Eg har så mange prosjekt for meg om dagen at det blir lite tid til Bobla – og turar. Det stod eigentleg ikkje tur på programmet i helga heller, men då Ann Irene ville ein tur til Dyrrindo, heiv eg meg rundt og vart med 🙂
Det vart ingen skitur til Ulvanåso på oss i våres. Sommaren kom jo så raskt i år og brått var det for seint 🙂
No var vi spente på korleis det såg ut på Dyrrindo, vi visste jo at det hadde vore jobba ei stund må å byggja om hytta og gjera ho tilgjengeleg for alle.
Eg burde ha stukket snuten utfor døra og kjent på temperaturen før vi tok ut, for som vanlege byrja eg ganske kjapt å syta over kor varmt det var 😉
Fjellforma er ikkje heilt inne enda, men det gjekk ganske greit opp skogsvegen – om det ikkje gjekk så fort. Lange turen er det jo eigentleg ikkje heller. Skogsvegen går ganske langt opp og når ein er ferdig med den, er det berre eit lite stykke på sti….
…..før ein er oppe, ute av skogen og kan snu seg og sjå ned på fjorden….
…..og framom seg der ein Dyrrindo 🙂
No veit vi jo ikkje kortid dei har planlagt å vera ferdig med arbeidet på hytta og området her, men vi hadde innbilla oss at dei var komen litt lenger….
…..for her er det mykje godt arbeid igjen.
Eller er det så mykje arbeid igjen? Det var igrunnen litt vanskeleg å sjå, for her såg det rett og slett ut som om det var slept ned ei bomba! Kanskje det er vinden som har romster litt, kva veit eg, men det såg rett og slett ikkje bra ut – ting og tang var strødd og lagt utover alt. Eg måtte beint fram ta ein liten runde og rydda litt – utan at det vises nemneverdig.
Men, vi var einige i at det kjem til å bli bra til slutt når dei er ferdige med arbeidet 🙂
Det blir nok koseleg å kunna søkja ly her når det er ferdig 🙂
Utedo har dei fått på plass og 🙂
Vi sat oss ned inni det vi antar skal bli ei lita grillhytte, eller noko slikt, for å eta nista. Og, endeleg kunne Ann Irene og motta….
…årets Påskepakke 🙂 Det seier litt om kor lite vi har vore på tur i lag dei siste månadane – evt. og litt om kor gløymsk eg er…. 😉
Utsikt i frå «grillhytta».
Ann Irene som, merkeleg nok, aldri har vore lenger enn opp til Dyrrindo denne vegen, ymta frampå at ho godt kunne tenkt seg å gå opp på toppen bak hytta. Den tanken fekk eg ho kjapt vekk i frå med å forklara at ho diverre ikkje kom til å sjå Ulvanåso derifrå – då må vi nok enda lenger opp. Det hadde vi ikkje tid til på laurdag – ho hadde invitert gjester på middag. Men, kanskje ein anna dag???
Så, etter å ha ete nista vår, pakka vi saman og tok fatt på returen.
Idyll ved Dyrrindo.
Om ikkje det vart noko kjempelang tur på oss denne dagen, var vi godt nøgd med endeleg å koma oss på tur i lag igjen. Så får vi satsa på at det ikkje blir så lenge til neste tur 🙂