KUseleg laurdag ;-)

Laurdag i Innsbruck, og damene hadde alstå bestemt seg for å køyra til Fulpmes i Stubaital for å kikka på Almabtrieb – altså at kyra kjem heim frå sommarbeite i fjellet 🙂 I tillegg så er det eit fint område å gå fjelltur i, så det og stod på planen.

Medan den eine bilen plotta staden inn på GPS’en i bilen og køyrte rett til Fulpmes….

…..klarte vi, til tross for GPS i bilen, GPS på mobilen til Ann-Sofie og Google Maps på min mobil, å køyra heilt feil! Ann-Sofie var den som var mest ivrig på å nå fram og hadde den beste kommentaren då vi nærma oss ein politikontroll: «Køyr fort forbi så ikkje han stoppar deg!!»

Tilslutt fann vi fram vi og, og då var det berre til å venta på at flokken skulle koma ned i frå fjellet 🙂

Det skulle visa seg at Almabtrieb er ein skikkeleg festdag i landsbyen. Då er det musikk, folk pyntar seg i dirndl og lederhosen og stimlar saman for å ta i mot kyra. Det var i det heile tatt noko heilt anna enn eg såg for meg, og det var rett og slett artig å få med seg 🙂

I tillegg til å fotografera med mobilen, sprang Kjellrun rundt med speilreflekskameraet mitt – så her fylgjer ein overdose bileter frå årets Almabtrieb i Fulpmes 2018:

No var det på tide for oss å koma oss opp i fjellet og fyrste etappe tok vi…

….via skiheisen 🙂

Det var diverse ruter vi kunne ta når vi kom opp, og vi bestemte oss for å gå ein grusveg der vi skulle koma til ein Alm etter ca. 1 time…

Det var diverre ingen som hadde gitt beskjed på forhånd at eg burde tatt med kosten min på tur…. 😉

Det gjekk oppover, oppover, oppover og oppover….

…..til det endeleg flata ut når vi nærma oss Alm’en.
Her dreiv dei enda på å pynta kyra før dei tok fatt på vegen heim 🙂
Eg håpar ingen måtte gå med desse rundt halsen 🙂
Ahhh….var ikkje desse søte? Klar til å hjelpa til med å få kyra heim 🙂
Og medan kyr og gjetarar gjorde seg klare, var det på tide for damene å få i seg litt mat. For min del var det fort gjort etter å ha letta litt på salaten og fann ei åme som ville vore ganske søt alle andre plassar enn nettopp der… Dermed gjekk er rett over på apfelstrudel med vaniljesaus – ingen dårleg erstatning, får eg vedgå… 😉

Det viste seg at vi og kyra var klare til å gå på ned omtrent samtidig. Eg fekk tid til å fotografera det som vart mi favorittku før ho la i veg…

Sjå denne tøffa damo 🙂
Og medan kyra tok vegen rett fram ned, tok vi fatt på vegen til høgre.
Dette måtte vera ein slags «Sansesti», for her dukka det opp mykje artig…

I tillegg var det ganske fint her…

Vi og kyra kom ned samtidig 🙂
Litt synd at vi ikkje har bilete av han her bakante – han hadde sprunge så heile buksebaken sprakk 🙂
Her er helgas blinkskot 🙂 På veg tilbake til Innsbruck passerar vi hoppbakken i Bergiesel, og vi har den i augesyn ganske lenge. Sidan Kjellrun ikkje gjorde nokon teikn til å bremsa ned, fann eg ut at eg fekk rulla ned vindauga og fotografera den. Og slik gjekk det 🙂 Dåke får ta meg på ordet – hoppbakken ligg bak skiletet 😉

Laurdagen vart avslutta med ein koseleg middag på ein av restaurantane i Altstadt’en.

Flott temperatur å sitje ute i sjølv om det var langt på kveld – ingen jakke og ingen terrassevarmar 🙂

Søndag var siste dagen i Innsbruck for to av dei svenske damene, så då reiste vi ikkje så langt vekk, vi tok turen opp i fjellet ovanfor Innsbruck – Nordkette. Det kjem nok eit eige innlegg om det og 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.