Tilbake til Innsbruck!

I min pure ungdom – faktisk heile 28 år sidan –  reiste eg til Østerrike og jobba som au-pair eit år. Eg budde då i ein liten landsby som heiter Axams ikkje så langt i frå Innsbruck. Vi var ein god del au-pairar i Innsbruck og omeng det året, så vi vart ein god gjeng som haldt i hop når vi hadde fri. I ettertid har vi på sett og vis klart å halde kontakten – dei siste åra mykje godt takka vera Facebook 🙂 Og det var akkurat der eit lyst, svensk hovud slang ut spørsmålet i april/mai: «Skal vi ikkje få til eit treff i Innsbruck??»

Sjølvsagt skulle vi det! 8 stk. var vi som haldt i hop heile året, og tru det eller ei, alle 8 var klar for reunion sist helg 🙂 5 norske og 3 svenske damer på tur 🙂

3 uskedelingar og 1 svensk dame kom ned allereie torsdag kveld….

Ein liten prosecco under ei mellomlanding i Frankfurt. Det kunne raskt ha blitt ei lenger mellomlanding enn planlagt, då det berre var tilfeldig at Marit kikka rundt hjørna og såg at gaten vår var stengt 😉 Men vi kom med flyet, altså 🙂

Vi hadde booka to leiligheiter i Alstadt (gamlebyen) og meir sentralt enn dette går det ikkje an å bu! Vi var litt spente på korleis det kom til å sjå ut, for vi syntes det var litt utruleg at det var ledig, men plassen var heilt perfekt!

Nærare Golden Dachl kan ein vel nesten ikkje bu – og vi kunne kikka rett ned på «torget» 🙂

Dei siste 4 skulle fly til Munchen på fredags formidag, leiga bil og køyra til Innsbruck. Medan vi venta på dei, leigde vi oss og bil og la ut på ein sightseeingrunde. Fyrste stopp var å køyra opp til Axamer Lizum – skisenteret ovanfor Axams.

Her hadde eg min debut på slalomski. Det er synd skodda kom nedover bakken her så ikkje dåke får sett kor bratt og smalt det er! Eg huskar eg prøvde å seia til dei andre at eg måtte gå i barnebakken å øva meg fyrst, men det såg dei ikkje vitsen med – så dei lokka meg med til topps. Eg trur eg brukte 3 timar på å gå sidelengs ned 🙂 Og når eg endeleg kom ned gav eg beskjed om at dei fann meg på puben når vi skulle heim 😉
Utsikt over Axams på veg ned i frå fjellet 🙂
Kalchgruben – i denne gata budde eg 🙂

Turen fortsatte til Gøtzens kor Ann-Sofie budde ei stund, så ut til Mills for å sjå kor Marit budde. No burde sjølvsagt dei andre snart nærma seg Innsbruck, men dei stod enda i Munchen og venta på ein koffert som var fordufta… Så då fekk vi tid til enda meir sightseeing…

Vi fekk f.eks. tid til ein liten runde her i Swarovskiparken 🙂 Vi brydde oss ikkje med å betala oss inn for å sjå utstillingane, men butikken, derimot…
…..måtte vi sjølvsagt innom 😉
Til slutt fekk vi tid til ein liten runde i Hall, før vi handla inn litt tradisjonell snacks og hadde klar til dei andre damene dukka opp 🙂

Kvelden vart avslutta med eit måltid i Altstad kor vi fann ut at det var på tide vi møttes igjen slik at vi fekk korrigert minnene vi har frå 28 år tilbake i tid 😉 Sjølv om ein var sikker i sin sak om korleis det var, så kunne f.eks Kjellrun dra fram eit bilete som viste noko heilt anna 🙂

Eg er litt usikker på korleis det gjekk til, men på laurdagen vart vi, utan diskusjon, einige om å køyra til Fulpmes for å sjå på at kyra kom heim frå sommarbeite i fjellet…. Det kjem eige innlegg om det, då eg har i overkant mange bileter av desse kyra å visa dåke 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.