Endeleg har eg og tatt sommarferie 🙂 Eller endeleg og endeleg, eg har vel eigentleg lenkta minder etter den enn tidlegare – det er jo ikkje så lenge sidan eg hadde ein super ferie i mai 🙂 Og no har eg tatt ferie ei veke tidlegare enn eg plar, så sånn sett kom den jo eigentleg litt brått på 🙂
Dette blir ein ferie heilt utan planar. Håpet er at veret skal halda seg såpass at eg kan få tatt meg nokre fine turar.
I går hadde eg dratt fram alle turtinga mine og skulle eigentleg på telt-/hengekøyetur, men etter litt att og fram, vart den tilslutt avlyst. Men eg hadde jo sete heime heile dagen og opparbeida meg energi, så då vart det ein fin kveldstur til Mannsvatnet istadenfor 🙂
I denne varmen gjekk det betre enn forventa, eg fekk gå store deler av Pålavegen i skugge og med vind, så eg syntes eigentleg eg hadde eit fin driv oppover.
Eg lar bileta tala for seg i resten av innlegget: