Ingen tente på forslaget mitt….

….om å gå til Fonnabu og overnatta der i helga – dei syntes vel eg var for ambisiøs 😉 Som plaster på såret inviterte Jorunn meg med på bobil/telt (ho bobil og eg telt 🙂 tur i Blådalen 🙂 Og det er jo slett ikkje noko dårleg plaster 🙂

Vi var ein rekognoseringstur fredagskveld for å sjå kor vi skulle vera lørdag til søndag. Blandt anna var vi oppom Vetrhus…

Nydeleg kveld i fjellet!

Men det var ikkje her vi fann ut vi skulle vera. Nei, vi køyrte ned att og litt lenger inn i dalen før vi fann plassen vår. Her lempa vi litt ved utav bilen og avtalte møtetid på lørdag.

Jorunn hadde avtale om å padla på Møsevatnet etter jobb på lørdag, så vi skulle ikkje møtast før utpå kvelden. Eg køyrte opp og tenkte eg skulle få opp teltet mitt før ho kom tilbake frå padleturen. Men….

….ein eller annan (eg lurer på kven) hadde rygga bobilen sin inn akkurat der teltet skulle stå…

Då tok eg meg heller ein spasertur i området og fotograferte litt…

Her skulle vi bu 🙂 Ikkje så veldig langt vekk i frå allfarveg, altså 😉

Skulle Jorunn og Svein Vidar lengta tilbake til det enkle teltlivet nokon gong, kan dei få kjøpa dette biletet til å bruka i salgsannonsa til bobilen 😉

Etter spaserturen fann eg ut eg fekk jobba litt…

…og raska i hop ei grua – mi fyrste nokon gong, trur eg. Eg plar jo alltid ha med meg fyrmeister Ann Irene når vi skal tenna bål, så desse greiene her plar eg ikkje rota meg borti 🙂

Omsider dukka padlaren opp og flytta bilen sin, så då kunne eg…

….nøgd setja opp teltet mitt 🙂

Jorunn vart kjempenøgd med grua mi. Eg fekk så mykje skryt som eg aldri har fått før 🙂 Ho må ha sett noko anna enn meg, men tilslutt hadde ho nesten overtydd meg om at eg hadde bygd noko på same nivå som Eiffeltårnet eller St. Peters kyrkja 😉

Det tok ikkje lang tid før ho hadde fyrt opp eit bål 🙂

Teltet var oppe og det var fyr på bålet, så då kunne vi bare sitja ned og slappa av og kosa oss i Camp Kaos 🙂 Eller??? Ingen av oss hadde tenkt på å ta med grillpinnar!! Men, eg hadde jo sjølvsagt med sag….

Den var det så vidt eg fekk lov å bruka. Det bugna ikkje med tre rundt oss og dei få som var der stod utforbi ei høg og bratt skråning. Men vi måtte jo ha grillpinnar og etter å ha lova å vera forsiktig, fekk eg lov til å…

….slå meg laus….

…i den eine bjørka 🙂

Og vips så hadde eg fiksa grillpinnar 🙂

Det er noko magisk med eit slik bål…

…..det er null problem å bruka timar på å ….

….stirra inn i flammane og pirka i bålet med ein pinne 😉

Det var ein fantastisk flott kveld i fjellet! Vi sat ute og kosa oss rundt bålet med god mat og drikke til langt på natt. Ja, eg trur klokka vart borti 0200 før vi fann ut av vi fekk gå kvar til oss i bobil og telt.

Neste morgon vakna eg i 0800 tida, tenkjer eg.

Kanskje ikkje den vakraste utsikta å sjå rett i ein stein, men det var no denne utsikta eg hadde.

Eg tusla meg ein liten morgontur før eg gjekk tilbake til campen og vekte murmeldyret i bobilen.

Ahhhh, det såg ut som om det skulle bli nok ein vakker dag i fjellet 🙂

Kvifor ser du så betutta ut? Renn ikkje kaffien fort nok nedi kanna??

Kokken i arbeid med frukosten 🙂

Men altså, her vart det ein strafferunde inn på kjøkenet att! Vi et ikkje rå bacon!

Sånn ja, no såg det betre ut 🙂 (Såg nesten litt pornografisk ut dette her…)

Eg var nøgd….

…og kokken kunne pusta letta ut og innta frukosten 🙂

Hmm….vi var jo utan dekning og tilgang på nyheiter, så det er ikkje godt å seia kva Kim har funnet på – men på Vetrhus? Det må ha vore ei feilnavigering…

Etter frukost bestemte vi oss for at vi ville gå ein tur. Vi køyrte litt lenger innover i dalen for å sjå om vi fann ein plass vi ville gå.

Sjå på Blådalsvatnet! Vanvittig flotte fargar!

Og Midtbotavatnet! Søren óg – skulle hatt med kajakken!

Men det var ikkje her vi enda opp med å gå tur. Vi enda opp med å køyra opp til Møsevatnet og gå tur langs venstre side. Her har eg kun gått litt bortover eingang før, medan Jorunn kun har padla på vatnet før og aldri gått tur her.

Jorunn, heilt øvegidd over synet mot Møsebreen 😉

Tenk at dette finnes nesten rett utanfor stovedøra våres! Eg anbefaler absolutt alle til å ta turen opp hit!

Ser dåke padlarane? Dei må ha hatt ein utruleg flott tur i dag 🙂

Og sånn får dei gamle ut litt energi 😉

Måtte innta litt turmiks for å klara det hoppet 😉

Vi gjekk litt tilbake og fann oss ein plass vi kunne eta nista våres.

Vi hadde ikkje meir enn satt oss ned med ryggen mot brea før vi høyrte ei høg romling. Vi såg litt på kvarandre – torden??? «Å nei!» ropa Jorunn og fauk opp raskare enn eg nokon gong har sett. «Å nei, Anita – brea kalva og vi gjekk glipp av det!» Eg kava meg opp til ho, og sanneleg hadde ho rett. Ein stor bit av brea låg no i tusen bitar og duppa i vatnet. Det var no så svarte at vi hadde gått glipp av det – det hadde vore kjekt å sjå. Men det viser at ein skal ha respekt for isbrea og i allefall ikkje padla for nære. Ja, ja, det er vel ikkje siste gang vi er her, så kanskje vi har betre lukke neste gang og får med oss ei kalving då 🙂

Vi var ikkje aleina her oppe i dag, det var meir eller mindre fullt på parkeringsplassen.

Tilbake til bilen byjra det faktist å regna – ei skikkeleg bye. Då var det berre til å koma seg tilbake til campen og få rydda i bilane det som stod igjen der, og så køyra på heim.

Ja, det var nok ein flott overnattingstur i fjellet. No har eg sove i telt i 3 av dei siste 4 helgane, og eg håpar eg skal rekka nokre teltturar til før det blir for kaldt. Så lenge vi køyrer det vi skal campa og eg kan ha med ørten underlag, soveposar og termodyne, skal eg nok klara å halda meg varm ei stund til enda 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.