Idylliske Lovatnet!

Det har blitt litt mykje stillesitjing dei siste vekene, så no er det på tide å bevega seg litt igjen – sjølv om det er hakket for varmt for meg 🙂 På mandag inviterte Jorunn og Marianne meg med på tur til Lovatnet i Guddal.

Her har eg berre gått tur eingong i regnver for mange år sidan. For å koma dit køyrer ein opp i Guddal og forbi Galleri Guddal. Ein kan parkera og gå grusvegen innover, eller ein kan køyra innover på grusvegen (vi såg i allefall ingen innkøyringforbode skilt) til ein kjem til desse….

….skilta.

Den gongen eg gjekk her tidlegare, kan eg ikkje huska at vi såg det som noko alternativ å gå innover elva på høgre side og gjekk på venstre. Jorunn og hadde kun gått same veg som meg, medan Marianne ikkje hadde vore her tidlegare. Så då bestemte vi oss for å velgja stien på høgre side av elva.

Vi kunne fort ha måtta ombestemma oss allereie….

…her, då det brått viste seg at ei av oss ikkje hadde noko særleg til overs for sauer. Dei var blandt anna både stygge, ekle, for tjukke på midten og for tynne nedentil.

Marianne og eg valgte å snu det døve øyra til, og vandra gjennom grinda….

…og då måtte tredjemann luska etter same veg og 🙂

Eg hadde laga eit bilete i hovudet mitt om at det på denne sida kun var ei fjellsida rett i elva, men der tok eg feil. Det var mykje vidare og finare på denne sida enn eg hadde trudd. I tillegg gjekk vi i ope landskap og ikkje skog – slik ein gjer på deler av stien på andre sida.

Dog er det mykje….

….stein i alle størrelsar både i og ved stien..

Her hadde jo eg tenkt at vi skulle ta eit tøft bilete der eg heng over kanten på ei fjellsida. Sidan eg ikkje er sterk nok i armane måtte Marianne vera med å halda beina mine oppe – men det var jo ikkje meininga ho skulle koma med på biletet, Jorunn!!!! 😉

Vi vandra gjennom ei grind….

….gjennom ei eng med det meste eg har sett av blåklokker samla på ein stad…

….og så fann vi oss ein fin kvilestad. Ikkje at vi trong det, hittil hadde vi gått ganske flatt og uanstreng innover dalen.

Litt etter rasteplassen, derimot, kjem det ein bratt oppoverbakke…

….men den er heldigvis ikkje så lang 🙂

Tilbakeblikk ned dalen.

Jorunn veivar med staven sin og forklare Marianne at no er det ikkje langt igjen til vi er framme….

….og så tar vi fatt på siste etappe.

Denne siste delen går stien litt nærare elva og nesten berre på stein, så det var bra det var tørt og fint når vi gjekk her. Eg vil tru dette er ein temmeleg glatt sti og gå på når det er vått.

Perleporten?? Det stod ingen og venta på andre sida…

No nærma vi oss veldig….

…og så var vi framme!

Sjå kor idyllisk det er her! Og sikkert enda finare i sol, men den var gått ned når vi kom fram.

Her og er det laga til steinbenker- og bord, så då kunne vi ta ei lita nistepause her 🙂

Vi såg ingen plass det såg ut som om ein kan koma seg over vatnet til andre sida. Er det nokon som veit om det går an å gå rundt på ein eller anna måte?

Sidan vi ikkje såg nokon plass, og heller ikkje ville vassa, vart det til at vi gjekk tilbake….

….same veg vi kom, no i …

….solnedgong.

Våre vener kom og tok i mot oss. Dvs…

…det er vel tydeleg kven som ser på dei som vener og ikkje 😉

Eg synes no sauer er ålreite eg 🙂

Dette var ein veldig fin kveldstur. Det var litt lengre inn til vatnet enn eg huska, men det eg jo ingen strevsom tur 🙂

 

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.