Padletur til Skorpo!

Eg heng litt etter her på Bobla, men det er jo altfor fint ver til at eg kan prioritera å sitja inne på PC’n 🙂 Men i kveld har eg trekt inn i sofaen – etter å har tilbrakt ettermiddagen på stranda. Og ja, eg har til og med bada 🙂 Det var andre gangen på nokre få dagar, for årets fyrste bad i sjøen tok eg på onsdag 🙂

Då fekk eg nemleg opp eit minne på Facebook om at eg hadde bada 30.mai for to år sidan. Eg har ei mistanke om at det var ufrivillig og når eg skulle gå utav kajakken i stranda til Magnhild…. 😉 Likevel – eg sendte melding til Jorunn og spurte om ho trudde vi kom til å klara å bada i mai i år? Og det skulle eg ikkje sjå vekk i frå – vi skulle i allefall på padletur om kvelden.

Då eg kom ned til stranda for padletur, fann eg Jorunn der klissblaut! Då hadde ho allereie tatt seg ein dukkert, og då vart eg, sjølvsagt,  satt under eit gysla press 🙂 Men vi fekk i allefall koma oss på padleturen fyrst.

Før start – dette biletet kunne hatt så mange tekster 🙂 1) Dagen eg oppdaga at eg har like tjukke legger som lår  2) Dagen eg oppdaga at uansett kor mykje eg soler meg forblir beina like kvite (og eg bør i allefall ikkje stilla meg opp ved sida av Katarina 3) Dagen eg oppdaga eg har vokse utav padlevesten etc. etc. Men den eigentlege grunnen til at eg står her og ser så betutta ut, er at eg har på meg eit par gamle joggesko som i utgangspunktet skulle vera vanntette. Det merka eg ikkje noko til når eg gjekk på tur, men her står eg uti sjøen og er tørr på beina…

Vi tok ikkje ut på tur før solgangsbrisen hadde løya, og då vart det flott å padla mot Skorpo.

Denne gangen hadde vi fått med Katarina. Ho seier ho er nybyrjar på padling, men det merka vi ingenting til. Ja, bortsett frå når det kom litt bylgjer – då kom det nokre ulydar utav ho 😉

Nærmar oss Mjødnasund.

Jorunn fyrst….

….Katarina fylgde på….

….og så kom eg til slutt 🙂

Sjøen var litt heftigare på denne sida, men etter turen til Maurangsnes tidlegare i år lea ikkje Jorunn og eg på augneloket av dette 🙂 Katarina, derimot, vart litt skeptisk, men padla på som om ho aldri hadde gjort anna 🙂

Denne stranda har vi vore på før, og dette var målet for turen.

Her skulle vi ha ei lita pause, laga oss kveldsmat, og kanskje bada??? Eg hadde fått beskjed om at eg måtte stå for maten denne gongen, og ynskje var «lett mat». Valget fall på….

….bruschetta m/avokado 🙂 Salaten var gjort ferdig på førehand, brødet vart steikt i olivenolja på stormkjøkenet 🙂

Vi hadde panoramautsikt mot solnedgangen i frå denne stranda….

….og det var ikkje måte på kor den vart foreviga 😉

Den Lille Gule i solnedgang…

Den Grønne Skjønne låg på land, men Jamie McDuck fylgde med på sola som gjekk ned 🙂

Så var det denne badinga då. Eg ampa litt på den. Eg måtte jo bada eg og når Jorunn allereie hadde vore uti? Og skulle det bli bading i mai, å hadde eg jo ikkje lange tida på meg… Det var ikkje anna å gjera enn….

…..å luska seg uti 😉

Og så var det jo varmt jo! Ja, iallefall så varmt at eg ikkje brukte så altfor lang tid før eg la på svøm…

Det er ikkje ofte eg har bada med ein slik bakgrunn 🙂

Dagen quiz: Er det mine eller Jorunn sine armar som stikk opp av sjøen??

Ja, det var eit forfriskande bad. Men så måtte vi byrja å tenkja på å koma oss på heim att, klokka byrja bli mykje og det nærma seg leggjetid for dei som skulle på jobb dagen derpå.

Eg hadde parkert den Lille Gule så fint mellom og oppå nokre steinar i stranda at den låg stødig og godt. Då trong eg ikkje konsentrera meg om å halda balansen når eg skulle oppi. Sat meg til rettes, putta beina inn i kajakken, gjorde eit byks for å få baken på plass på setet – og då gjorde kajakken eit byks bakover – og, plopp, så låg eg å kava i stranda og tok kveldens andre bad 🙂 Og sjølv om eg faktisk slo meg litt, var det ikkje noko medlidenheit å finna i frå dei andre – berre rå latter…

Men når eg fekk summa meg igjen, kom eg meg på plass i farkosten, og vi kunne ta fatt på heimvegen. Nå hadde vinden og sjøen roa seg på denne sida og….

….så då vart det ein rolegare tur tilbake mot Mjødnasund.

Nesten sjølfie i Mjødnasund 🙂

Og sjå kor blank sjøen låg når vi kom over på denne sida av Skorpa att!

Vi kunne berre gli over fjorden mot Skulestranda igjen 🙂

Litt usikker på kva Katarina demostrerer med åra her, men både vi og ho var veldig nøgd med kveldens tur 🙂

Det fine veret ser ut til å halda fram, så då satsar eg på mange fleire fine kajakkturar framover. Og sommaren har vel eigentleg ikkje byrja enda…

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.