg noko med å treffa både uhyre og monster på tur både når vi gjekk oppover og nedover. Og ikkje veit eg om ho har synske emner, men…

…trur dåke ikkje ho fekk rett???? Denne kjekke karen gjekk vi rett på når vi kom nedatt til hovudvegen!

Det var to veldig blide damer som landa i solstolane igjen etter endt tur. Om vi ikkje kom heilt opp til Mysevatnet, så var vi likevel veldig nøgd med turen. Kanskje vi kan gå lenger neste gang?

Vi hadde i utgangspunktet tenkt av vi kanskje skulle vera på tur til søndag, men no var vi skjønt einige om at det eigentleg var heilt ok å pakka saman og reisa heimatt. Greit å gje seg på topp 🙂 Vi kan vera lenger på tur ein anna gang når vi har planlagt litt meir.

Så då pakka vi saman telt og bubil og lag i veg…

…heimover att 🙂

Dette må vi vel seia at var ein vellukka bubilsprett 🙂 Vi håpar jo at vi kan få med dei andre tøttene på neste tur. Det er berre eit problem – kor skal dei ha bagasjen sin så lenge eg er med??? 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.