I går glimra sola stort sett med sitt fråver, så då vart dagen brukt til å måla lister og sitja med nasen i ei bok. Men om kvelden pakka eg kjølebagen og plukka opp Ann Irene og Heidi – vi hadde bestemt oss for å ta kveldsmaten ved Møsevatnet.
For Heidi, som ikkje har vore opp Omvikdalen før i det heile tatt, så vart jo nesten heile turen ei heilt ny oppleving. Eg trur ho lurte litt på om vi skulle koma oss opp den siste biten til vatnet – det er jo fæla bratt. Eg må vel vedgå at eg og lurer på det same kvar gong eg køyrer opp dit, medan eg kryssar fingrane for at vi ikkje skal møta nokon bil på veg ned…
Men opp kom vi sjølvsagt – og der låg brea lika fin som alltid, men kanskje litt meir snøfattig enn eg har sett ho før.
Vanlegvis når vi går tur her oppe, så tar vi vegen langs demninga og stien mot Svelgjabreen. I går skulle vi ikkje gå så langt, berre finna oss ein fin plass kor vi kunne laga kveldsmat og kikka på brea. Vi valgte difor å fylgja ein sti på venstre side av vatnet.
Eg har aldri gått på denne sida av vatnet før, men det har tydelegvis mange andre. Det var stiar både her og der, og ein ser mange slike små steinvardar bortover.
Snart fekk vi betre utsyn mot brea.
Ganske flott? Men sjå kor lite snø ho ber i år.
Omsider fann vi ein plass vi tykte passa fint å slå leir.
Her ville vi byggja og her skulle vi bu 🙂
Ann Irene hadde med den nye gapahuken sin, så den måtte ho sjølvsagt slå opp. Det skulle visa ser å vera eit smart trekk..
Såg ikkje dette idyllisk ut?? Denne kvelden stod semulegraut på menyen.
Og medan Ann Irene rørte i gryta, trakk Heidi og eg oss inn i Gapahuken.
Det tok ikkje langt tid før vi måtte krøka oss saman og laga plass til Ann Irene og. Akkurat idet grauten var ferdig byrja det å regna. Og når det fyrst byrja å regna, ja, då byrja det å regna skikkeleg. Og vi hadde satt gapahuken feil veg i forhold til ver og vind… Vi ville jo sitja å sjå mot brea, men det var jo derifrå uveret kom og. Så før ho kunne krypa inn til oss, måtte Ann Irene improvisera med tarpen min og laga vegg til oss ved inngongen. Gapahuken er nemleg ikkje så stor at vi klarer å lukka inngongen med 3 personar inni. Eller, går og går, vi hadde vel fått det til på eit vis og om vi måtte…
Men det var jo berre koseleg å kunna kosa seg med varm graut, kikka litt bort på brea og samtidig sitja tørt og høyra på regnet 🙂
Eg hadde ei lita opning på mi sida eg kunne kikka ut av 🙂
Ei lita stund trudde vi regnet skulle gje seg, for det stilna litt av. Men så kom det tilbake – enda verre enn før. Men denne gangen hadde vinden snudd – no bles og renga det mot brea slik at vi fekk veret bakante. Og heldigvis for det – for eg trur ikkje tarpen hadde vore mykje til hjelp om dette regnet hadde kome andre vegen – vi hadde nok ikkje sete lika tørt då…
Så sat vi her då og lurte på om regnet kom til å gje seg og kor lenge vi måtte sitja her (eg har 2,5 veke ferie igjen, så eg hadde det ikkje travelt). Vi lei inga naud – vi hadde både mat og varme kler.
Men under over alle under – regnet stoppa lika brått som det kom. Då var det berre til å pakka raskt saman og håpa på at vi nådde bort til bilen før det byrja påan igjen.
He-he, provisorisk inngong, men det funka. Ann Irene hadde nok fått det betre til om ikkje «alle taua er jo snurra saman i ein floke!!!!», og dermed var det umogleg å få bretta tarpen skikkeleg ut.
Det hadde jo regna litt medan vi sat her…
Vi var nøgd med å kunna krypa ut i frå gapahuken og få strekja på beina att i opphaldsver 🙂
Det er flott her inne i Blådalen 🙂
Vi kom oss tilbake til bilen utan at det byrja å regna att og då kunne vi køyra nøgde heimatt. Ein liten tur opp til Midtbotnavatenet å kikka rakk vi og på vegen. Det virka som om alle vatna er tappa ned for tida – eg har faktisk aldri sett Blådalsvatnet så nedtappa før.
Ein anna ting vi la merke til då vi køyrte på ned var at, bortset frå ein bil som stod parkert før vegen opp til Møsevatnet, så såg vi ingen bilar, telt eller folk på veg heim. Ikkje så mykje så ein tysk bobil eingong! Dette er jo heilt mot normalen?? Eg trur aldri eg har køyrt her om sommaren utan å sjå folk som har campa langs vegen. Og no har det jo vore så fint ver at ein skulle tru det hadde lokka folk ut. Ikkje eingong langs hyttene eller hyttefeltet ved Ågotselva stod det parkert bilar. Merkeleg…
Ja, ja, vi hadde i allefall ein fin og kjekk tur i går kveld. Ein tur til Møsevatnet er absolutt å anbefala 🙂