I går var eg uvanleg tidleg oppe med tanke på at eg har sommarferie. Eg hadde nemeleg sagt ja til å vera med på tur til Englafjell, dvs. eg skulle i allefall vera med å langt formen haldt. Sidan vi rekna med det kom til å bli varmt utover dagen, skulle vi byrja turen i frå Sørestølen (vassverket på Eik) allereie kl.0830, slik at vi slapp å gå turen i solsteik. Det skulle visa seg at vi skulle sleppa å bekymra oss for akkurat det….
Vi var med godt mot når vi kom til Flåtene og det var heilt ok turtemperatur å gå i.
Skodda hang nedover fjella og låg tjukk i Fagerdalen og oppover Skaret. Men dette bekymra oss ikkje – vi rekna med at den kom til å forsvinna etterkvart.
Tilbakeblikk heimover.
No var vi komen inn i Fagerdalen, og ein ting var skodda som enda ikkje hadde letta, ein anna ting var at det var vindig. Veldig vindig – iskald nordavind i ryggen.
Vi prøvde å søkja litt ly bak ein stein medan vi kledde på oss litt meir klede og fekk i oss litt mat. Heldigvis hadde vi alle med litt varmare klede, men hadde vi nok? Vi bestemte oss for å fortsetja opp Skaret til Eikehytta og sjå det an der.
Turvenene mine denne dagen hadde ikkje vore her før, og då var det jo litt dumt at det kun var dette dei fekk sjå av denne idylliske plassen….
Ikkje kom vi oss inn i hytta og fekk varma oss heller – her var det komen ny kodelås på døra sida sist eg var her. Med tre siffer, koden eg kunne var på fire siffer – så då var det ikkje så lett å gjetta seg til koden heller 😉
Vi kroa oss i saman, kikka i sekkane om vi hadde meir klede vi kunne ta på oss og fekk i oss litt mat. Eg trur alle fort innsåg at turen slutta her. Når ein har tatt på seg to vindjakker og dunjakke og vinden framleis bles gjennom marg og bein, ja, då er det ikkje fristande å fortsetja…
….sjølv om skodda terga oss med å gje oss nokre lysglimt…
…..var det framleis langt igjen til Englafjell så i lende..
Så, utan diskusjon snudde vi og tok på heimatt.
Allereie ned Skaret byrja skodda å letta, men den iskalde vinden var der framleis, og no fekk vi den midt i mot.
Nedover Eikedalen måtte vi no flira litt av oss sjølve, for dess lenger ned vi kom, dess meir klede måtte av igjen 🙂 Og så gjekk det jo som det måtte gå….
….vel heima og etter ein dusj, kunne eg setja meg ut i sola og kikka opp på eit skoddefritt Englafjell – eg trøysta meg med at det sikkert likevel blas iskaldt der oppe 😉
I dag var det meldt så høge temperaturar at tanken på å bevega seg til fjells var heilt fjern – eg forlanga at han far tok meg med på båttur i stadenfor 🙂
Det var veldig behageleg å sitja her og kikka på fjella i dag 🙂
Kanskje var det nokon som hadde ein fin dag på sommarskisentert og? Eg hadde ikkje nok zoom i dag til å sjå om det gjekk taulag på brea 🙂
Eg hadde tinga rundtur på Ånuglo i dag…
Og medan du sikkert berre ser trer og berg, så ser eg hengekøyeplass, hengekøyeplass, hengekøyeplass 😉 Her skal vi på tur – dåke veit kven dåke er 😉
Ja, og så gløymte eg ut ein liten augneblink kva det var eg kikka etter og byrja tru eg var fotograf i National Geographic…
Eg har mange fleir bileter av sorten….
Etter Ånuglo vart det ein tur langs Skorpo, over til Ljosnes og så sat vi baugen på heim.
Dette var ein fin tur i norsk vestlandsnatur – og det heilt utan å bruka ein muskel eller kalori 😉 Men phu….kor varmt det er i dag 😉