Då eg byrja å gå fjellturar for eindel år sidan, var det litt viktig å koma opp på div. fjelltoppar. Det var i grunnen heile orsaka til at eg byrja gå til fjells – bør du ikkje koma deg opp på Englafjell, du som bur rett ved foten av fjellet? Etterkvart så gjekk det over, det var ikkje naudsynt alltid å koma seg på ein topp, eller å gå dei lengste turane – det var turen i seg sjølv som vart viktig. Eg skal f.eks sikkert på Melderskin eingong eg og, men eg lever framleis godt med at eg enda ikkje har vore der.
Det er derimot eit fjell det har irritert meg at eg enda ikkje har kome meg opp på – Gygrastolen! To gonger har vi prøvd, men begge gongene har vi vorte stoppa av skodda. Den fyrste gongen kom vi opp til det siste skiltet der stien mot Gygrastolen og Skrunten deler seg. Då var det uråd å sjå noko foran seg. Andre gongen kom vi opp den siste steinura, men vi ana ikkje kor langt det var igjen, for då snurpa skodda seg heilt rundt oss.
Eg har framleis vore heilt bestemt på at eg skulle opp, så då måtte det prøvast ein tredje gong. No har eg fylgd med på vermeldinga og fann ut at måndag såg ut til å vera den dagen det var minst sjanse for atter eingong å bli stoppa av skodda. Så då bestemte eg meg – måndag fekk det bli!
Min faste turpartnar for å nå Gygrastolen, Ann Irene, hadde vore tosjen, evt. lur, nok til å klyva trappene til Malmangernuten på søndag – så ho meldte pass. Men, eg, eg var klar!
Eg trur eg parkete på Ænes allereie før klokka var 0830. Det kom til å bli varmt, og det taklar eg dårleg, så det var om å gjera å koma i gang tidleg 🙂
Det går sti i frå kyrkja, men den har eg aldri gått. Ei heller i går – eg fylgde vegen mot Sætra til eg traff på dette skiltet…
Turen går deretter på ein skogsveg til ein kjem til neste skilt det står «Gygrastol» på. Eg antar det er i det krysset stien i frå kyrkja kjem opp og, iom at det er ei lita bru over elva rett bortanfor. No er ein over på sti i skogen.
Endeleg ute av skogen (det tar ikkje så veldig langt tid) og kunne kikka innover fjorden….
…..og bort på Sild og Varaldsøy.
Eg plar ha ei god kvil og drikkepause her, men i går var eg i sånt eit fin driv at eg berre fortsatte å gå. Eg legg skulda på drikkesystemet eg har skaffa til sekken min – det var ei god investering 🙂 No fyller er på med «drivstoff» medan eg går, og treng ikkje stoppa for å ta pausar heile tida.
Framleis langt igjen, kva tenkte eg på??? Akkurat her tenkte eg: «Dette går aldri!»
Snart kunne eg kikka ned i Ænesdalen. Eg har ikkje notert meg det før, men sjå kor mange flotte teltplassar det er langs elva 🙂
Det gjekk framleis fint oppover, men eg byrja å lura på kor langt eg kom til å orka å gå i varmen? For no vart det blitt temmeleg varmt allereie. Det hadde sikkert ikkje vore å mykje lenger om ikkje det no hadde kome eit og anna vindpust og ei og anna sky. Meir skal det eigentleg ikkje til – då vart det litt lettar igjen å gå 🙂
No var eg komen så langt at eg kunne kikka ned på Gygrastolsvatnet – og ein plass det ser fint ut å telta 🙂
Eg låg fyrst i løypa opp fjellet i går. No vart eg tatt igjen av ein kar som var på bærtur – på skikkeleg altså. Så han skulle ikkje så mykje lenger enn dette. Det gjekk ikkje så raskt med meg no, så eit lite stykke lenger oppe vart eg forbigått av eit ungt par – det er litt meir futt i ungdomen 🙂
No fann eg ut at eg snart måtte tenkja på å ta ei pause og få i meg litt mat. Eg skulle berre gå litt til og litt til, til eg fann ein fin plass å sitja…
Men, hæ??? Brått såg eg det øverste skiltet – allereie? Eg trudde eg hadde ein liten topp igjen….
Men nei, sanneleg her var eg!
Ho-ho, no var eg så nøgd med meg sjølv – og ein smule forundra. Eg hadde faktisk gått heilt i frå bilen og opp hit utan noko særleg anna til pause enn fotopausar! Det er heilt sikkert vanleg for andre fjellgåarar, men trur meg, det er slett ikkje vanleg for A.Enæs. Og ikkje hang tunga ute og ikkje var beina utslitte heller! Men det er jo her min hjerne kortsluttar og tenkjer heilt motsatt av alle andre. Dvs. det gjer den nok mange andre gonger og, men dette er ein av dei. No antar eg dei fleste andre ville tenkt at sidan det hadde gått så greit å koma seg opp her, kom resten av turen til å gå som ein leik og. Eg derimot….
….kikka bort på steinrøysa (det er forøvrig ikkje flatt slik det er ut her, men temmeleg bratt) og tekte: «Kva svarten skal du opp der etter??» Her sat eg og hadde det så bra med meg sjølv, så var det eigentleg naudynt å klatra opp ura?
Av ein eller anna uforklårleg grunn forsvann både motivasjonen og lysta til å gå vidare heilt. Då måtte eg bli litt streng med meg sjølv og seia at no låg fjellet skoddefritt og det var jo grunnen til at eg var her – eg ville jo nå opp utan å bli stoppa av skodda! Så etter ei lita pause fortsatte eg turen..
Denne var litt fin – trur ikkje eg har sett denne planta i fjellet andre plassar?
Det gjekk putle med meg no. Det er jo så inni hampen med stein!!
No var eg komen i det vanlege sutrehumøret, men eg hadde jo ingen å sutra til 😉 Men om det gjekk seint, så gjekk det på opp…
Eg klarte no å nyta utsikta, i allefall – den var det ingenting å seia på 🙂
Eg kom hit, men då var det stopp! Det ser ut som om det er lenger igjen av turen enn det er. Det var faktisk ikkje så langt igjen i det heile tatt – berre nokre små toppar og så rett bort. Eg tippar det ville tatt meg 10-15min., men eg var så dritlei stein at det var null vilje igjen til å gå resten. Med eit kne som ikkje likar for mykje stein og ein ankel som eg må passa på kva vinkel eg trør ned i, var ikkje dette rette terreng – eg skulle jo ned att og… Når det er sagt, så gjekk det heilt fint med både kne og ankel i går – så dette gjekk mest på mangel på vilje 😉
Så her stoppa turen min til Gygrastolen i går. Eg kom meg litt forbi der kor vi hadde vore sist gong, så sånn sett så kom eg lengre enn før 🙂 Eg tenkte kanskje at ei lita matpause ville gjera susen og at eg kanskje klarte å motivera meg sjølv til å gå vidare etterpå, men nei, det hjalp ikkje 😉
Eg fann ut at på same måte som at eg ikkje må ut på Høgeteen når eg går på ski til Ulvanåso, så måtte eg heller ikkje gå det siste stykket opp på Gygrastolen – eg var nøgd med å kikka bort 🙂
Herifrå såg eg og rett ned i Camp Gapandehamn 🙂
Folgefonna.
Furubergsdalen. Den skal vera fin, så de står på turmålslista mi 🙂
Ænes
I det eg snurpa igjen sekken og skulle byrja på nedturen, prata eg litt med ein kar som var på veg opp. Han hadde vore på Melderskin for nokre dagar sidan og tykte turen til Gygrastolen var betre å gå. Ok, tenkte eg, og strauk Melderskin på lista for årets fjellturar… 😉
Det var i det heile tatt mange som hadde tenkt seg til Gygrastol denne dagen. Det unge paret som gjekk forbi meg på opp, hadde allereie passert meg på veg ned. Eg har prøvd å rekna etter kor mange eg traff som var på veg opp medan eg gjekk ned att, og det var i allefall 15 stk. om ikkje enda fleire 🙂 Ingen kjente. At eg sikkert var den einaste som snudde før toppen, gjere meg absolutt ingen ting 🙂
Eg hadde ein liten diskujon med meg sjølv på veg nedatt i frå fjellet. «Er dette den typen fjellturar du eigentleg likar å gå?» Då kom eg til den erkjennelsen at det er det ikkje. Eg likar variert terreng, men eg er jo ikkje særleg glad i for mykje oppoverbakkar – og no heller ikkje stein – og så var det laaaaaaaangt. Det var vel nedturen som var lengst.. Eigentleg kom eg vel til den konklusjonen at eg ikkje likar fjellturar i det heile tatt – he-he 😉
Snudde meg rett før eg var nede i skogen att og kikka opp – det var jo faktisk ingen liten fjelltur eg hadde vore på 🙂
Det er rart med det – på veg opp gledar eg meg til å koma utav skogen, på veg ned var eg kjempeglad når eg endeleg kom ned til skogen att 🙂 Og når eg kom ned på skogsvegen var eg så glad eg kunne tatt ein liten piruett – hadde det ikkje vore for at eg var så sår under føttene 🙂
På veg forbi bebyggelsen og kyrkja var det om å gjera å retta seg opp i ryggen og konsentrera seg om å gå nokolunde beint, før eg endeleg kunne ramla inn i bilen som ein saccosekk… No koka det i hovudet og det var om å gjera å koma seg heim så raskt som mogleg for å få i seg nokre hovudverktabelettar og ein laaang dusj i håp om å avverga å måtta liggja resten av dagen strekk ut med hovudverk. Eg kikka på termometeret i bilen, + 25 grader. «Herregud, Anita, er det rart du kokar!» Fullt så varmt var det jo ikkje oppe i fjellet, men i skogen kanskje…
Eg klarte å avverga den heilt store houvudverken, men eg var sliten i går. I dag – kjenner det ikkje ein plass, bortsett i frå at eg har vannblemmer på innsida av begge hælane, men det får eg setja på kontoen for dårleg skoty 🙂
Ann Irene var nøgd med at eg ikkje kom heilt fram i går heller, for då trur ho at eg må opp att ein gong til. Men eg er framleis nøgd med turen og kjenner eg har rista av meg Gygrastolspøkelset 🙂 Eg kan kanskje fylgja ho opp til det siste skiltet eingong – så kan ho klarta opp til Gygrastolen medan eg går dei siste metrane til Skrunten. Der har eg enda ikkje vore 🙂