På mandag vart det ny middagstur ute i det fri. Jorunn har lenge sagt at det er fint å gå langs fjellsida ved Midthølen, så vi bestemte oss for å leggja turen dit denne gangen.
I dag har sommaren kome på besøk igjen, men på mandag var det framleis haust og eg tenkte det var greit å ta på hua.
Eg fann fram denne fine hua som mor har strikka til meg. Men så slo det meg – svart bukse, brun jakke og kvit hua med store svarte rundingar?? Kanskje litt dristig å luska rundt i tussmørke i skogen ved skytebana med denne?? Eg fann ei anna hua, eg 😉
Stien byrjar her – i svingen før ein kjem til brua ved Midthølen. Dette er altså den gamle vegen til Bjørnebøle. Om dette er, eller høyrer til, Timberdalen, veit eg ikkje. Ikkje var det så mykje hjelp i å…
….»lesa» på skiltet heller 🙂
Dette er nok ikkje ein mykje brukt sti, men vi fann fram. Det var stort sett sørpe vått og mykje myrete terreng – takk og pris for gode, vanntette sko 🙂
Etter ei lita stund kom vi forbi denne fine fossen. Her fann vi og spor etter at nokon hadde slått leir og laga seg eit bål – kanskje forrige vinter? Lurer på kven det kan ha vore 😉
Så måtte vi over denne elva. Jorunn er litt tøffare enn meg, så ho kom seg, om ikkje så elgant, over på andre sida…
….Pyseguri prøvde, men feiga ut pga. høg vannføring og glatte steinar. Ho gjekk difor tilbake…
….og fylgde stien over litt lenger nede 😉
No kom vi over i litt meir variert terreng, det gjekk litt bortover og litt oppover.
Vi fann eit nytt skilt som var like informativt som skiltet ved byrjinga av stien.
Og så kom vi forbi dette krysset. Lenger oppe skimta vi eit tre med ein loddrett raud strek. Nokon som veit kva dette betyr?
Det har nok ikkje vore sherpaer frå Nepal her, men innimellom kom vi til parti der det viste godt at her har det vore folk før oss.
Vi var no i fjellsida ved sidan av Midhølen.
Siste motbakken 🙂
Eg hadde jo eit lite håp om at når vi kom opp denne bakken så var vi ved demninga og fekk utsikt over Fjellhaugvatnet, men den gang ei – det var nok lengre dit enn eg såg for meg.
Men vi kom opp til eit anna lite vatn eg ikkje ana eksisterte. Her var det idyllisk og flott 🙂
Her kunne vi fint ha slege oss ned og satt igang med middagslaginga, hadde det ikke vore for at Jorunn hadde gløymt hovudlykta heime… Ho ville difor anten gå tilbake same veg som vi kom og laga maten nede ved Midthølen, eller sjå om vi kom oss ned…
….elveleiet her før det vart for mørkt!
Vi valgte elveleiet. Kom vi oss ned hit og over elva nede i botn, kunne vi berre fylgja vegen på andre sida langs Midthølen tilbake.
Det var brattare enn det ser ut som på biletet…
….og vi måtte «klatra» litt. Vi følte oss litt tøffe og Jorunn slo fast: «Anita, dette må kvalifisera som juving!» 🙂
Nesten nede kikka vi over kanten og såg at det såg heilt greit ut å koma seg ned og over elva, så då bestemte vi oss for at vi lika godt kunne ta pausa her…
…..for no var vi middagssvoltne 🙂
Lett meny denne dagen…
….det enkle er ofte det beste 🙂
Jorunn vart både nøgd og mett 🙂
Når det fyrst byrjar å mørkna no for tida, ja, då blir det fort mørkt i allefall i skogen og på fjellet. Vi pakka difor saman så snart vi hadde fått i oss middagen, slik at vi skulle koma oss ned og vekk frå steinrøysa medan vi enda såg noko.
Tøyelege som vi er, gjekk det lett som ein plett å koma seg ned…
….og over til andre sida. Det var merkeleg lite vatn her til å ha regna i ei evigheit…
Midthølen.
Det er jo ganske fint å gå tur langs vatnet her og – så lenge det ikkje pågår skyting på bana.
Det som gjenstod for oss no, var å gå rundt vatnet, opp på hovudvegen og tilbake til bilane 🙂
Dette var ein kjekk liten tur. Vi kan vel neppe anbefala til andre å gå ned dit vi gjekk ned, men kanskje gå vidare heile vegen til Bjørnebøle? Det må vi prøva ein anna gong 🙂