På tur med Max’en :-)

Når ein ikkje får gå på tur med Monsen, får ein vera nøgd om ein får gå på tur med Max’en 😉 Dei fleste dagane i ferien min var det jo aldeles for fint og varmt til at kroppen ville på fjelltur, men innimellom var det dagar eg berre måtte ut å gå ein eller anna plass. Ein slik dag eg stod klar for å gå på tur opp ein skogsveg, fekk eg ei melding frå Magnhild om eg ville vera med til Hjort evt. Gråfjell ein dag? Eg svara at eg var klar «as we speek»…

….og brått var vi….

….på veg frå Fjellandsbøvatnet mot Hjort 🙂 Dvs. det vi av ein eller anna grunn kallar Hjort, er visst ikkje det likevel, men vi skulle no koma der til etterkvart uansett…

Vi hadde vel ikkje noko mål for turen denne dagen, ei heller om den skulle bli kort eller lang. Eg trudde eigentleg ikkje at den skulle bli så veldig lang, men vart i allefall etterkvart glad for at eg hadde vore innom butikken og handla ekstra niste 😉

Her er vi så vidt kome igang med turen og har berre fylgd skogsvegen bak den siste fjellgarden på Fjellandsbø nokre få meter. Framom oss skimta vi kyra midt på skogsvegen, og dei ville ikkje Magnhild at Max skulle få helsa på – så vi skar ut i skauen. Så allereie her var vi på nye stiar… (Magnhild på to bein, Max på fire 😉 ).

Sidan vi no var i skauen lenger før vi plar, visste vi ikkje kor stien var. Det går jo ikkje an å gå seg vill her, men sidan vi skulle passa på å halda oss i skjul for kyra og leita etter stien samtidig som vi skulle gå på opp, vart det mykje gåing på kryss og tvers….

…før vi kom på rett sti. Og då gjekk alt så mykje lettare 🙂

Magnhild og Max spratt opp ura til den vetle stølen eg altså kallar Hjort, men som ikkje heiter det – kva heiter det her, nokon som veit??? Eg kom heseblesande etter…

Ei lita pust i bakken, så tok hundefotografen i meg overhånd…

Kjekk kar denne Max’en 🙂

Vi tok ei god kvil her og diskuterte litt kor vi skulle gå vidare. Vi har tidlegare gått herifrå og opp til Gråfjell på Uskedalsida, men skulle vi ikkje sjå korleis det såg ut på Omvikedalsida? Jo, det vart vi einige om at vi skulle 🙂

Då tok det ikkje lang tid før vi hadde den vesle stølen på eine sida…

….og Storatjørn på andre sida.

Dagen før var den einaste dagen det kom noko regn å snakka om i ferien (og i sommar, for såvidt), så det sildra vatn både her og der. Overraskande mykje faktisk, eg kan ikkje tru at alt dette berre skyldast ein dag med regn.

Vi trur vi fylgde ein sti, i allefall innimellom. Nokre stadar var vi heilt sikre på at vi fylgde sti, då det var lagt stein som viste veg oppå andre steinar. Men det er nok lenge sidan dette var ein godt brukt (tur)veg 🙂

Tilbakeblikk. Den lyse flekken mitt i biletet er Langelivatnet i Tveitedalen 🙂

Enda ein bekk vi måtte over. Måtte nesten ta bilete av alle iom at det har vore eit sjeldan syn i sommer 🙂

No fekk vi dekning på mobilane att, og har dåke sett – i fylgje Norgeskart stod vi no midt på Hjort 😉 Hvis vi berre haldt retninga no, kom vi omsider til å treffa på stien som kom opp på Omvikdalsida. Vi tok sikte mot den, men tenkte og at om vi såg ein snarveg til Gråfjell tidlegare, så kanskje vi skulle satsa på å koma oss opp dit.

Frå Hjort hadde vi utsikt rett inn på Fjellhaugvatnet.

Det var ingen synleg sti her, men framleis fann vi steinar som vi innbilla oss viste veg. Uansett så bestemte vi oss for å klyva opp ei fjellsida og halda oss litt i høgda.

Ein ny kikk på kartet, og vi kunne slå fast at vi framleis var på rett veg. No hadde vi vel eigentleg bestemt oss for at når vi nådde stien, så skulle vi fygja den ned att mot Omvikdalen – for der hadde vi aldri gått før.

Det var lurt å halda seg oppe i høgda for då vi kom rundt siste «sving», såg vi at vi var på veg inn i ein liten dal. Her var det idyllisk å fint å gå 🙂 Her bestemte vi oss og for å ta ei matpause, fann oss ein stein, snudde oss og…

…såg rett på varden på Gråfjell 🙂

Vi fann ut den var lenger vekke enn det såg ut til, så Gråfjell vart uansett skrinlagt. Men dette var ikkje det einaste vi såg. I frå pauseplassen vår sat vi og såg…

….rett på Fjellhaugvatnet, skisenteret, Ingahogg og omeng 🙂 Hvis ein ser godt etter, ser ein faktisk ein liten bit av Nautavatnet og 🙂

Frå pauseplassen kunne vi sjå at vi nærma oss veldig stien.

Etter litt mat og drikke forsatte vi turen rett fram igjen. Vi hadde ikkje gått så veldig langt når eg løfta litt på hovudet og fekk auge på dette…

….skilta til Gråskallen og Tverrfjell! Ikkje så gode å sjå på biletet, men dei står på toppen der.

Så snur eg meg og ser rett på denne raude T’en. Kikkar ned og ser at eg står midt på stien opp i frå Omvikdalen 🙂

Vi er ikkje nokon racer’a på kart og kompass (faktisk kan vi ingenting), men no var vi krye som hanar over kva vi hadde fått til 🙂

Eg synes Max og ser litt stolt ut, eg? 😉

Vi haldt på planen vår om å fylgja stien ned på Omvikdalsida. Vi gleda oss til å sjå Dalsvatna og utsikta ned i dalen. Vi visste og at det kom til å bli bratt, men ana nok ikkje kor bratt…

Ganske raskt kom vi forbi Dalsvatna.

Stien her gjekk både litt opp og ned, men mest på ned, sjølvsagt 🙂 Det ana oss litt at dette kunne bli tungt på knea.

Wow! Denne utsikta kom litt brått på oss. Skulle vi ned hit?? Ein får ikkje heilt inntrykk over kor bratt det eigentleg er på biletet.

 

Vi måtte fotografera litt her, det var rett og slett fantastisk flott å sjå Omvikdalen i frå denne vinkelen 🙂

Og her ifrå gjekk det kun ein veg…

….nedover…

…og nedover. Sjekk den utsikta!

Tilbakeblikk oppover.

Ja, det får ein seia – det var stien sin det! At ein person har funnet ut at ein kan koma seg opp/ned her er no så, men at så mange har hive seg på at det er blitt ein sti? Og attpå til fått den T-merka?? 😉 Det siste stykke måtte vi nesten kasta oss frå tre til tre 🙂

Vi har jo snakke diverse ganger om at vi skal gå opp denne vegen til Gråfjell eingong. Det kjekkaste med å ha gått ned her no er å kunna slå fast at for min del kjem ikkje det til å skje 😉 Kava meg opp denne stien?? Nei, takk 🙂 Men for all del, om ein likar oppoverbakkar så er jo dette ideelt – Magnhild såg ikkje svart på å gå opp denne vegen – ho skulle ikkje ned same veg fleire gonger 😉

Begge var vi veldig glade då vi endeleg…

….kom hit 🙂

Og hit er her: På toppen av Blådalssvingane, ja, eller kanskje det heiter noko anna her og?

Ei lita pust i bakken her og så vart vi plukka opp av ein reddande engel som hadde kasta seg i bilen for å henta oss – det var ikkje aktuelt å gå same vegen heimatt 🙂

Ja, det var litt av ein tur! Det eg trudde skulle bli ein liten tur, vart til ein 5-timarstur 🙂 Om dette blir ein tur eg kjem til å gå fleire gonger, veit eg no ikkje, men det var i allefall ein kjempeflott og kjekk tur på stadar eg ikkje har vore før 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.