Eg et gjerne sopp, eg, men peiling på sopp har eg ikkje. Det er difor ikkje aktuelt for meg å leggja ut på sopptur i skogen aleina. Men Magnhild, ho har peiling på sopp – og søndagkveld fekk eg vera med ho ein liten runde på jakt 🙂
Eg kan sjølvsagt ikkje røpa kor vi gjekk – ein sopplukkar røpar aldri sine jaktmarkeder 😉




Vi trong ikkje gå så veldig langt før Magnhild vart i fyr og flamme – ho fekk auga på det eg skjøna var favorittsoppen hennar 🙂 Vanlegvis når vi går tur så må eg gå å trampa i bakken i tilfelle det ligg ein orm i nærleiken, men det tenkjer ho visst ikkje på når ho er på sopptur. No stakk ho, utan å nøla, fingrane ned i både mose og lyng og innunder røter for å få tak i «gullet» 😉

Vi gjekk ein runde og leita både høgt og lågt etter meir sopp, men det vart med denne eine sorten denne kvelden. Vi fann diverse andre sortar og, men dei ville ho ikkje ha. Anten var dei ikkje etande, eller så var ho usikker. Og er ein usikker på sopp, ja, då skal ein la dei vera.

Heldigvis treng ein ikkje tenkja på om soppen er giftig eller ikkje for å fotografera den….





Om ikkje det vart så mykje sopp på oss denne kvelden, så får trøysta vera at den soppen vi fann var den vi hadde mest lyst å finna 🙂 No gledar eg meg til Magnhild skal be meg på pasta med soppsaus – det har ho nemleg lova å servera meg ein dag 🙂