Eg må lufta Frikken ein tur – blir du med til Vardhaugselet eller noko slikt ein liten tur? Det var meldinga eg fekk av Ann Irene i dag tidleg. Vi hadde slått i frå oss tur til Gygrastol pga litt usikre vermeldingar i dag, men ein tur til Vardhaugselet skulle vel gå greit. Lite visste både Frikken og eg – og for såvidt Ann Irene og, at lufteturen skulle vara i sånn ca. 7 timar….
Det skulle vera litt skya i dag – og uttrykk for regn etterkvart var det og meldt. Men då vi starta turen ved Søsterheimen på Valen var det strålande sol – og varmt! Vi valgte stien mot Olderbotten, og sjølv om vi hadde tatt det pent og pynteleg oppover, var vi så…
….. varme då vi kom dit at Ann Irene prøvde å kjøla seg ned i den vetle skuggen ho fann – heilt fånyttes, sjølvsagt.
Googel ha laga dette biltet av hytta ved Olderbotten til meg 🙂
Sjølv om vi var både varme og svette allerie her, var det jo ikkje snakk om å snu. Eg slit veldig med å gå til fjells i varmen. I dag syntes eg det gjekk ganskje greit å gå sånn kondismessig, men i toppen vart eg heitare og heitare. Hovudverken haldt seg heldigvis unna, men det føltes som om heile knotten skulle eksplodera av varme. Medan eg sleit med dette, var Ann Irene si utfordring floger og klegg… Eg såg ikkje ei floga eller ein klegg for min del, men eg var likevel ikkje misunneleg på ho 😉 Så medan ho sat opp farten for å koma seg utav skogen å bli kvitt desse insekta, sakka eg av for å sleppa å svima av – eg var rett og slett rett eg skulle få solstikk.
Men det var deilig å koma utav skogen å få, om ikkje så mykje, eit lite vindrag med på resten av stien opp til Vardhaugselet.
Endeleg framme! Om det hadde budd kannibaler her, så hadde dei sluppet å ha meg i gryta i dag – eg kom ferdigkokt til selet…..
Ann Irene og var glad for å kunna sitja ned å ta fram nista.
Det var godt å få sitja ned å kvila litt her. Det var litt vind her oppe, så sakte, men sikkert, byrja eg å få tilbake normal temperatur i øverste etasje. 3 andre turgåarar dukka og opp – dei klaga og på varme, floger og klegg, så eg skjønar eg var heldig som berre hadde slite med varmen..
Då desse tre tok fatt på turen ned att….
…. drista Ann Irene seg til å spørja om vi ikkje skulle ta turen nett opp til Vardhaug?
No hadde eg fått ned temperaturen igjen – eller kanskje den framleis var noko høg – for eg sa ja til det. Men det var uaktuelt å fortsetja til Mjelkhaug. Det hadde eg hverken kler eller nista nok til – og vi såg at det hadde byrja å regna i Skånevik….
Vardhaug ligg jo berre rett ovanfor Vardhaugselet, men du verden så mykje betre utsikt ein får.
Eg var no i grunnen meir enn nøgd med turen så langt, her på Vardhaug, men…
….sjølv om det ikkje vart nemnt, så var eg jo klar over at denne tøtta godt kunne tenkt seg å fortsetja til Mjelkhaug…
Sånn for å gjera eit kompromiss så slang eg ut: «Eg veit ikkje om det går sti, men vi kan jo kanskje koma ned til hytta i Valedalen og gå heim den vegen?». Ann Irene visste heller ikkje om noko sti den vegen. «Ring svigerson din og høyr». Svigerson Arne vart oppringt, og vi fekk opplyst at det ikkje var noko sti, men at det gjekk an å koma seg ned til hytta.
Skulle vi pøva på dette???
Vi såg jo kva ver som seig innover… Stilige skyer over Horgjo, forresten 🙂
Ja, vi bestemte oss for å gå bort på kanten og kikka og sjå om det vi syntes det var greit å gå ned. Vi veit jo begge to at vi aldri hadde snudd å gått tilbake når vi var komen så langt….
Det var jo eit stykke ned til vatnet…
…..men det såg jo overkomeleg ut å koma seg ned.
Det var litt ulendt, med mykje tuer og steinar, så vi måtte sjå kor vi trødde ned.
Og så, rosina i pølsa på denne turen: Då vi var komen ned i skogkanten og hamna i ei bratt skråning der vi stod litt fast – og rett etter eg hadde slått fast at her han intet menneske satt sin fot tidlegare – høyrte vi brått folk???!!! Og der, litt opp og bak eit berg dukka det fyrst fram eit hovud, så eit houvud til og til slutt to til!! I all verda – folk var det eg forventa minst å treffa på her – det same gjaldt vel for dei 4, men kanskje det faktisk gjekk ein sti der borte hos dei??? Det gjorde det ikkje – dei var ute i samen ærend som oss – å finna ein veg ned. Dei hadde vore på Mjelkhaug og hadde kome på det same som oss – dei ville koma seg ned i Valedalen. Og denne fjellsida dekker eit stort område, så at vi skulle gå på einannan slik er jo heilt utruleg. Så då var vi brått 6 stk. som som brøyte veg mellom stein, brake og skog for å koma oss ned til vatnet.
Sjå kva vi kava oss nedover – kva er oddsen for å finna 4 andre i same ærend her??? To av dei i bakgrunnen.
Etter å ha kome eit stykke nedover, byrja det sjølvsagt å regna. Eg hadde ikkje regnkler med, kun ei tynn jakke som var ganske kjapp å ta på. Ann Irene hadde med regnjakke, den var og ganske kjapp å få på. Dei andre trur eg var meir forberedt og hadde regnkler med. Ann Irene og eg byrja å gå på ned igjen og vi regna med dei andre kom etter. Men dette var faktisk det siste vi såg til dei, så dei må ha valgt å ta ein anna veg etter å ha fått på seg regnkler.
Kor dei vart av, veit vi ikkje, men Ann Irene og eg brukte ikkje lange stunda før vi no var…
…ute av skogen og….
….går det an å treffa målet betre enn dette? Vi er go» altså 🙂
Eg får presisera at vi hadde sølvsagt ikkje gått i frå dei 4 andre hvis vi ikkje trudde dei ville klara å finna fram sjølve. Sjølv om vi ikkje såg meir til dei, er vi sikker på at dei fann fram ein eller anna stad ned dei og. Dei såg og vel så turvante ut som oss. Dessutan gjenkjente vi eldstemann som ein av legane i kommunen, så vi trøysta oss med at han nok visste korleis han skulle håndtera f.eks ein forstua fot 😉 (No får vi håpa det ikkje dukkar opp nokre overskrifter i lokalavisen som seier meg i mot… 😉 )
Vi kom ned til hytta, våte som kråker frå topp til tå, og kunne skriva oss inn i turbok nr. 3 så langt på turen.
No når vi var komen så langt, kunne vi berre fylgja stien nedover Valedalen.
Vi må vel vedgå at no var veret vorte ganske surt…
….men ikkje humøret 🙂
g er litt sur på kameraet på mobilen min her – eg synes slett ikkje det visar på biletet at det PØSAR ned og at det ikkje finnes så mykje som ein liten, tørr, flekk på denne skråtten her.
Ann Irene var ute å prøvde flett, nye sko for fyrste gang…
Endeleg ved Svartatjønno! Her vassa vi rett ut i vatnet med sko på og vaska oss. Om nokon hadde sett oss, hadde vi måtta trøysta oss med at dei nok har sett løgne ting på Valen før… 😉
Siste etappe var ned Spirdalen, over bekken/elva og bort til Søsterheimen og bilen. Eg må vedgå at eg var veldig glad når vi kom bort til bilen. Ned Spirdalen regna det slik at eg faktisk hadde vanskeleg for å sjå – regndropane sat seg på augnevippane….
Ja, det var jammen lufteturen sin det! Eg trur Frikken og var glad når han kunne hoppa inn i baksetet og vi kunne køyra heim 😉