Jammen fekk vi ein sommardag utan regn på torsdag óg 🙂 Litt vel mykje vind, men det stoppa ikkje oss. Ein slik dag måtte jo og nyt(t)ast, så då vart sekken pakka igjen. Eigentleg var planen ein tur i ytre luten, men det skar seg, så då bar det til fjells mot Blådalen igjen 🙂
Det blas jo ikkje midre til fjells enn nede ved fjorden. Då er det faktisk ikkje så lett å finna ein plass å kokkelera der oppe. Eg ynskjer meg nokre gapahukar m/tak og vegger i fjellet og – eg trur ikkje det finnes nokon?
Okkesom, til slutt parkerte vi her….
…..ved Nuten 🙂
Dette er vanlegvis berre ein plass ein køyrer forbi – ingen av oss har stoppa og gått tur i dette området før. Vi har vore på ski litt lenger nede, men opp mot Nuten har vi ikkje gått hverken til fots eller på ski. Vi rekna med det var ein kort spasertur før vi kunne kikka ned på Fjellhaugvatnet.
Fyrst utsikt over Staffivatnet 🙂
Her var det ingen sti å fylgja, så vi måtte laga vår eigen i lett kupert terreng.
Ganske rett så tok det ikkje så lang tid før vi stod på ein kant og kikka ned på Fjellhaugvatnet.
Sidan det blas stikker og strå prøvde vi å finna ein plass vi kunne sitja litt i le….
….så då vart dagens kjøken rett og slett rigga opp her 🙂
Denne dagen var det Jorunn som stod for maten. Eg hadde ikkje fått noko slags hint på førehand om kva som stod på menyen. Eg veit jo at Jorunn har angst for oppskrifter med meir enn to ingrediensar 😉 Så når ho byrjar med: «Eg har dikta noko…», då vert det alltid litt spanande å sjå kva ho har funnet på. Heldigvis har ho gode smakslaukar, og er god på å setja saman ingrediensar som passar saman, men denne gangen lurte eg på om ho ikkje hadde gått på ein smell…
Fyrst måtte ho setja saman stormkjøkenet – det hadde ho hittil, utruleg nok, sluppe unna. Med litt kyndig veiledning, fekk ho det til 😉
Ho var litt tøff når ho tok fram dette glaset – vel vitande om at eg ikkje et sjømat…
Men det stod sjølvsagt ikkje sild på menyen – ho ville jo ikkje risikera å bli utsatt for: «Opps, der forsvann Jorunn over fjellkanten gitt..» I glaset hadde ho nemleg heimelaga kjøttbollar. Det var i allefall det ho sa, men då ho byrja ramsa opp kva ho hadde hatt i dei, måtte eg spørja: «Har du huska kjøttdeig??» Ho hadde sjølvsagt brukt karbonadedeig…
«Eg hadde ein pakke dipp i deigen óg.»
«Dipp?? Til chips??»
«Ja, men det var løkdipp, altså! Den låg i vegen og eg hadde ikkje rømme.»
«Plar du har rømme i kjøttbollane?????»
«Nei, til dippen! Men det hadde eg ikkje, så då brukte eg dippen i kjøttbolledeigen.»
Og slikt tør ho seia til den mest matkresnepersonen ho har i omgangskretsen….Eg angra litt på at eg ikkje hadde smugete litt på førehand…
Sjå kor streng kokken var! Eg turde jo ikkje putta gaffelen min oppi her og smaka før det det var ferdig når ho sat klar med steikjepanna på dette viset…
Endeleg meinte ho på at maten var klar…
….kjøttbollar (??), poteter og tomatsaus – eg var litt usikker på om eg gledde eller grua meg til å smaka 😉
Det lukta i allefall veldig godt 🙂 Og det var i allefall mange smakar! Merkeleg nok, så var det godt 🙂 Ei slags blanding av kjøttbollar, pizza – og chips? Det siste var sikkert berre innbilling iom med eg visste kva ho hadde hatt i bollane, men maten smaka definitivt av løk/kvitløk. Eg sakna litt salt og pepper, men det er jo berre smak og behag. Eg åt rett og slett opp all maten min eg – og mett vart eg 🙂 Jorunn var og nøgd med kjøttbolleprosjektet sitt 🙂
Maten vart eten medan…
….sola gjekk ned over Fjellhaugvatnet.
Det kan ha vore køttbollane som gjorde at eg fekk utslag av nervøse rykningar 😉
Eg trur Jorunn må ha hatt noko energipulver i kjøttbollane og, for på veg tilbake til bilen tok vi eindel omvegar..
Her har vi vore rundt ein liten topp…
…..og begge var bestemt på at vi og skulle prøva å koma oss opp her! Igjen så ser det ikkje lika bratt og kronglete ut på bilete som i verkelegheita…
….for vi måtte jobba litt for å koma oss opp 😉
Opp kom vi, det blas så vi nesten ikkje klarte å stå oppreist…
….men vi gjere alt for å få eit blinkskot på film 🙂
På veg ned att frå toppen…
….fann vi Blådalens svar på Kjeragbolten! For ordensskuld – bolten nedarst…
Så vart det litt klatring og klyving for å koma seg ned av toppen. To middelaldrande damer på tur…Men som det heiter «Ein må aldri bli for gamal til å leika» 😉 For oss var dette nesten som om vi skulle ha vore på Mount Everest – vi vurderte til og med om vi må byrja ha tau med på tur 🙂
Vi var så høge på oss sjølve (evt. kjøttbollane) at vi vurderte å gyva laus på denne. Men vi la band på oss sjølve og nøgde oss med å senda bilete til Svein Vidar med beskjed om at vi ynskjer nokre klatreboltar her… til neste gang…kanskje…
….så vi sa oss nøgde med dagens tur og rusla tilbake til bilen 🙂
No ser det ut som om det blir ei innehelg (igjen!!), så den kan brukast til å planleggja middagsturen på mandag. Då skal vi ein heilt anna plass – ein plass ingen av oss har vore i nærleiken av tidlegare. Det må bli bra. Eg har fått ansvar for maten på den turen. Jorunn har nok, med rette, ikkje heilt trua på at eg klarar meg utan oppskrift. Sjølv om ho får angst av å fylgja oppskrift, er ho ein racer på å finna dei – og senda dei til meg!!! Eg har allerie mottatt ei i dag – kjenner eg ho rett kjem det sikkert litt fleire 😉