Suppekveld!

Høsten traff meg med eit smell – som vanleg 🙂 Brått var det mørkt når eg står opp og tid for å tenna lys om kvelden. No har eg surmumla over det ei vekes tid, det får vera nok for denne gang. Høsten er jo eigentleg ei koseleg tid, og om det blir tidleg mørkt, så går det an å finna på andre ting enn å springja på lange fjellturar etter jobb. Ein kan f.eks invitera på Suppekvelds 🙂

Forrige lørdag var damene på ein liten shoppingtur som vart avslutta med kafebesøk i Galleri Guddal. Der fekk vi servert ei kjempegod suppe 🙂 Det slo oss då at vi eigentleg er altfor dårleg på å laga supper – vi burde laga til suppekvelder og øva oss på dette.

Og som sagt, så gjort. Eg meldte meg frivillig til å halda den fyrste suppekvelden, og den hadde vi allereie i går.

Eg har vel eigentelg berre to supper eg lagar i kvardagen – tomatsuppe og betasuppe. Det syntes eg vart for puslete og kjedeleg å servera på ein suppekveld. Så, her måtte det googlast etter ei ny oppskrift.

Det eg enda opp med….

….var ei oppskrift på Persillerot- og hasselnøttsuppe 🙂

Aldri har eg hatt nøtter i ei suppe før, og no har eg, i ein alder av 47, for fyrste gang vore på butikken og kjøpt persillerot!

Og, det må eg seia – suppa vart ganske god den 🙂 Den vart servert med ein liten (?) kremfløyteklatt, steikt spekeskinke, olivenolje og nybakt brød (får Toropose – hadde ikkje tid til noko anna)

Gjestene mine let vel og, og dei forsynte seg fleire ganger 🙂 Så denne fyrste suppekvelden vår, synes eg var vellukka. No blir det spanande og sjå kva som blir servert på den neste 🙂

Oppskrifta på Persillerot- og hasselnøttsuppa fann eg her: Persillerot og hasselnøtt suppe

Dei siste dagane har eg jo fått med meg at hos dei meir profilerte bloggarane så er det visst heilt naturleg å både snekra og kokkelera i bare nettoen, så til slutt i dette innlegget vil eg berre forsikra alle som har vore gjester hos meg, og alle som kjem til å vera gjester hos meg, om at….

…..her i huset er ALLTID kokken fullt påkledd under matlaginga. Ikkje nødvendigvis fordi eg er så blyg av meg, men eg synes det er tryggast – det hadde vore ytters pinleg å måtta oppsøka hos Dr. Torjussen  og fått diagnosen «Skolda mus….»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.