Kjekk tur til Strandasetra!

Det vart jo overraskande fint ver i helga 🙂 I går hadde eg rigga meg til ute i sola og slappa av med strikketyet mitt då Ann Irene ringte og gav beskjed om at «Eg MÅ på tur – kor kan vi gå?». Ja, kor kunne vi gå? Det er framleis mange stader vi ikkje har vore, men å koma på nye plassar er ikkje alltid så lett. «Tja, det står eit skilt ved ein skogsveg rett etter siste sving på Løfall – kanskje vi kan prøva den?»

Som sagt så gjort, brått hadde vi parkert og stod klare for å gå hit….

….til Strandasetra.

Klokka nærma seg 1600 allereie, så vi skulle berre gå ein liten ettermiddagstur…

Her var ingen kjære mor og lett oppvarming. Det er synd ein ikkje kan sjå av biletet kor bratt det var, men bratt var det i frå fyrste steg!

Det var dei to fyrste strekkene som var brattast, deretter var det litt bratt, litt slagt og litt bortover om ein annan. Men kroppen fungerte lika bra i går som då vi gjekk til Bondhusdalen, så eg syntes det gjekk veldig greit å koma seg oppover. Det var, mot normalen, Ann Irene som klaga litt på melkesyra i beina i går.

I denne svingen gjekk det og ein veg rett fram. Vi kikka på Norgeskartet og såg at det gjekk ein sti der, men det stod ikkje noko navn til kor den gjekk til på kartet. Vi valgte difor å fylgja planen, og skiltet, mot Strandasetra.

Vi gjekk lenge omringa av skog og utan noko utsikt, men no såg det ut som om det snart skulle bli ei endring 🙂

Jepp, det vart det – her utsikt rett bort på Varaldsøy…

…..og ut fjorden 🙂

Her stod det og ei lita hytte i vegkanten – vi skjøna at det ikkje var Strandasetra og at vi skulle lenger.

I siste sving, eller litt forbi, (huskar ikkje heilt) står dette skiltet. Vi kikka igjen på Norgeskartet og fann ut at det måtte jo stemma heilt at Kjeldestøl ligg på andre sida av fjellet her. Så då er spørsmålet til dei som er kjente her – funkar denne stien, og er den evt. grei å fylgja? Det såg litt igjengrodd ut…

Tilbakeblikk ut fjorden. Vi var no på siste strekkja og snart flata vegen nesten heilt ut og vi kunne spasera…

…fram til Blåbærhaug 🙂

Og jammen var det bok vi kunne skribla namna våres i her og 🙂

No var det slutt på skogsvegen og vegen vidare mot Strandasetra gjekk på ein, i går, forholdsvis våt sti….

…i 300 meter, i fylgje skiltet.

Vi måtte jo gå heilt fram når vi fyrst hadde kome så langt, så då tok det ikkje lang tid før vi skimta….

….Strandasetra 🙂

Dette var jo ei koseleg lita seter 🙂 Idyllisk og fin – til og med ny utedo 🙂 Vi prøvde ikkje den altså…

Vi gjekk opp på næraste topp og sat oss ned for å eta litt niste. Dvs. niste og niste – vi skulle jo ikkje på langtur, så vi hadde ikkje så mykje med oss i går – eg kunne spandera eit par kjeks på Ann Irene. Sjokoladen ho hadde med seg sparte vi til litt seinare 😉

Ja, for dåke må no ikkje tru at turen vår slutta her. Neida, Strandasetra ligg jo omgjeven av toppar, og eg skjøna jo med eingong eg såg det at vi måtte lenger. Ann Irene byrja forsiktig å ymta om at det sikkert var litt fin utsikt hvis vi berre gjekk litt opp…»Ja, ja, eg kjenner deg – lat oss gå!» 😉

Vi fann faktisk ein sti, men den gjekk ikkje så langt. Det viste på kartet at vi var i nærleiken av eit vatn, så dit ville vi. På kartet såg det sånn passe stor ut, i verkelegheita….

….var det ikkje større enn dette 🙂

Det var no fint her då 🙂

Det var i det heile tatt veldig fint terreng å gå i her – lyng og mose – mjukt og godt. Litt tungt iom at det var litt vått, men vi likte oss likevel her. Og så var vi litt overraska over terrenget – tenkt at det var så fint i fjellet over Løvfall?? Kven skulle trudd det? Når ein køyrer forbi ser ein jo berre rett opp i ein skog, og glyttar ein bort på fjella i frå ferja, så ser det jo og berre ut som eit bratt fjell.

Men vi var framleis ikkje kome oss opp på nokon topp over Strandasetra, så no…

…peisa vi berre rett opp lia…

….til vi stod på toppen her og kikka rett bort på Gråurdstinden – trur vi?

Fjellet var ikkje så breidt her når vi kom opp, no stod vi og å kikka ned på…

….Myrdalsvatnet….

…bort på Melderskin….

….og sjekk den utsikta mot Rosendal og omeng!!!!

Ja, her var det jammen flott! Ann Irene vart litt molefonken då eg sa nei til at vi skulle gå mot Gråurdstinden. Vi hadde ikkje mat og drikke med til ein slik tur, og nå var eg ikkje interessert i fleire oppoverbakkar – sjølv om det framleis gjekk heilt greit å gå. Eg visste og at om vi skulle få auga på Nordlifjell i frå Gråurdstinden, så måtte vi antagelegvis gå dit og 😉 Så det fekk eg heldigvis snakka ho i frå – den turen får vi ta ein anna gang 🙂 Eg måtte og minna ho på at vi no er komen så langt på året at vi to bør leggja hovudlykt som standar utstyr i sekkane våres – just in case. Vi har vore litt i putlo før når turen har vorte litt lenger enn den skulle…

Istadenfor valgte vi å fylgja den T-merka stien….

….mot Navarhaug.

Vi var begge heilt sikre på at vi såg ein varde på toppen lengst vekke her, så vi bestemte oss for å gå dit før vi måtte koma oss ned fjellsida igjen.

På vegen traff vi på denne kjekke karen og gjengen hans 🙂 Eller, han var ikkje så veldig kjekk, for sama kor mykje eg lokka og skapte meg…

….så lata han som om eg var luft og ignorerte meg heilt 🙂 Snakk om stabukk!

Vi kom aldri fram til den varden vi meinte vi såg – for brått såg vi hverken varden eller toppen lenger. Vi skjøna ingenting og gjekk til og med ut på kanten av fjellet for å sjå om vi hadde gått forbi? Men, nei, ingen varde i sikte. Det kan henda høgda på toppane spela oss eit puss på avstand, og at den låg på ein topp lenger framme som vi no ikke såg. Vi bestemte oss likevel for at vi no måtte byrja å skråa ned fjellsida, for lenger framme såg det veldig bratt ut. Vi heiv oss difor utfor fjellet og byrja gå på skrå ned i retning Strandasetra.

Litt bratt, men framleis mjukt og godt, så vi hadde ikkje slege oss så voldsamt om vi hadde ramla litt.

Det var ein vakker kveld 🙂 Varmt og fint, sjølv om det no lakka og lei mot kveld.

Vi hadde ein plan om at vi skulle koma oss ned ved enden av skogsvegen, altså ved Blåbærhaug….

….og snakk om å treffa spot on 🙂

Som vanleg var vi veldig imponert over vår eigen stadsans – og feira med sjokolade 😉 No skulle vi berre fylgja skogsvegen ned att til vegen.

Vi var skjønt einige om at dette hadde vore ein mykje kjekkare tur enn vi hadde trudd på førehand. Hit skal vi heilt sikkert fleire ganger. Vi kan f.eks setja ein bil i Rosendal og gå ein rundttur – det er sikkert fint. Og så lurer vi på: Hvis vi skal til Nordlifjell, vil det ikkje då vere kjappaste vegen om vi går opp denne vegen til fjells? Det ser mykje lenger ut å gå i frå f.eks Bjørke evt. Kletta? Her vil vi gjerne ha råd om nokon har 🙂

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.