For ei helg!!!! :-)

For ei fantastisk flott helg eg har hatt! Festidalen, masse kjekke folk på besøk, bading, sol og sommar 🙂 Rett og slett ei vitamininnsprøytning som gjorde godt 🙂 Ok, når eg stod på badet i dag tidleg og lurte litt på korleis det var ein tar på seg BH, måtte eg vel vedgå at helga kanskje hadde tatt litt på likevel… 😉

Den siste tida har han far og eg jobba hardt med å…..

…forvandla denne plankehaugen om til….

…..desse tøffe….

….leveggene på hjul 🙂

Åååååå, eg er så nøgd med prosjektet! 🙂 Designa by myself, teikna av broderen og snekra av han far og meg…

….eg skrudde i allefall i nokre skruer sjølv 😉

Og med leveggene klare, var eg og klar for å ta imot gjester på fredagsvorspiel til Festidalen på plattingen min 🙂

Gode kollegaer og vener – eg lar dei vera litt inkognito 😉

Eg må vedgå at eg har vore den som har vore minst interessert i Festidalen i år – det stod ingenting på programmet som eg trong gå å sjå på. Høyra dei gjere eg jo i frå hagen uansett. Likevel var det eg som måtte gje beskjed om at det kun stod to grupper igjen på programmet, så om vi skulle på jordet måtte vi reisa oss å gå. Så då gjorde vi det 🙂

Eg hadde vel ikkje vore der så veldig lenge før eg skjøna at sandalar var heilt feil fottøy den dagen – når sola gjekk ned vart det skrekkeleg kaldt. Så når Lars Vaular kom så scena gjekk det ikkje lange stunda før eg sa takk for meg og tusla på heimatt….

Tok eit bilete på veg heimover – godt med folk på plassen 🙂

Tok ein liten rydderunde ute medan Lars gaula seg ferdig (absolutt ikkje musikk for meg) og så passa det å krypa til køys.

Eg hadde jo trudde eg skulle sova både vel og lenge, men sola skein igjennom alt av persienner, så då var det berre til å koma seg opp og stå på laurdag. Formen var fin og det var flott å sitja ute allereie i 0830-0900 tida.

Formiddagen gjekk med til litt soling, sying, klesvask, matlaging og forbereding til resten av dagen. Eg trur Jorunn dukka opp i 15-tida….

….og litt etterpå kom Svein Vidar på elsykkelen sin. Då starta vi oppvarminga til kvelden med grilling på bålpanna 🙂

Og så var vi igang igjen 🙂

Litt etter litt dukka det nye folk opp på plattingen og brått vart vi ein heila gjeng denne kvelden og – sjølv om nokon frå dag 1 rett og slett måtte kapitulera på dag 2 😉

Vertinna sjølv var å nøgd med livet at ho hadde tatt på….

…den nye flamingokjolen sin 😉 Eg har vel sjeldan fått så mykje skryt 🙂 (Skraut nok mest sjølv, antaglegvis 🙂 )

Vi kom oss ikkje noko særleg raskare bort på laurdagen enn på fredagen, men tilgjengjeld var det litt meir fart i meg og når denne karen stod rett ved sida av meg…

….måtte eg jo spørja om han ville stilla opp på bilete med to litt til eldre damer (unnskyld Linda) – og det var jo ikkje noko problem 😉 Eg veit ikkje kva som var rarast av at eg visste kven dette var, eller at Linda ikkje ana kven det var…. For dei som enda lurer – damene og Hkeem 🙂 Det er i allefall det eg trur – det blir ytters pinleg om no nokon kjem og gjer meg beskjed om at det er ein heilt vanleg publikumar i frå Bømlo….Eg ser jo sjølv at linsene ikkje sat heilt på plass her….

Det var i allefall bra at eg traff på Hkeem før eg traff på denne….

….tørrpinnen, som eg og sjølvsagt elga meg innpå 😉

Eg var visst ikkje noko meir opptatt av musikken på laurdag enn eg var på fredag….

men eg har no tatt eit par bilete av scena 🙂 Gysla mykje folk på jordet denne kvelden 🙂

Det eg faktisk hadde gleda meg mest til var Raga Rockers. Dei har eg ikkje noko forhold til og eg kan ikkje nemna ein sang dei spelar. Men medan eg sat i hagen og kosa meg i sola før på dagen, øvde dei på Dønhaug – og det var steikje bra. Når konserten byrja på laurdagskvelden derimot, tykte eg berre det var noko vræl. Ikkje veit eg kva som skjedde, men det må ha vore noko med lydstyrke og retning 😉

Denne dama rocka no uansett med 🙂

Eg haldt ut til the bitter end denne kvelden før eg tusla heim – og Gud kor kjekt det er å berre kunna gå 2 min. så er ein heima 🙂

Søndagen vakna eg lika pigg og tidleg som på laurdagen og starta den på same måte ute i sola. Eg trudde dette skulle bli ein avslappande kvile dag, men det vart dei ikkje. Jorunn bestemte seg for at dette var dagen flamingoen skulle luftast….

….så då køyrte vi strake vegen til Blådalen for å ta oss av det 🙂

Og slik rir (?) man på en flamingo….

….eller kanskje slik…;-)

Uff ja, eg veit ikkje om eg skal håpa på at vi eingang blir vaksne eller ikkje? Ein ting er i allefall sikkert…

….det var deilig å forfriskande med eit bad. Og, tru meg eller ei – det var, som ungane sier, kjempevarmt i vatnet! 🙂

Min Charter-Hilde augneblink 🙂

Men vi var ikkje ferdig med dagens gjøremål etter badinga heller….

….brått stod vi på Kanten i Omvikdalen og gjorde oss klar til å fyka…

…..utover dalen 🙂

Ja, sjølvsagt ikkje eg då, men brødrene Leikvoll 🙂

Eg har berre film av svevinga deira, og det har eg ikkje funnet ut korleis eg kan leggja ut på bobla enda…

Når alle hadde landa, avslutta vi søndagen med grilling på Holmen i Omvikdalen 🙂

Phuuu….eg vart nesten litt anpusten berra av å skriva dette innlegget – men altså – dette var ei helg av dei betre 🙂 No må eg avslutta og finna fram turkleda – det vert vist ikkje noko kvile i kveld heller 😉

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.