Semulegrynsgraut på Gardshammar, eller??

I dag fekk Ann Irene velgja turmål, og valgte seg då Gardshammar. «Ja, ja, det er vel berre til å hiva seg i det», tenkte eg. Eg har ikkje vore til Gardshammar på eit par år, og sist gong var eg oppriktig tala redd eg var i ferd med å få hjarteinfarkt på vegen opp. Eg sleit som ein makk og då eg endeleg var oppe flata eg ut og måtte ha ei stund for meg sjølv i lyngen 🙂

Men den gongen var det frykteleg varmt og kroppen spela ikkje på lag. I dag var det fin temperatur og eg var klar for å prøva meg igjen 🙂 Vi vart einige om at nista i dag vart semulegrynsgraut kokt på stormkjøkenet 🙂 Eg skulle ta meg stormkjøken og Ann Irene ingrediensane til grauten – fin fordeling 🙂

Ein kjapp stopp på Best for å kjøpa gass, og så la vi i veg mot Bondhusdalen 🙂

Vi var absolutt ikkje dei einast som skulle på tur her i dag 🙂

Det er tydeleg at regnet den siste veka har gjort sitt – det mangla ikke på vatn i elva og i bekkane lenger 🙂

So far so good – det gjekk forholdsvis lett og raskt å koma seg inn her 🙂

No gjenstod berre fjellsida og alle svingane 😉

Det gjekk veldig greit oppover i dag. Ann Irene haldt seg, som vanleg, nokre meter framom meg. Ja, bortsett frå då vi møtte nokre kyr midt i vegen, då seig ho liksom lydlaust bak meg og gjorde seg så lita ho kunne 😉

Utsikt ned mot Bondshusvatnet.

Dette er den finaste plassen på vegen opp – det er så grønt og fint 🙂

Vi syntes vegen var mykje meir steinete enn den har vore før. Det kan vera at vi huskar feil, eller det kan vera eit resultat av at vegen er mykje meir brukt enn tidlegare. Det var mykje folk på veg både opp og ned berre i dag 🙂 Dog skulle eg ynskja at nokon som har lov til det kunne tatt seg ein tur og slått ned all brennenesla som veks langs vegen og legg seg innover. Enkelte plassar må ein passa på å gå midt i vegen for å sleppa å vera borti. Ein ting er vi lokale som veit det er brennenesle, men her kjem jo heile verda og går tur – kor god er dei i norsk botanikk? Vi såg ikkje eit kjent fjes i dag, men høyrte mange språk 🙂

Kjerringa med stavane 🙂 Ann Irene hadde knabba mannen sine stavar i dag og fått for seg at ho skulle øva seg å gå med det. Ho hadde nemleg fått beskjed av opptil fleire då ho var på tur til Melderskin at ho burde ha stavar med. Eg slo dermed fast at 2018 er eit merkeår – året Ann Irene gjekk ein heil skitur med solbriller og gjekk med stavar på fjelltur 🙂 Og enda er vi berre litt over halvvegs inn i året… 😉

Utsikt ned i Bondhusdalen.

Det var vel når vi var komen omtrent her eg byrja få ei nangande kjensle… «Shit og!» Eg lot Ann Irene siga litt lenger i frå meg, for no såg eg for meg at eg kunne få både ein lusing og kjeft…. Då ho låg ein sving framom meg mota eg meg opp: «Øh…Ann Irene!!», ropte eg. «Mmmm…Eg trur gassen liksom ligg igjen i bilen…» «Hæææ???» «Eh..ja..eg kan ikkje huska at eg la den i sekken. Eg er ikkje sikker, men eg er nesten heilt sikker på at den ikkje er med..»

Eg luska meg opp til ho og stålsette meg for kjeft. «Ja, ja, då får vi laga graut når vi kjem ned att. Eg har sjokolade og salte fiskar», var svaret. «Eg har lefser», skunda eg meg å leggja til. Så då ordna det seg likevel 🙂 Og så hadde vi noko å sjå fram til når vi kom ned att og 🙂

Oijsann! Eg veit ikkje kortid denne er kome ned, men den bør vel kanskje og fjernast før «FonnaOpp» neste helg??

No nærma vi oss toppen, og brått…

…kikka vi opp på Gardshammar 🙂

Vi sat inn eit siste gir…

…og så var vi oppe!

Og det hadde gått så fint! Det gjekk vel ikkje så raskt, men eg var ikkje utsleten og var i fin form 🙂 Eg er ikkje så god på tider, men eg trur Ann Irene fann ut vi hadde brukt 1 time og 43 minuttar i frå bilen – det må vera bra til meg å vera 🙂 Det var rett og slett oppløftande å kjenna at kroppen funka så bra 🙂

Dog var det ein liten nedtur å kikka i sekken for å finna ut at eg hadde rett i at gassen låg igjen i bilen 😦

Vi hadde litt energi igjen og bestemte oss for å gå opp til Botnavatnet før vi slo leir.

Og då tok det ikkje lang tid før vi var her 🙂 Det gjekk folk opp og ned Gjeldfeskaret (?) heile tida medan vi var her 🙂

Vi hadde gått i singlet heile vegen opp, men det var litt anna temperatur her oppe…

…då var det godt at Ann Irene hadde huska å pakka med gapahuken. Den kom opp akkurat i tide til regnet kom 🙂 Blas godt gjorde det her og.

Men inni her kunne vi sitja å kosa oss i ly for både regn og vind.

No hadde eg gledd meg til ei kald cola. Er rota rundt i sekken min, drog ut alt, men ingen cola! Tilslutt måtte eg vedgå at den nok stod heima i kjøleskapet framleis. «Nei, Ann Irene – no må vi koma oss meir ut på tur! Eg trudde eg pakka sekken så godt i dag, men det er jo heilt tydeleg at eg er ute av trening!» Ann Irene berre lo av meg og sa seg eining.

Sidan grautkokinga gjekk ad dundas, fekk vi dela på det vi hadde – lefser, sjokolade og salte fiskar. Då Ann Irene hadde tømt sekken sin, kikka eg meg rundt…

» Er det det du har med til grauten?». «Ja». «Mjølk, smør og sukker og sånt då??». «Skulle eg ha med det???». «Eh, ja. Eg skulle ha med stormkjøken og røreting – du skulle ha med alt til grauten!». «Åhhhh, he-he, eg trudde eg berre skulle ha med semulegryna!» Og sånn vart vi skuls att 😉

Skit og – vi klarte oss med det vi hadde….

….kikka ut på vatnet og høyrte det gjekk folk bak ryggen vår dann og vann 🙂

Bått høyrte eg «plinge-ling» rett attmed oss. «Åååå, der er dei kjekke geitene!». «Det der er villsau og ikkje nokon geit!», fekk eg til svar. «Jammen, eg såg horn..», «Det er likevel sau!». «Kanskje dei går i lag??, prøvde eg meg. «Nei!», var det kontante svaret og der låg den samtalen død.

Det var på tide å pakka saman igjen. No blas det slik at vi måtte stivhalda på gapahuken når vi slo den saman slik at den ikkje skulle hamna i vatnet. Når vi skulle leggja den saman, fraus vi nesten naglabet på oss.

Det var skikkeleg gufse her oppe og når vi gjekk mot Gardshammar byrja det regna skikkeleg. Ann Irene hadde tatt med regnjakke – eg hadde berre snurra med meg ein….

…regnponcho 🙂

Er ein turist, så er ein turist 😉 Regnponchoen var på akkurat lenge nok til at vi fekk tatt eit bilete – då var det ikkje så mykje regn lenger, så den forsvann i sekken igjen 🙂

Dunjakka forsvann av nokre svingar lenger nede – det er godt vi er fjellvante nok til å ha med kler for dei fleste forhold 🙂 Kunne faktisk hatt med hanskar i dag, då…

Eit sjeldan bilete i frå meg – Ann Irene framante på sti 🙂

Det gjekk veldig greit å koma seg ned att og. Grusvegen tilbake til bilen er jo ganske kjedeleg, men i dag fekk vi no sett litt diverse – det rann på med folk både opp og ned. I dag må Bondhusdalen vore den travlaste «gata» i Kvinnherad 🙂 Det kom til og med ein undom berande på ein høgtalar nesten like stor som seg sjølv på ryggen…. Eg baud opp Ann Irene til dans, men fekk avslag -ho var sikkert trøyt i beina 😉

Vi hadde ein veldig kjekk og fin tur i dag. Kjekkast av alt var sjølvsagt å kjenna at kroppen funka så bra. Eg håpar det er eit teikn på at dette kan bli ein fin fjellhaust 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.