#FJELL

Kom, mai, du skjønne, milde!

Ja, endeleg gjer den sangstrofa ei meining 🙂 Finveret ser ut til å ingen ende ha – eg klagar ikkje 🙂 Dvs. eg har strekt meg så langt at eg no tenkjer det godt kunne ha regna ei natt 😉 Okkesom, etter 17.mai har eg brukt den forslåtte ankelen for alt den er verdt – som ei orsak for å kunna tilbringa ettermiddagane i solstolen. Ferien er over, så på dagtid sit eg stille i kontorstolen… Men, no er det vel på tide å bevega seg litt igjen…kanskje…det er no planen…

Difor var det ingen grunn til å takka nei når Jorunn sendte melding og lurte på om vi skulle hengja natt til laurdag. Daffe, som vi er i sola, var vi litt tom for idear for kor vi skulle hengja – så det vart her…

….i kvar sitt fotballmål på Holmen i Dimmelsvik 🙂

Eg gleda meg veldig til å koma i hengekøya igjen. Sidan sist har eg invistert i dette kule….

….hengekøyeunderlaget 🙂

Breidt og godt, og med «vinger» på sidene. Det såg i allefall bra ut:-)

Einste minuset er at eg (enn så lenge) må blåsa det opp manuelt. Det går raskt det, altså, men eg er jo kanskje akkurat i form til å blåsa tyggisbobler, så medan eg bala med dette, vart svimmel og måtte samla meg for ikkje å svima av….

….var Jorunn godt i gang med kveldsmaten – eg hadde tinga pizza laga på Omniaomnen 🙂

Det er jo ikkje den ting ein ikkje kan laga på denne omnen – det trur eg må vera topp 1 på lista av turdingsane våres (sjølv om eg ikkje eig nokon andele i denne) :-).

Så enkelt – rull saman deig med fyll og ha i forma!

Så, medan pizzaen steikte seg, kunne vi ta ein lite padletur på sjøen 🙂

Sjå for ein flott kveld på fjorden!

Vi kunne berre gli stille bortover….

Vi har kun bileter av meg og nokre kyr….

….på Kunestet i frå denne padleturen 🙂 Eg gløymte mobilen på land – i våre dagar er jo dette nesten nok til å skapa krisesteming, men vi overlevde 😉

Måtte jo ha eit bevis på at ho var i kajakken 🙂

Vel i land igjen kunne vi nøgd konstantera….

…at maten var ferdig 🙂 Soppen hadde vi visst gløymt å ha i, så den er berre med som pynt (??) 😉

Mmmmmm……

….digg! 🙂

Men, så, medan vi sat her og kosa oss med heimelaga pizza frå Holmen og noko godt i glaset, parkerte det ein bil ved sida av våres. Ut steig det tre unge (akkurat det såg vi jo ikkje – det var tross alt byrja bli myrkt og det var 50meter avstand) menn som kom vandrande mot oss med sekker på ryggen og soveposar i handa. «Surprise!» sa Jorunn «eg har ordna med Tinderdatar til deg!» Akkurat det kom ho vel på i farta, men vi lurte no på kva dette var for noko?? Det viste seg at dette var nokre karar som hadde tenkt å klatra i Ulvanåso på laurdag – og akkurat denne natta hadde dei tenkt det same som oss – å overnatta på Holmen 🙂

Så då såg jo brått campen slik ut – A.Enæs kom jo midt i smørauga 😉

Ja, ja, dette hadde vel hverken dei eller vi sett for oss, men det var jo plass til alle, og det er jo forsåvidt hyggeleg med selskap 🙂 Jorunn «trua» i dei restane av pizzaen, og det trur eg dei var nøgd med. Og ein Omnaiaovn er det kanskje ikkje så lenge før karane skaffar seg 😉

Det byrja verta tid for å laga til køyene…..

….og eg skjønar ikkje kvifor eg blir «mobba» for diverse ting som eg av og til har med i sekken for det synes ikkje det er nokon grunn til så lenge Jorunn har laken med til underlaget sitt….

….og dyna istadenfor sovepose! 😉

Etter litt musk og mask kom eg meg på plass i køya og var klar for å sova. Eg låg godt og underlaget fungerte veldig bra 🙂 Men, sova var enklare gjort enn sagt. Det var ein vanvittig trafikk på hovudvegen, og slik vi låg til kunne jo vi høyra bilane heilt i frå Kvinnherad Energi til dei passere Seimfoss! Eg antar det ikkje er slik kvar natt i i området, men kan skuldast litt ekstra aktivitet i samband med Rosendal Fest. I tillegg så er fuglane på Holmen ekstremt sangglade – alle 14 artar – døgnet rundt! Men, omsider sovna eg og, og då vakna eg ikkje før…

….sola byrja stå opp 🙂

Morgonstemning på Holmen 🙂

Det gjekk jo godt an å hengja i dette målet..

….men eg fekk ikkje strama køyen heilt skikkeleg. Resultatet vart at eg låg med beina høgt og resten nesten krølla i botn av køya 😉

Internasjonal morgon på Holmen – 3 nordmenn, 1 hollender og 1 spanjol 🙂

Jorunn fekk bomma seg ein kaffiav medcamparane våres, og etter den var ho klar for ein morgon padeltur.

Atter ein vakker dag med speilblankt hav 🙂

Dåke trur kanskje det er ein «guide-follow-me» stake Jorunn har bakpå kajakken sin? Det er det ikkje, det er…

…eit lys i mørket 🙂

Det er ikkje den verste måten å kikka på Rosendal dette 🙂

Og utsikt mot mitt favorittfjell – Kvanto 🙂

Det vart med ein liten, men flott, padletur denne dagen. Då vi gjekk i land sat karane framleis og kosa seg med frukosten 🙂 Vi pakka saman våre saker og dei gjorde seg klar for å køyra til Uskedalen og klatra i Ulvanåso. Eller kanskje dei ombestemte seg og køyrte inn i Blådalen for å gå på ski? Den moglegheita var dei ikkje klar over, men dei hadde jo ski med….

Uansett, så fekk dei sikkert ein flott dag i fjella i Kvinnherad. Jorunn og eg skulle ikkje anna enn reisa heim og forberedea oss på litt festeligheiter på kvelden 🙂 No viste det seg at Jorunn ikkje klarte å dy seg, og faktisk heiv seg rund og padla tur til Rosendal litt seinare på dagen 🙂

I dag har eg ikkje mykje fore….

…eg har flytta «Boblekontoret» ut hit, ser litt på fjella rundt meg og tenkjer eg burde ta meg ein tur, men det er jo så varmt!! Til kvelden kanskje… 😉

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.