Eg har vorte ein skikkeleg sofagris i høst, så no er det godt at nokon tar ansvar og drar meg med ut att 🙂 I dag var det Ann Irene som bad meg med på tur til Kjeldestøl via Skålafjell, så då var det berre å stå klar når ho kom for å henta meg 🙂
Vi parkerte på Bjørke…
…spaserte opp skogsvegen…
….til vi traff på stien til Skålafjell.
Ingen av oss hadde vore her sidan dei nye Sherpatrappene kom på plass i sommar, så desse var i litt spente på. Eg trudde dei kanskje berre låg på øverste del av fjellet, men dei byrja jo….
…allereie ved foten av fjellet 🙂
434 trapper!!
Og for ein flott jobb dei har gjort! Eg skulle berre gå opp desse trappene og pust og pesa etter nokre få trinn – nesten flaut med tanke på at desse trappene er kome på plass meir eller mindre kun ved hjelp av menneskehender og kraft…
Nærma oss toppen no, og ein augneblink trudde er Rosendelingane hadde hengt opp trusene sin til velkomst 😉
Rosendal og Malmangernuten i haustfargar.
Framme på Skålafjell.
Ut på tur, aldri sur 😉
Men vi skulle jo lenger enn dette, så vi fortsatte på stien mot…
…Nordlifjell.
Og akkurat i det vi byrja gå mot Nordlifjell for å finna stien ned til Kjeldestøl, skjedde det noko rart. På 1-2-3 kom skodda sigande i ein voldsam fart!
Det vart rett og slett litt trolsk stemning.
Det varte ikkje så lenge, skodda forsvann att like fort som ho dukka opp.
Ein liten spasertur gjennom skogen inntil vi traff på dette skiltet.
Då tok vi av frå stien til Nordlifjell og fortsatte på stien ned til…
….Kjeldestøl 🙂
Dette er ein flott støl! Og, alle husa er opne for kven som helst til å gå inn og kikka, evt….
…eta nista og drikka kaffi/kakao 🙂
Medan vi sat her og hadde pause fekk i og med oss ein liten «historietime» frå ein av eldsjelene som har vore med å bygd opp og restaurert Kjeldestøl 🙂
Ser det ikkje koseleg ut??
Kjeldestøl bada i haustsol når vi forlet det, gjekk ned gjennom skogen og…
…..spaserte på skogsvegen tilbake til bilen 🙂
Kjeldestøl er absolutt vert eit besøk om ein ikkje har vore der før 🙂