I desse tider har eg faktisk 10-års jubileum med å pendla Uskedalen-Høylandsbygd på jobb. Då er det litt pinleg å vedgå at eg aldri har gått tur på Halsnøy (bortsett frå eit par rundar rundt Klosteret). Det var det jo på tide å gjera noko med, så når Jorunn hadde eit lite ærend på Halsnøy etter jobb i går, bestemte vi oss for at turen denne dagen vart lagt til Halsnøy 🙂
Eg hadde på førehand spurt mine lokale kollegaer om turtips – og hadde fått ein bråte! Om ikkje det er mogleg å gå toppturar på Halsnøy, så er det flust med turstiar over heile øya! Vi syntes Lyhaughelleren høyrtes spanande ut – så vi bestemte oss for å gå dit.
Eg hadde utstyrt meg med kart og hadde fått forklart kor vi skulle gå. Om eg hadde høyrt heilt etter, kan vel i ettertid diskuterast…
Allereie ved starten av løypa valgte vi å sjå vekk i frå mitt kart og anvisning. Det viste seg at vi var litt for sjenerte til å trø rett igjennom tunet til folk. Vi køyrte difor ned på ferjekaien på Sydnes og starta turen….
….der kor turløypa er merka 🙂
Så allereie ved starten av turen var vi no usikre på om vi kom til å koma fram til Lyhaughelleren. No gjekk vi meir på «Vi ser kor langt vi gidd gå og ser kor vi hamnar».
Rett etter skiltet på kaien går ein over på sti opp i skogen til venstre.
Fyrste kulturminne går ein på nesten med ein gong.
Ikkje så godt synleg sti alle plasser, men den var greit merka med raude prikkar på trea…
….og brått var vi på traktorveg.
No vart eg litt optimistisk att, for no var vi likevel på den traktorvegen eg hadde fått beskjed om å fylgja – «Lyhaughelleren – here we come!» 🙂
Her var der jo fint å gå 🙂
Men så kom vi hit – og i ettertid skulle det visa seg at det var her vi valgte feil veg. I fylgje mitt kart og anvisning skulle vi fylgja traktorvegen til venstre til reisens slutt. Det var nok feil – vi skulle no tatt av til høgre. Her stod det ingen skilt – det burde det absolutt ha gjort!
Men, vi grin ikkje på nasen av det. Det skulle visa seg å vera eit lukketreff at vi gjekk feil – no fekk vi jo sjå så mykje meir av Halsøy enn vi hadde tenkt 🙂
Traktorvegen gjekk kun eit lite stykke til…
…og så stod vi her…
Eg veit ikkje kva dei driv på med her, men det såg ut som om området hadde hatt besøk av ein tornado! Men fjellet var fasinerande – og det kunne jo passa at det måtte finnast ein heller her???
Vi fortsatte litt på det vi syntes såg ut som ein sti, utan å finna noko. Marianne ana ugler i mosen og skjøna nok før oss at vi var heilt på villspor….
…medan Jorunn og eg dreiv med heftig kartlesing for å prøva å finna utav kor vi var og kor vi skulle gå.
Vi fortsatte eit stykke for å sjå om Lyhaughelleren låg lenger oppe, men innsåg vel etterkvart at her måtte vi ha trødd feil ein eller anna plass. Vi ville ikkje gå tilbake same veg vi hadde kome, så vi peila oss inn på Trollåsen ved hjelp av karta i stadenfor.
Det var jo fint når vi kom opp i «høgda» igjen. Masse berg og små furu. Vi bestemte oss for å finna ein fin plass vi kunne innta middagen før vi evt. fann ein sti å fylgja ned att.
Etter å ha diskutert oss fram til dette, kikka vi rundt oss og såg at vi stod mitt i T-merka sti….
Flott – då var det berre til å finna seg ein rasteplass og så kunne vi fylgja T-ane tilbake til ferjekaien 🙂
Ingenting å seia på utsikta her – Borgundøy rett fram 🙂
Ølen, innerst midt i biletet.
Skånevikstranda.
Dagens middag – heimelaga falafel i heimelaga pitabrød m/heimelaga tzatziki 🙂 Salat frå Spar på Sæbøvik 😉
Mmm…..eg fekk mykje skryt for maten, så eg trur den fall i smak. Prikken over i’en for Jorunn var…
…tzatzikien – ho fekk lov å eta opp heile glaset 🙂
Medan vi sat her kom det ei lokal dame forbi på tur. Eg trur vi kvapp lika mykje både ho og vi 🙂 Ho kunne då fortelja at om vi fylgde stien tilbake slik vi hadde tenkt, så var det ikkje så lenge før vi gjekk rett på Lyhaughelleren! Då vart vi jo enda meir nøgd enn vi allerie var 🙂
Og medan vi enda sat her og kosa oss med middagen, fekk vi og med oss ein flott solnedgang…
Men omsider var det på tide å ta på sekkane og byrja å gå att…
…medan sola framleis var på veg ned.
Det var ikkje så veldig mange utfordringar på denne turen…
….men det dukka opp nokre – som vart løyst på…
….ulikt vis 🙂
Og så, berre eit lite stykke til….
….så var vi faktisk framme ved Lyhaughelleren!
Skikkeleg tøft! Vi hadde ikkje tid til så lang pause her denne gangen, men no når vi veit kor den er, skal vi heilt sikkert leggja turen tilbake hit ein anna gong, tenna bål og grilla pølser 🙂
Det var mange flotte fargar å sjå på himmelen på tilbaketuren 🙂 No var vi vet «tornadoområdet» igjen – berre mykje nærare sjøen.
Vi skjøna framleis ikkje heilt kor vi hadde gått feil til å byrja med, men…
…så var vi brått her att – denne gangen kom vi opp vegen til høgre. Altså skulle vi tatt til høgre og ikkje venstre fyrste gang. Nett no var vi glad vi hadde valgt feil 🙂
No visste vi jo kor vi var og kor vi skulle gå tilbake. Vi bestemte oss for å vera litt tøffare på tilbakevegen, skippa skogen og fylgde traktorvegen rett igjennom tunet til ein gård og ut på hvoudvegen. Då var det berre ein kort spasertur…
….før vi ankom Sydnes ferjekai – omtrent samstundes som ferja 🙂
Alle var eining i at dette hadde vore ein fin tur. Kjekt å sjå nye plassar, dette var og eit anna terreng enn vi plar å gå i. Vi skal definitivt sjekka ut fleire turstiar på Halsnøy i framtida 🙂