2.-10. september er Friluftslivets uke og den starta med sove-ute-aksjonen #nattinaturen 2.september. Det måtte vi jo sjølvsagt vera med på 🙂
Det er ei stund sidan vi bestemte at leiren vår måtte bli ved Brandvikvatnet i Blådalen. Magnhild ville tjuvstarta litt og slå opp lavvoen sin allereie torsdag kveld, slik at den var klar og ho og småjentene kunne overnatta fredag til laurdag fyrst. Eg tenkte eg kunne forbereda litt eg og, så eg fylte sekken min med ved og slo fylgje.
Så var det dette med kva ein må huska å pakka med seg og ikkje….
…..så nøgd ser ein f.eks ut når ein skal setja opp lavvo – utan stang og teltpluggar 😉
Ja, ja, det var ikkje anna å gjera enn å leggja lavvoen igjen under eit tre og slengja vedsekken oppå 🙂 Lavvoen var no i allefall på plass, om den ikke var komen opp. Eg antok ho huska å ta med the missing links når ho skulle opp neste kveld 🙂
Lørdag kom, og sidan det var slikt eit strålande haustver hadde eg tenkt å få pakka sakene mine og koma meg avgårde ganske tidleg på dag. Vi hadde og sånn halvvegs planlagt å gå tur før kvelden kom.
Trippa ned i kjellaren for å henta gass til stormkjøkenet og oppdagar dette….
Nei, svarte fa……!!!!
Då er det godt at ein har….
…røyrleggjar m/assistent i slekta 🙂
Pottetette røyr som onkel fekk opna såpass at eg kan bruka vask, dusj og toalett igjen, men vi må nok få nokon til å køyra eit kamera gjennom røyra for å sjå om det kun er skit som tettar til eller om det er brudd på røyr ein plass. Koseleg – akkurat det eg hadde lyst å bekymra meg for og bruka tida mi på no….
Så der gjekk planane mine om å koma meg avgårde tidleg i vasken, og det vart ettermiddag før eg endeleg fekk pakka…
….sekken min! Og eg var så stolt – eg syntes (sjølv i allefall) at eg hadde klart å pakka så kompakt og smart som aldri før 🙂 Teltet la eg forøvrig igjen i bilen då eg parkerte ved Brandvikvatnet iom at eg då hadde ein følelse av at vi berre kom til å bli to damer på tur – noko eg fekk rett i 😉 Det hadde sett litt for gale ut om eg skulle slått opp telt ved sida av Magnhild sin 6-8 manns lavvo når vi berre vart to stykker….
Og endeleg kunne eg vandra inn til leirplassen! Magnhild var allereie på plass og var velkomstkomiteen 🙂
Lavvoen hadde ho fått opp – noko anna hadde eg jo ikkje forventa iom at ho allerie hadde tilbrakt ei natt her 🙂
Slik ein vakker kveld – ikkje eit vindpust 🙂
Sola var allereie gått ned i leiren vår når eg ankom, men det var frameleis sol lengst i enden, så eg tok meg ein liten rusletur for å ta litt bileter. Her kjem difor ein overdose med kveldsbileter av Brandvikvatnet:
Men omsider var det vel på tide å luska seg tilbake til leiren igjen 🙂
Eg måtte hoppa over vårt provisoriske kjøleskap på vegen 😉
Bålkos 🙂 Tru meg – det kjem fleire bålbileter….
Magnhild prøvde fiskelukka – utan hell….
Men så, så skjedde det noko. No skulle leiren vår etterkvart bli reine arbeidsleiren! Magnhild kan sitja ein heil kveld å spikka med kniv på pinnar, men at eg skulle dra opp tursaga mi (som eg trua guten til å kjøpa til meg til jul i fjor) – nei, den såg ho ikkje koma!
Vi hadde jo ikkje så veldig mykje ved igjen hvis den skulle vara heile kvelden, så ho vart sjølvsagt mektig imponert då eg tok saga av nokre fine greiner til oss og la på bålet. Ho måtte jo sjølvsagt få låna saga å prøva ho óg. Det gjekk fint inntil:
«Eg kan vel saga ned det treet der?»
«Nei, no får du ta det litt med ro – vi kan ikkje byrja saga ned trea rundt oss!»
«Kan vi ikkje, vi må jo overleva??!!»
«Bilane våre står nett bakom haugen der borte….»
«Åja……»
Ja, nei, så noko tre fekk ho ikkje gå laus på 🙂 Men så var det min tur å finna meir å saga på. Dette var dessutan ypparleg trim – vi haldt i allefall varmen (sjølv om det ikkje var så kaldt i utgangspunktet).
Eg tok eit sveip ovanfor leiren, og kva fann eg der? Eit tre som hadde avgått med døden på naturleg måte og berre venta på at eg skulle koma å dra det med meg 🙂 Dette må vera innanfor, tenkte eg, og drog med meg heile stasen ned i leiren.
Dåke kan skjøna at dette vart mat for Mons….
….og saga fekk bein å gå på!
Og sånn haldt vi bålet igang. Eg ser jo at dette biletet må vera tatt før eg kom drassande på treet mitt iom at det berre ligg småkvister på bålet her 🙂
Men no hadde vi fått blod på tann, og dess oftare vi var i kjøleskapet, dess tøffare vart vi…. Hvis det låg eit tre på bakken, så låg det kanskje fleire rundt omkring?? Ut på jakt med oss….
……mørkt var det blitt…
….men fangst fekk vi, og byttet vart slept med heim til leiren. He-he 🙂
Vi bytta på parteringa etterkvart så vi gjekk varme 🙂
Og bålet varma sjølvsagt ekstra godt når vi hadde jobba for veden 😉
Så sat vi der å følte oss som ekte barn av naturen. Vi treng jo ikkje ta med hverken telt, ved eller anna vi no for å overleva ute i skauen – alt vi treng er ei sag! Det høyrtes i allefall sånn ut i går kveld… «Aha», utbrøyt Magnhild – «vi kan gå til Fonnabu utan stor og tung sekk!» «Øh…», svara eg,»eg trur kanskje vi er over tregrensa då…» «Ja, det er jo sant….»…og sånn gjekk kvelden.
Klokka vart ikkje så altfor mykje før vi fann ut det var på tide å krypa inn i lavvoen og soveposane våre. Soveposane i fleirtal for meg og eintal for Magnhild. Ja, for strengt tatt så kunne eg ha gjort meg klar ein halvtime før Magnhild 😉 Svup sa det, så var ho klar i soveposen. Eg, eg måtte kle meg om…. Ulltøy innerst, eit par ullsokkar med laaaaaaaange heimastrikka sokkar utanpå, så ei tjukk, god bukse og så ein tjukk ullgenser. Så hadde eg reinsdyrskinn nederst, liggjeunderlag oppå det – og så kraup eg oppi sommarsoveposen min og tilslutt skulle alt dette oppi den store soveposen. Når eg endeleg hadde kroa meg til var alt Magnhild høyrte innante kokongen ved sida av ho nokon som peip, «Søren, eg gløymte å ta på lakenposen….»
Magnhild sovna, som vanleg, ganske momentant. Og, ho låg i same stilling HEILE natta! Eg låg, som vanleg, å vrei og vridde på meg og fekk ikkje sova. På toppen av alt så måtte eg, som vanleg, snøra meg uta av alt eg hadde vikla meg inn i å ta ein tur ut å tissa i løpet av natta. Men når det var gjort, så må eg ha sovna. Eg ligg i allefall ikkje i våken tilstand og fantaserar om at det sit ein svær, svartbjørn, midt i vegen i Herøysund! Men det hadde eg for meg i natt…. Og Herøysundingane fekk jo ikkje med seg kor den vart av, så då vart det bjørnejakt gjennom heile Kvinnherad – og eg var med….Eg kan ikkje huska at det vart ei ende på jakta, eg må ha vakna før den tid 🙂 «Smart, Anita – her ligg du i lavvo langt inni Blådalen og drøymer at det er ein laus bjørn i fjellet!»
Eg må ha duppa av igjen, for brått var det morgon. Eg var stiv som ein stokk og måtte ta litt morgon gymanstikk før eg i det heile tatt kunne koma meg utav bolet mitt. Når eg skulle ta fatt på det, var det ikkje ein glidelås som befann seg på same side som då eg la meg…
Eg kom meg omsider laus….
….og kunne kikka ut! Åhhh, lykke, det såg ut til å bli nok ein strålande dag 🙂
Gamal og stiv som eg er blitt, måtte eg ta meg ein tur langs vatnet for å tøya ut kroppen.
….tannpussjølfie 😉
Eg hadde ikkje så lyst å vekka Magnhild, men….»Magnhild – veit du kor saga vart av???» Vi måtte jo få fyr på bålet og vi vart ikkje ferdig med å partera den siste fangsten i går kveld….
Heretter går eg under namnet A. Timber Enæs 🙂
Så var det berre til å venta på at sola skulle koma….
….eg fekk fyr altså!
Ikkje noko knussel – eg kunne by å speilegg til frokost 🙂
Og sjå der, ja, der kom sola!
Ingen av oss hadde det travelt med å pakka å koma oss heim, så då gjekk vi på oppdagelsesferd.
Sjå kor flott! Definitivt ein ny teltplass 🙂
Saufie…..
….kanskje denne vart betre??? 🙂
Snart kunne vi kikka bort på leiren vår i frå denne vinkelen.
Dette var ein kjekk oppdagelsestur! Vi fann så mange fine, nye teltplassar at eg trur vi må ta for oss den eine etter den andre Brandvikvatnet rundt 🙂 Men vi er nok ikkje dei einaste som trives her – det var gruer etter bålbrenning både her og der.
Vel tilbake i leiren, var det berre til å slappa av ved bålet. Det var jo ikkje snakk om å gå heim før vi hadde brent opp veden vi hadde arbeida så hardt for 🙂
Men alt har ein ende og til slutt fekk vi byrja pakka saman for denne gang.
Ferdigpakka og klar for avgang.
Korleis ho fekk med seg alt, er meg ei gåte. «Kan du hjelpa meg å ta tak i sekken så eg får den på ryggen?» «Ehhh…kor er eigentleg sekken din???….»
Ugh, ugh – indianarane kjem – ingen kan i allefall ta i frå meg at eg ikkje syner igjen i naturen…
Snipp, snapp, snute, så var denne #nattinaturen ute 🙂 Eg håpar no på ein flott haust slik at vi skal få til enda nokre teltturar før det vert for kaldt for meg…