Ja, nei, kva skal ein seia? No kan eg visst snart melda adresseendring til Blådalen 🙂 Ein skulle vel kanskje tru at eg trong ei pause etter helgas overnattingstur, men nei, i går var det på an» igjen – denne gang var vi på padletur 🙂
Det er veldig fint oppe på Vetrhus, men vi hadde igrunnen ikkje noko spesielle forhåpningar til at det skulle vera særleg spanande å padla på vatnet der. Men vi hadde bestemt oss for at der skulle vi padla – sånn berre for å ha gjort det 🙂
I den enden av vatnet ein kjem opp til når ein har køyrt opp vegen til Vetrhus, ser det nesten litt skjærgårdsaktig ut med holmer og skjær. Vi såg for oss at det var her det kom til å bli kjekkast å padla. Men her fann vi, heldigvis, ikkje nokon plass det passa å få kajakkane utpå vatnet. Vi køyrte difor heilt til endes på vegen – og der gjekk det fint an å sjøsetja.
Det blas ein iskald vind då vi steig utav bilane. «Uff, om Jorunn seier vi avlyser og tar det ein anna dag, er eg med på det», tenkte eg. «Uff, om Anita seier vi avlyser og tar det ein anna dag, er eg med på det», tenkte Jorunn. Men sidan ingan av oss sa noko høgt, vart det til at vi pakka på oss det vi hadde av klær som passa under redningsvestane og la i frå land 🙂
Vi trudde jo no at vi skulle peisa full fart over til andre enden av vatnet, men sidan det var litt ruskete så byrja vi padla langs land. Og her kjem den «heldigvisen» ovanfor inn – for her var det overraskande flott, fint og kjekt å padla!
Men det var framleis kaldt – sjå kor godt Jorunn har pakka seg inn 🙂
Spanande – kjem vi igjennom her??
Hmmmm….
….jepp – det gjekk fint 🙂
Jorunn i sivet 😉
Vi har vel aldri vore hverken i Kina eller Thailand nokon av oss, men vi innbilla oss nesten at vi glei gjennom rismarkene…
Her var det kjekt å padla – eg trur ikkje vatnet var djupare en knappe 30cm, men vi glei fint igjennom.
Vi måtte fylgja med kor vi padla heile tida uansett om vi befann oss langs land eller midt på vatnet. Her var det nemleg djupt og grunt om ein annan, og det kunne plutseleg liggja ein stein i vegen.
Yohoo – dette var kjekt! (Tøff i trynet her – eg står fast på ein stein 😉 )
Vi var over oss av begeistring over kor flott det var på denne sida av vatnet – heilt uventa! Vi fann både framtidig telt- og bålplass på land 🙂
På veg mot den andre sida av vatnet – i solnedgang 🙂
Kjempenøgd med kveldens padling så langt 🙂
Magisk solnedgang 🙂
Brått gjekk det opp for oss at det var blitt heilt vindstille og vatnet låg nesten blikkstille! No var vi glade for at ingen av oss hadde sagt høgt at vi ville avlysa turen!
Kjem ikke skikkeleg fram på biletet, men det var ein nydeleg farge på lyngen bak Jorunn her.
«Dei eg glad i å fotografera kvarandre, dei to der!» Jada, det vart sikkert tatt like mange bileter som padletak…..
Sjå kor stille det var når vi kom heilt til endes på vatnet!
No var vi komen i den enden av vatnet vi trudde skulle vera kjekkast og finast, men eg trur vi vart så begeistra og overraska over det vi opplevde i andre enden, at denne enden ikkje heilt klarte å leva opp til forventingane. Det var sjølvsagt fint her og, men vi likte oss absolutt best i andre enden.
He-he, her har ho køyrt seg fast på langs 🙂
To gode vener, den Lille Gule og den Grønne Skjønne 🙂
Etterkvart byrja det å bli mørkt og vi måtte tenkja på å koma oss på land att. Jorunn hadde kome rett i frå jobb og hadde ikkje hatt tid til middag, så ho var sikkert litt svolten og. Vi hadde jo planlagt å ta kveldsmaten i fjellet og, og kor trur dåke vi skulle eta den??
Sjølvsagt – den flotte grua mi måtte takast i bruk 🙂
Og kven trur dåke måtte spikka nye grillpinnar?
Så så sat vi her igjen og kikka inni flammene medan vi grilla kvar vår pølse 🙂 Vi bør jo snart bli sponsa av Gilde no 😉
Og så, rosina i pølsa – nesten bokstaveleg tala….
….dessert på bål!
Eg syntes eg hadde forsømt meg litt i helga – eg hadde jo ikkje hatt med meg noko spanande i pikkpakket mitt, difor måtte eg overraska Jorunn med dessert i går kveld. Så enkelt og så godt – blanda saman epler, rosiner, hakka mandlar, hakka hasselnøtter og daimkuler (skulle vore sjokolade plettar, men det fann eg ikkje. Heldigvis, for daimkule satt som ei kula og skal frå no av alltid brukast 🙂 ). Så var det berre til å blanda det godt, varma det på bålet….
…..og så servera det med vaniljesaus 🙂 Mmmmmm….vi køyrte ikkje svoltne heim i går kveld 😉
Det var padleturen sin det! Mykje kjekkare og flottare enn forventa og eg har rett og slett fått meg ein ny favorittpadleplass! Det er absolutt ikkje siste gang vi padlar på Vetrhus 🙂