Foreldrelufting!

I går ville mor og far luftast i Blådalen, så då vart det slik 🙂 

Sidan ingen av dei hadde vore til endes på vegen til Vetrhus tidlegare, fann eg ut at det var ein passeleg stad å ta dei med til.

Her går det sti til Eikemo, men ein drøy tur kunne vi ikkje leggja ut på.

Men eit lite stykke på stien kunne vi jo gå 🙂

Her skal ein ikkje gå mange metrane før naturen visar seg frå si beste side 🙂 Dei som føl med på Bobla kjenner med ein gong att staden på andre sida av vatnet – det var der Ann Irene og eg var på oppdagelses ferd for ikkje så lenge sida.

Her er det fint og lett å gå.

Her likte han far seg så godt at han til og med tykte sauebjellene var som den finaste musikk 😉

Mor og turvenene hennar har vore i dei fleste krikar og krokar i kommunen, men her hadde ho ikkje vore før 🙂

Kaffi- og….

…kakepause 🙂

Ytterst på den nøgne ø, sitter det en ensom mø – ja, eller noko slikt 😉

Mor var både høgt og lågt!

Vi kosa oss her i sola ei god stund før vi…

…returnerte til bilen.

På veg tilbake stoppa vi på toppen av vegen opp til Vetrhus for å få eit overblikk over dalen. Medan eg sprang og tok bileter av…

….Brandvikvatnet…

….og Blådalsdemningen…

….fann far seg nye vener 🙂

Vi var ikkje heilt ferdige med turen enda. Vi måtte svippa oppom Blådalsdemningen ein tur før vi kunne køyra heim att.

Det er ganskje nedtappa vatn på denne tida. Eg har aldri stoppa her før, så eg var ikkje klar over at ein herifrå ser rett inn på Blådalshytta 🙂 Det er ikkje så lett å få auga på ho på dette biletet, men ho er der – i fjellsida i andre enden av vatnet 🙂

No var mor og far nøgd med lufteturen sin for denne gang, så då kunne vi køyra heim att.

Dette var ein fin søndagstur 🙂 Det er jo så flott i Blådalen at det er eit turområde det er umogleg å gå lei 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.