Då er vi offisielt igang igjen med matlaging ute i Guds frie natur 🙂 Det vart ein brå stopp på den aktiviteten i sommar då det vart forbod mot så mykje som å sjå på ei fyrstikke. Og så vart det ei laaaaang pause, men no, no satsar vi på at vi er tilbake for fullt 🙂
Iom at veret er som det er, måtte vi tenkja oss litt om kor vi skulle leggja turen hen i kveld. Det var opplett, men før vi ana det kunne det jo slå i mark. Kanskje lurt å tenkja litt på tak eller tarp? Så kom eg brått på det – vi skulle sjå om vi klarte å finna fram til ei hytte vi har blitt tipsa om for ei god stund sidan. Allereie i fjor vinter byrja vi snakka om denne plassen, men så har vi av ein eller anna grunn ikkje komen oss dit enda.
«Vi går til Smørklumpen!» sende eg i ei melding til Jorunn, og fekk tommelen opp tilbake.
Kven er du, og kva har du gjort med Jorunn?? 😉 Det var ei fancy dame som var klar til å gå på tur i kveld. Ikkje det at ho ikkje er fancy til vanleg, men ho såg litt ekstra sprek ut i dag, syntes eg 🙂
Eit fint bilete av husa ved Fjellhaugvatnet, tatt av Jorunn.
Vi parkerte ved Fjellhaugvatnet og byrja gå opp i skogen. Blaut og vått var det, men vi kom heldigvis inn på stien etterkvart.
Her hadde jo vi tenkt å snika oss opp til hytta utan å spørja om hverken lov eller løyve, men den planen gjekk raskt i vasken. Trur dåke ikkje hytteeigarane kom på veg ned medan vi gjekk på opp?? Og dei skjøna jo sjølvsagt med eingang kor vi hadde tenkt oss 😉 Så brått stod vi med løyve til å ta oss til rette både inne og ute 🙂
Greit terreng å gå i dette, sjølv om det nett i dag var litt mykje gjørma og vatn i stien.
Tilbakeblikk ned på vatnet.
Først gikk den lille bukken Bruse…
…så kom den store bukken Bruse som skulle til seters å gjøre seg fet…
Vi startar «mjukt», så det var ikkje den lengste turen vi hadde lagt ut på i kveld. Vi hadde kanskje gått i 20-25 minuttar då vi fekk auga på…
….hytta 🙂
Og her var det jo koseleg! Fin uteplass og utsikt…
…ned på Fjellhaugenvatnet og rett bort på Bjørnebøle.
Vi måtte sjølvsagt kikka inni i hytta og, hoppa litt i sofaen, snurra litt plater, skifta litt plass på div. veggpynt etc. Neida, vi gjorde jo ikkje det! Vi kikka nett inn og kunne slå fast at hytta var kjempekoseleg inni og at vi var litt misunnelege på dei som har hytte så lett tilgjengeleg.
Ute derimot, der slo vi oss litt laus 🙂 Vi skulle jo laga oss mat på stormkjøkenet etter gamalt. Allereie på laurdag tok eg sjansen på å gje beskjed til Jorunn om at middagen kom til å bestå av restane etter mors komlemiddag på søndag….For å vera sikker på at det skulle vera restar igjen, sørga eg og for at alle middagsgjestene som kom på søndag fekk med seg at det måtte vera restar igjen….Eg er litt usikker på om dei turde eta seg mette….
For restar vart det i massevis….
….så eg kunne halda ord og diska opp med…
…steikt komla, pølsa, kjøt og til og med ein dæsj kålrabistappe 🙂 Dette var berre fyrste panna….eg trur vi steikte komle i 3 omganger 🙂
MMMMM…det kom mange godlydar utav ho som påstår ho ikkje likar komla….På same måte som at ho påstår ho ikkje likar pannekaker. Men eg har no opptil fleire gonger sett teikn på det motsatte 😉
Ho her likar komla!
Vi var heldige. Det haldt seg opplett nesten heilt til vi var ferdige med å eta. 3 og siste runde byrja det å bli litt myke regn, så då måtte vi trekka innunder tak ved inngangen til hytta.
Ein sjølfie for å visa kor koseleg vi hadde det. Og ja, for å gjera det skikkeleg hyttekoseleg, sneik vi oss til å tenna på eit lys vi fann 🙂
No var vi mette, regnet såg ut til å ha kome for å bli, så då kunne vi nøgd pakka saman og byrja på heimturen. Når det fyrt blir mørkt ute no, så blir det fort mørkt. No måtte vi fram med hovudlyktene for å kunna fylgja stien…
….ned att til bilen 🙂
Begge to var nøgde med dagens tur, og for å endeleg å kokkelera ute igjen 🙂 Både mat og turmål fall i smak. Ja, så godt likte vi oss her at vi sikkert kjem til å lura oss til å gå hit fleire gonger 🙂