Eg hadde akkurat satt meg ned å skulle innta ein betre frukost beståande av eplekake m/krem i går formiddag, då det tikka inn melding i frå Ann Irene om ikkje vi skulle gå ein fjelltur? Det skulle vi sjølvsagt, og vi vart einige om at vi nok ein gong skulle prøva å nå Tverrfjell i frå skogsvegen opp i frå Fjellandsbø. Dei som har fylgt med på Bobla veit at vi plar bomma og hamna på Gråfjell….
Men i går skulle vi gjera noko lurt – vi skulle fylgja stien litt bortanfor enden av skogsvegen. Begge to var einige om at den sikkert gjekk til Tverrfjell – kor ellers skulle den gå?
Skodda hang tung nedover Ulvanåso og fjella rundt oss. Det bekymra oss ikkje, vi var heilt sikker på at den kom til å letta.
I motsetnad til på min forrige skoddetur, var det ikkje kaldt i går. Det var heilt passeleg turtemperatur å gå i.
Vel oppe i enden av skogsvegen, befann vi oss no inntulla i tåka, men som du ser å hadde vi likevel nokonlunde sikt rundt oss.
No var det berre til å koma seg litt bortover i retning Uskedalen, gå over bekken og så finna stien som kjem opp i frå skogen. Kor den eigentleg startar nede i dalen anar vi ikkje.
Vi måtte ta ein liten omveg rundt dette kunstverket – vi hadde ikkje hjarter til å øydeleggja det.
Vi fann stien og då var det berre til å fylgja den oppover nokre småtoppar. No var vi heilt sikre på at det bar strake vegen til Tverrfjell – sjølv om vi ikkje såg så mange meter framfor oss.
«Utsikt» ned mot Uskedalen 😉
Men så, etter å ha kome opp på ein topp, vart stien bortevekk! I allefall såg ikkje vi meir til den, og ikkje var det gitt kor den gjekk vidare heller. Då måtte vi, som vi plar gjera på desse kantar, berre peisa oppover der det såg greit ut å gå…
Ann Irene sjekkar google maps for å finna ut kor i lende vi befinn oss i forhold til Tverrfjell. Det funka forsåvidt greit å bruka det kartet, men det kom ikkje opp navn på fjella rundt oss. Eg prøvde Norgeskart, og det funka mykje betre i går.
Vi fann ut av vi var på veg mot rett fjell. Irriterande nok befann vi oss mykje nærare der Ann Irene trudde vi skulle koma opp enn det eg hadde sett for meg. Ho meinte av vi kom til å koma inn på stien til Tverrfjell som kom i frå Hauglandsfjellet, eg hadde trudd vi skulle koma opp på stien i frå Gråfjell.
Vi fekk berre ta det som det kom, uansett måtte vi vel no snart vera oppe? Og medan vi stod og studerte kartet, fekk vi brått besøk av denne kjekke nyskjerrigper’en…
Artig type 🙂
Ja, han kjekke karen her vart turens høgdepukt i går 🙂
Men vi måtte vidare, og no befann vi oss her…
…..så då måtte jo stien opp til Tverrfjell vera rett i nærleiken? Eg hadde trudd vi skulle koma opp litt til venstre i frå vatna og ikkje så langt mot Uskedalen som vi gjorde.
Okkesom, vi kikka oss litt om, og….
….der såg vi noko som minna om ein raud T.
Då var vi på rett veg, og no kunne vi berre fylgja T’ane opp til Tverrfjell. Det tok ikkje så lang tid no før vi gjekk på…
….skiltet som visteat vi var på veg til rett fjell 😉
Vi var framleis inntulla i skodda, men var stadig optimistar på at den skulle letta. No vart det mykje varmare og skodda var ikkje lenger så «fuktig». Lysare vart det og – eg tok på solbrillene og var klar 🙂
Men det ville seg liksom ikkje. Sjølv om vi hadde litt betre sikt og etter ei stund kunne sjå varden på Tverrfjell framfor oss, så var skodda der like fullt.
Framme – varden på Tverrfjell 🙂
Panoramabilete av utsikten frå Tverrfjell 🙂 Ja, ja, vi har jo vore her før, så vi veit no kva som er rundt oss 🙂
Vi måtte sjølvsagt skriva oss inn i manntalet, og då såg vi jo at det hadde vore to damer i frå indre luten å skrive seg inn same dag. Sidan eg hadde full dekning på mobilen sendte eg avgårde ei melding – «Kor er dåke?» For alt vi visste kunne dei jo sitja i skjul bak ein stein rett i nærleiken 🙂 Men dei var allereie på veg ned mot Nonshaug 🙂
Vi tok fram nista og fekk i oss litt næring. Vi visste begge to kva som kom no, men eg var den fyrste til å seia det høgt: «Det blir vel Gråfjell no?» «Ja, det blir vel det». Meir snakk vart det ikkje om det, vi snørte igjen sekkane våre og så var vi på veg igjen – denne gangen mot Gråfjell 🙂
På vegen vart vi einige om at vi trong ikkje prøva denne vegen mot Tverrfjell fleire gonger. Sjølv om vi hadde hatt ein fin tur opp, så var det jo ein heila omveg i forhold til kor vi plar komma opp – ved det største vatnet på kartet, sånn ca. midt mellom Tverrfjell og Gråfjell. No må vi ta eit forbehald om at vi framleis ikkje veit kor stien faktisk kjem opp iom at vi mista den…
Etter å ha vandra ei stund til, kunne vi skimta varden på Gråfjell.
Vi hadde litt diskusjonar på vegen mot Gråfjell. Det er rart kva litt (ok, mykje) skodda kan gjera med geografien, vi var ikkje alltid heilt einige om kor vi var og kor vi skulle 🙂 Men så lenge vi ville i same retning gjorde det ikkje så mykje 😉 Det som forvirra litt i tillegg til skodda, var at eindel småvatn rett og slett har tørka inn og forsvunnet i varmen, og dei store vatna var jo og eindel midre enn dei plar. Men det er jo ikke så lett å gå seg vill her oppe, så uansett kor vi var og ikkje, så fann vi igjen småvardane innimellom og på slutten så kom vi inn på dei raude T’ane som kjem opp i frå Omvikedalen si sida og.
Så nådde vi Gråfjell i går og 🙂 Det er ein imponerande varde dei har satt opp på eit så lite besøkt fjell!
Noterte navna våres her og, og såg at damene i frå Indre luten hadde gjort det same. Jammen hadde dei lagt ut på ein lang fjelltur denne dagen og – i motsatt retning av oss, opp og ned på Omvikedalsida 🙂
No var vi godt nøgd med dagens tur 🙂 Bestemte oss for å ta den «vanlege» vegen ned att, og forsvann ned fjellsida ved det største vatnet og gjekk sikksakk nedover til vi var på flata over skogsvegen att. Meir bileter av turen har eg ikkje, då dei er tok av ein eller annan grunne er blitt 2 sekundars videoar i stadenfor….
På veg ned skogsvegen tenkte eg likevel at det var noko som ikkje heilt hadde stemt på denne fjellturen, og brått slo det meg: » Hei, Ann Irene – har du lagt merke til at det ikkje har vore noko møsing og sutring på denne turen? Ingen klaging på at det er for varmt/kaldt/for langt/for kort/ for bratt/ for rett fram/for trøtt/må ha pause/må ha drikke/må ha mat/vondt her/vondt der osv.???» Og det måtte ho seia seg eining i 🙂
Klokka gjekk fort denne dagen. Vi starta turen litt etter kl.1200 og var ved bilen att kl. 1830!! Då var det berre tid til ein kjapp tur heimom og dusja før dagen vart avslutta med bobler, god mat og godt selskap på ein kai i nærleiken 🙂