#nattinaturen 2018

Eigentleg burde vi hatt mange #nattinaturen i 2018 allereie, men vi har visst tapt oss litt 😉 Men 1.-2. september arrangerer Norsk Friluftsliv felles #nattinaturen, så då måtte vi jo hiva oss rundt. Dvs. vi klarte ikkje venta – vi tok den natt til 1.september 🙂Då bestemte nemleg Ann Irene at vi skulle gå til Såto og overnatta der. Eg var så glad for at nokon ville vera med på telttur att, at eg svara ja utan å mukka. Eg fortrengte heilt at Såto…

….er halvvegs til Englafjell – øverst der kor det grøna på fjellet stoppar!

Eg hadde i bakhovudet når eg pakka at vi skulle gå ganske bratt oppover eit langt stykke, og eg prøvde verkeleg å pakka fornuftig. Men, når eg var ferdigpakka….

….og lyfta på sekken, ja, då slo det meg brått: «Du kjem aldri til Såto med dette på ryggen!!»

Likevel var det ikkje eg som hadde vit nok til å stoppa galskapen – det var faktisk Ann Irene som ringte: «Du, eg har kjent på sekken min, og eg veit ikkje om eg kjem meg til Såto – vi skal ikkje køyra i Blådalen i stadenfor??»

Takk, O» Store Gud – eg var ikkje sein om å seia meg eining. Problemet med å  køyra i Blådalen er at ein veit ein ikkje skal bera sekken så altfor langt i frå bilen – så då var det jo berre til å lessa på sekken enda meir «stæsj» 😉 Og då kunne vi jo brenna bål – så vi måtte finna fram ved i tillegg…

Då vi endeleg hadde landa ved endes av vegen til Vetrhus, såg vi slik ut….

Pakkesel 1….

….Pakkesel 2.

Det er her altså kun snakk om ei (1!!!) overnatting i telt!!!

Då Jorunn og eg padla på Vetrhusvatnet i fjor, fann vi ein plass det såg veldig fint ut å telta. Det var her Ann Irene og eg no hadde bestemt oss for å slå leir. Det er ikkje lange spaserturen, men jammen var den lang nok. Då vi kom fram hadde vi begge 20cm lengre armar enn då vi starta å gå….

Heldigvis såg plassen lika fin ut som vi hadde sett for oss, så dette kom til å bli bra. No hadde det blitt så seint på kvelden allereie at det hadde byrja myrkna, så…

…medan eg sat opp telt, fyrte Ann Irene opp eit blå vannkanten 🙂

Sjølv om vi har opptil fleire Berganstelt, satsa vi denne gongen på billegteltet mitt i frå Europris. Eg har ikkje prøvd det midtvinters, eller i regnver enda, men til slike netter som var frå fredag til laurdag, funkar det heilt supert. Som dåke ser er det god soveplass for to, ein kan sitja oppreist i det (det går ikkje i Berganstelta våres) og forteltet er nesten like stort, så det er god plass til alt pikkpakket våres. Og – eg har foreløpig ikkje registret nokon kondens inni teltet.

Eg har ei lita lyspærelykt som passar fint til å lysa opp i eit telt. Den har eg leita høgt og lågt etter i lengre tid, utan å finna den. Før denne turen var eg igjen å endevendte alle kassar og boksar i frå loft og til kjellar på jakt etter denne – utan resultat. Den fann eg igjen i innerteltet når det kom på plass….Eg har sikkert lagt ho igjen der med vilja for at eg ikkje skal gløyma å ta den med 😉

Teltet var på plass og vi kunne senkja skuldrane og setja oss ved bålet og….

…koka tomatsuppe til kveldsmat 🙂

Koseleg camp 🙂

Her sat vi å pludra om så mangt utover kvelden, men til slutt var det tid for å trekkja inn i teltet.

Denne kvelden prøvde vi trikset med å varma opp teltet med telys. Eg veit ikkje om vi kan svara på om det virkar, for det var ikkje så lenge vi brydde oss før vi blas dei ut – vi synes jo ikkje det var kaldt i utgangspuktet, og vi ville jo eigentleg leggja oss til å sova, og det gjer ein jo ikkje med tente telys! Så vi får testa det ut ein anna gang når vi frys.

At vi ikkje fraus denne natta, skuldast nok at vi hadde pledd i botnen, reinsdyrskinn oppå der og liggjeunderlag øverst. Ann Irene valgte å liggja i ull, dynjakka og ein sovepose. Eg valgte som vanleg ull og sommarsovepose inni 3-sesongsposen, som av ein eller anna grunn, heiter vintersovepose. Huer på hovudet og eg tulla til og med eit svært sjal rundt hals å skuldre, så det var null varmetap i frå meg denne natta 🙂

Med flatt underlag og eit breidt hengekøyeliggjeunderlag, låg eg betre enn nokon gong i eit telt. Det gjekk an å snu seg i løpet av natta utan å balansera på eit smalt underlag, og det var ingen tuer, steinar, eller erter som plaga meg. Sjølv om eg vakna opptil fleire gonger i løpet av natta, var eg særs tilfreds når eg vakna om morgonen – og ikkje hadde eg frøse så mykje som på eit hårstrå heller 🙂

Ein kan jo ikkje vera anna enn tilfreds når ein vaknar til dette 🙂

Titttei 🙂

Vi hadde spart litt ved så vi kunne tenna oss eit lite bål no og, og så vart det….

…egg og bacon på skjeva til frukost 🙂

Laurdagen vart jo og ein vakker dag, så vi bestemte oss for å ta ein liten tur i området, for her hadde vi ikkje vore på tur før. No ville vi gå mot kanten slik at vi forhåpentlegvis fekk utsikt ned i dalen. Men fyrst….

…operasjon «endevendteltetpåleitetterAnitasinmobil» – for ein kan jo ikkje gå på tur utan å kunna dokumentera det. Mobilen låg forøvrig trygt plassert i innerlomma på dunjakka som eg heile tida hadde hatt på meg….

Så var vi igang med turen og kunne kikka tilbake på teltplassen.

Ho fekk ikkje gå så veldig høgt på denne turen, men sat pris på dei små motbakkane ho fekk gå 😉

No nærma vi oss kanten og kunne kikka rett bort på Blådalsvatnet og demninga.

Brandviksvatnet i enden her.

Sjeldan vi går så kort tur for ei slik flott utsikt 🙂

Ann Irene kikkar heim mot Ulvanåso 🙂

Vi bestemte oss for å gå bort på toppane som låg lenger til venstre for å kunna få enda betre utsikt mot Brandviksvatnet.

Er det ikkje flott?

Eg er ganske sikker på at eg ser Blådalshytta på biletet her 🙂

Her ser dåke grunnen til at det ikkje vart så lang fjelltur denne dagen – vi hadde jo kun med kler med tanke på at det kunne bli kaldt om natta! Det er enda litt for tidleg å gå fjelltur på dagtid med vinterhabitten på – det vart varmt nok på oss i går 🙂

Så var vi tilbake ved teltet igjen.

No gjenstod det berre å få pakka saman pikkpakket igjen og ta fatt på heimturen. Og sjølv om vi no hadde ete opp det meste av maten, drukket opp det meste av drikka og brent opp all veden….

….såg vi like nedlessa ut på veg heim frå camp som vi var til camp 😉

Dette vart ein kjekk og vellukka telttur 🙂 Vi har sakna desse turane våres og er skjønt einige om at vi må få tatt oss slike turar oftare – vi satsar på at vi får ein lang og fin haust 🙂

Men Såto, Såto trur eg at får venta til ein sommardag då vi kun treng ta med ein soverpose 😉 (Som om det kjem til å skje 😉 )

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.