Eg har skrive det før, og skriv det igjen – eg diggar Kvanto i Omvikdalen! Det er den finaste plassen eg veit om, og i går var det på tide å ta årets fyrste tur opp.
Men – puh – det var meldt 25-26 grader ute i går, så eg nekta å ta turen på dagtid. Dessutan jobbar Jorunn. Jorunn har ein pajero. Ein pajero er praktisk å ha når ein ikkje gidd gå opp skogsvegen til Kanten… Så då måtte eg finna på noko anna på dagtid….
….som å få han far til å montera den nye leveggen til meg… 🙂
A. Enæs og bikini kan ikkje seiast å passa saman som hånd i hanske, men kva skal ein stakkar gjera når sommaren slår til for fullt allereie fyrste veka i ferien?? Då er det greit å skjerma dei som køyrer og går forbi nett for det synet… Dei som bur ovanfor meg får berre venja seg til at eg svinsar rundt nesten nøgen i hagen – eg har 3 ,5 veker ferie igjen enda 😉
Så, etter å ha svetta meg igjennom store deler av dagen i den nye, avskjerma hagen, var det på tide å gjera seg klar for tur. Plukka opp Ann Irene og Tore (som er heima på ein liten ferie) og stilte opp hos Jorunn kl. 1900. Dette var fyrste gang både Ann Irene og Tore skulle gå denne turen – Jorunn og eg er jo erfarne Kvantogangarar 🙂
Det er supert å sleppa å gå opp skogsvegen – det hadde vorte ein laaaaang tur om vi hadde måtta gå opp til Kanten. Når vi no kunne køyra, kunne vi byrja….
….rett på fjellturen 🙂
Kvanto ligg så i lende – Tore i fint driv framover…
Det sa seg sjølv kven som kom til å danna tetduoen. Eg har jo sett Tore leggja ut i sosiale medier bileter av div. joggeturer, sykkelturer etc. Og let’s face it – hvis ein stilte oss opp på ei linja kunne sjølv ein blind mann peika ut kven av oss som trenar og ikkje…. 😉 Ann Irene har jo alltid nokon fleire gir å ta av enn oss andre, og med eit nytt mål i sikte så er jo ikkje ho til å stoppa… Jorunn og eg, ja, vi kom daffande bak – som vanleg 🙂
Vakkert.
Eit lite glimt av deler av Rosendal.
Det var ein strålande flott kveld å gå tur. Fint og varmt, og litt vind slik at det ikkje vart uutholdeleg varmt. Grønt og fint var det og – vi har tidlegare kun gått turen på høsten.
Etterkvart kom den flotte utsikta fram…og div. andre ting som vi ikkje har stussa noko på tidlegare. Men vi har jo lese aviser og sett nyheter vi og i det siste og har fått med oss kva som er i vinden for tida – og brått såg vi jo det eine og det andre – overalt, virka det som 😉
Og ein kan jo stussa over pengebruken her i landet når ein brukar hundretusenvis av kroner på å reisa (!!!) noko som det, tilsynelatande, finnes mange av kor som helst i naturen. Dåke får beint orsaka oss, men det vart ein del «pisspreik» på veg oppover – det var sikkert varmen som spela oss eit puss… 🙂
Okkesom – omsider låg varden foran oss 🙂
Tore på Kvanto for aller fyrste gang!
To gode barndomsvener på Kvanto – Ann Irene og Tore 🙂
Utsikt mot Skånevik.
Ikkje heilt solnedgang, men fint likevel.
Ann Irene med Folgefonna i bakgrunnen.
Og så sjølvsagt….
….obligatorisk fykebilete 🙂
Det blas godt på Kvanto i går. Det er jo ikkje så uvanleg – Verdhardavatnet rett nedanfor har vel fått namnet sitt av ein god grunn. Heldigvis hadde vi bestemt at vi skulle ta nista når vi kom ned att – her oppe hadde maten blåst av fata… Så etter litt fotografering, så snudde vi nasene på ned att…
Eh…ja… denne var absolutt ikkje snudd på ned… OK, vi var visst ikkje heilt ferdig med dette Trollpikkgreiene vi hadde hatt for oss på opp, men denne fortjente no rett og slett å bli fotografert 😉
Eg har visst heilt gløymt å få Jorunn festa på film under turen, men ho var med altså – berre sjå her!
Fekk no med oss ein flott solnedgang på veg ned til bilen att 🙂
No hadde vi jo planlagt å sitja på Kanten og kosa oss med spekemat til kveldsmat. Men når vi kom ned dit så blas det stikker og strå her og, så sjølv om det ikkje var kaldt, så hadde det vorte litt utriveleg å sitja her og halda på maten. Vi sat oss difor i bilen og køyrte nedover skogsvegen igjen for å sjå om det kanskje var litt mindre vind nedover lia. Det var det ikkje, men så fekk Jorunn ein ide..
..og brått sat vi her i sjøkanten i Lundsvingane og kosa oss med god mat.
Eg synes i allefall maten var god, men no byrja dei andre å bli litt nesevisne. Her hadde eg tatt pause i frå sola i lange periodar for å kunna diska opp med eggerøra og potetsalat – og kva var takken for det??? Ann Irene tømte eggerøra si på berget – TO ganger! Skulda på vinden, men eg trur no mitt om det. Jorunn lurte på om eg hadde hatt poteter i eplesalaten i det heile, og Tore lurte på om eg hadde hatt epler i potetsalaten! Kjekke folk, altså- eg veit kven som skal få laga mat neste gang vi skal å tur 🙂
Ikkje alle har ferie i desse dagar, så omsider måtte vi pakka pikkpakket våres saman og koma oss på heim slik at Jorunn kunne få sova litt før ho skulle på jobb igjen. Då viste klokka nesten midnatt og alle var einige om at vi hadde hatt ein fin tur og kveld 🙂
Men Kvanto folkens, Kvanto er verdt eit besøk!