Mjelkhaug!

«Vil du til Solfjell eller Mjelkhaug?». «Mjelkhaug». «Frå Valen eller Husnes?». «Husnes». Eg var litt tøff når eg svara på meldingane i frå Ann Irene fredag kveld. Ein skulle kanskje tur at eg har vore på Mjelkhaug opptil fleire gonger, men eg har faktisk berre vore der eingong. Då gjekk vi frå Uskedalen via Svartavatnet og bort – det var bikkjekaldt på Mjelkhaug og skodda – så vi såg ikkje det spøtt av nokon utsikt. Sidan har eg berre tenkt eg skulle vore opp att, og no fekk eg altså sjansen 🙂

Vardhaugselet har eg vore til mange ganger, og eg trudde faktisk ein måtte gå via det for å koma til Mjelkhaug. Når eg no sa ja til å gå frå Husnes, tenkte eg at vi kunne gjera kort prosess og gå opp langs mastene – slik at vi kom oss opp på fjellet fortast mogleg. Eg kunne nærast sjå Ann Irene himla med augo gjennom meldinga si «Det er jo den lengste vegen – då må vi jo gå over heile fjellet!».  Då skjøna eg ikkje heilt kor ho ville gå….

….og her er grunnen til det. Medan eg altså trudde vi måtte gå opp langs mastene (svart strek), over Svaneheia og via Vardhaug (hvis ein går frå Husnes), visste Ann Irene at ein kunne fylgja ein sti lenger til venstre, koma over Bremstølen og gå rett opp på Mjelkhaug.

Det ser ein og på skiltet på Helland – ein kan gå opp mastene, eller ta stien til venstre 🙂

Vi gjekk for Ann Irene sitt forslag denne gangen, og gjekk til venstre eit lite stykke…

….før stien delte seg igjen. Eg har jo gått denne vegen til Bremstølen før, så eg burde sikkert ha visst at det gjekk sti til Mjelkhaug her….

Så bar det inn i skogen  – og oppover!

Sjølv om ikkje sola kom heilt igjennom, vart det fort varmt å gå i går. Det var 15-16 grader og ganske fuktig luft. Det var bratt oppover i skogen, og mykje våte og glatte røter i stien, så vi måtte trø forsiktig. Eigentleg var det litt kjedeleg å gå her då det er så tett skog at ein ikkje ser kor langt opp ein er komen, eller kor langt ein har igjen.

Det vi derimot såg mykje av var sopp! I diverse variantar 🙂 Eg har aldri sett så mykje sopp i skogen som i år. Men hverken Ann Irene eller eg er soppekspertar, så vi finn det tryggast å la dei stå 🙂

Endeleg nærma vi oss tregrensa, og fekk utsikt ned mot Husnes 🙂

Og akkurat i grensa her har nokon bygd seg ei lita hytta 🙂

Utsikta deira kan dei ikkje klaga på 🙂

Vi tok ei lita pust i bakken her – bokstaveleg tala….

….for vi var jo ikkje oppe på fjellet heilt enda. I frå hytta gjekk stien skrått oppover, så rett opp her, over ei lita elv….

….og så er ein endeleg oppe – på det fyrste fjellet, vel og merka 😉

No gjekk stien rett bortover eit godt stykke….

….heilt til vi kunne kikka rett ned på Bremstølsvatnet 🙂

Men no vart det slutt på bortoverstien….

….no skulle vi oppover….

…..og oppover…

Det nytta jo ikkje å klaga heller (sjølv om eg prøvde), eg hadde jo sjølv valgt turmål og veg i går….

Endeleg kunne eg skimta varden på Mjelkhaug i det fjerne!

Yohooo – framme 🙂

Utsikta i frå toppen 🙂

Vi sørgja sjølvsagt for å knota ned namna våres i boka 🙂

Men turen vår slutta ikkje her, vi måtte sjølvsagt bort til Mjelkhaugsteinen. Den innbilla eg meg at låg på toppen, men det gjorde den jo ikkje – vi kunne faktisk ikkje sjå den herifrå eingong!

På veg mot steinen fekk vi fin utsikt ned mot Valedammen.

Det er no løye med det – denne Mjelkhaugsteinen som ein kan sjå både i frå her og der nede ved fjorden, den må ein faktisk nesten…

….heilt bort til før ein ser her oppe på fjellet 😉

Det blas og var kaldt her oppe. Då var det godt vi hadde sekkane fulle med kler og at Ann Irene hadde varm…

….grønnsaksuppe på termos med til oss:-)

Vi kroa oss godt til innunder steinen medan vi åt nista vår og kikka rundt oss. Herifrå ser vi faktisk det meste av fjell i Kvinnherad – Englafjell, Ulvanåso, Melderskin, Gygrastol, Horgjo…

….for ikkje å snakka om ein bråte med stein! Tenk dåke ein heil dag med «Monsen minutt for minutt» herifrå – det trur eg hadde vore ein rimeleg kjedeleg seanse 😉

Eg har tenkt det høyres kjekt ut å gå herifrå til Horgjo, evt. andre vegen, men når eg no såg landskapet, trur eg att eg legg den ideen på is. Så mykje stein trur eg rett og slett ikkje knea tåler – og ikkje eit evt. turfylgje heller, for eg antar at eg vil byrja møsa over antall steinar mange timar før turen er slutt 😉

Men eit fasinerande landskap er det uansett. Ein anna fasinerande ting vi såg i går var ørna som sveva rundt oss her oppe…

….og så kjedeleg at ein slik stor fugl, som sjølv om den er ganske nær deg, berre blir ein liten prikk og ser ut som ein skitflekk på linsa når du tar bilete av den…

Det var på tide å byrja på å gå ned att. Vi tok ein ny stopp ved varden for å foreviga kvarandre…

Det er jo tydeleg at det er verhardt her oppe 🙂 Kanskje nestemann opp kan ha med seg eit nytt flagg?

Det det gjekk heldigvis fortare nedover ura igjen enn oppover. Vi fekk tid til litt djupe diskusjonar og refleksjonar: «For eit kjedeleg liv det må vera å vera eit grasstrå!» Vi brukte sikkert 5 min. på å diskutera rundt det temaet. Vi brukte ganske mykje tid på å diskutera skrittlengder. Der er vi ganske ulike – Ann Irene med sine laaaaange skritt og eg trippande etter. Når ein ser oss kvar for seg, ser det jo ut som om eg går dobbelt så fort som Ann Irene, men i verkelegheita ligg eg jo laaaangt etter. Det blir vel omtrent som å sjå Kowlacyk i sine beste langrennsdagar mot Johaug før ho byrja bli skikkeleg god 🙂 Utan at eg forventar at våres utvikling går i same retning som deira… 😉

Vi heiv oss utfor den fyrste stien ned mot Bremstølen. Den såg gysla bratt ut, men gjekk litt meir på kryss og tvers enn det såg ut til frå toppen.

No nærma vi oss slutten på stien og skal inn i skog i gjen – heldigvis. Vi gjekk jo med ryggen til fjellet og såg ikkje kva som foregjekk bak oss, men i det eg trykka på utløysaren for å ta dette biletet, byrja det å buldra og braka noko voldsamt bak oss!

Ja, det var ikkje måte på tordenbrak – i eit sett. Jammen var vi glad vi var komen ned i skogen. Dvs. det var eit ope lende vi måtte over før vi kom inn i skogen att. Ann Irene, som trudde ho hadde slete meg heilt ut på denne turen, vart skvettande øvegidd når eg la på sprang over stein og lyng – eg tippar Warholm hadde slite med å halda fylgje 😉 Då eg litt lenger nede i skogen advara ho mot at det godt kunne henda eg flata ut og trakk mitt site andedrag om litt iom at eg allltid har sagt det skal stå «gjekk bort med bulder og brak» på gravstøtta mi, fekk er eit tørt svar: «Eg tenkjer ikkje sjansen er så stor. Med tanke på kor raskt du sprang for å nå skogen for å sleppa unna lynet, har eg ikkje noko trur på at du har noko dødsynskje i dag!»

No når vi var inne i skogen på veg ned mot Helland igjen, gjorde det oss ingenting at det buldra og smalt rundt oss, vi syntes eigentleg det var ganske koseleg. Vi høyrte korleis veret bevega seg frå ovanfor oss og for vidare over Manen og innover og over fjorden. Det buldra framleis godt når vi snudde oss og såg…

….at bak og over oss var himmelen blåare enn det hadde vore nokon gong tidlegare denne dagen 🙂

Det gjekk heilt fint – Ann Irene hadde heilt rett i at eg ikkje kom til å flata ut denne dagen 🙂 Då vi nådde bilane var klokka blitt 1815. Vi starta kl 1145, så turen vart litt lenger enn vi hadde trudd.

Sjølv om dette var ein litt brattare tur med meir oppoverbakkar enn det eg likar, så hadde vi ein fin tur. Om eg kjem til å gå til Mjelkhaug fleire ganger veit eg ikkje – akkurat no er er litt sånn «been there done that», men kven veit 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.