Søndag vakna vi til det som såg ut til å bli ein strålande dag i Innsbruck. Dvs. vi vakna, som dei forrige morgonane, i 6-7 tida av «gatevaskarbilen» som bråka og skrangla noko så inni granskauen! Men gatene vart no i allefall reine….

Og Nordkette var akkurat det som stod på programmet vårt denne dagen. For å koma dit måtte vi fyrst ta Hungerburgbahn opp til Hungerburg – dette kan vi vel kalla Innsbruck sin Fløybane 🙂 Eg påstod at eg knapt hadde vore på tur i fjellet i Innsbruck før, men der fekk eg passet mitt påskrevet og bilete tilsendt som prov på at eg faktisk hadde vore i Hungerburg tidlegare 😉
Men no skulle vi i alle tilfelle enda lenger opp, og fortsatte med Nordkettebahn opp til Seegrube – 1900 meter over havet.



Det vart litt diskusjon om kor vi skulle gå vidare. Det er nemeleg utallege vegar og stiar å velgja i….



Det går faktisk an å ta banane ned att i frå fjellet óg, men det var ikkje noko alternativ for oss. Sidan to av dei svenske damene hadde fly heim frå Munchen om kvelden, og måtte forlata oss om ettermiddagen, valgte vi å gå grusvegen ned mot Bodensteinalm iom at den såg kortast ut.






Her tok vi oss ei vel fortjent pause i sola 🙂 Bestilte oss litt mat og drikke.




Så var tida komen for å ta farvel med Erica og Hillevi. Medan dei tok kortaste og brattaste veg ned i frå fjellet, kunne vi andre…



Omsider kom vi ned att til Hungerburg og kunne ta banen ned til by’n. No fekk vi det litt travelt med å springa rundt i souvenirbutikkane i gamlebyen for å handla litt dill med heim. Tru det eller ei, både fredag og laurdag hadde vi hatt det så travelt at vi ikkje rakk innom nokon butikkar før dei stengte! Tenkja seg til – 8 damer på tur og ingen var innom ein einaste butikk!! Ja, bortsett frå eit par turar på matbutikken 🙂
Kvelden vart nok eingong avslutta med ein middag i gamlebyen før vi gjekk heim og pakka for heimtur på mandag. Vi uskedelingane måtte opp klokka 0500 for å nå flyet 0815!


Har du lyst å sjå meir av Østerrike, Innsbruck og omeng? Då treng du ikkje venta så lenge, om berre nokre dagar startar VM på sykkel i – nettopp – Innsbruck 🙂 Bortsett i frå at dei dreiv å rigga til området kor premieutdelinga skal foregå, og at enkelte gater var stengt, såg vi særs lite teikn på at det nærma seg dette VM’et, men….

