I forfjor bestemte Jorunn, Svein Vidar og eg oss for å feira 17.mai med skitur til toppen av Nordfonna ved Sommarskisenteret i Jondal – eller Fonna Glacier Ski Resort, som det så fint heiter på «norsk» 😉 Vi, som ikkje har småungar lenger, kan jo tillata oss å feira litt utradisjonelt. Det var så vellukka at vi bestemte oss at dette måtte blir vår nye tradisjon på 17.mai. Allereie i fjor måtte vi bryta tradisjonen då Svein Vidar var på jobb 17.mai, men i år var vi klare igjen alle 3 🙂
Det var meldt +3 grader og fint ver på Fonna og når eg vakna såg det ut som om at den meldinga skulle slå til – strålande sol 🙂 Eg stilte i tunet til Jorunn og Svein Vidar litt etter kl. 09 – og så leikte vi skikkelege turistar og køyrte bubil innover fjorden.
Då Jorunn fann ut at ho mangla røyk og lighter vart det ingen diskusjon – vi måtte ein svipptur innom Odda på veg til Jondal. Det var det faktisk Svein Vidar og eg som bestemte – ingen av oss tok sjansen på å ha Jorunn med på tur utan røyken 🙂 Det mest spanande å sjå i Odda var to politimenn kledd i skikkeleg festuniform – dei var skikkeleg stilege 🙂
Etter svippturen bar det strake vegen til skisenteret.
Det smeltar godt her og – ikkje noko særleg med brøytekantar igjen.
Det var ikkje så mange som hadde tatt turen hit som vi hadde trudd. Men vi var litt seint ute, så kanskje nokon var ferdige med skikøyringa allereie. For min del berre ein fordel – dess mindre folk i løypa dess betre 🙂
Vi kledde godt på oss, fekk kjøpt oss ein billett til trekket, og så var vi igang med 17.mai feiringa 🙂
Medan eg stod å klamra med til T-kroken både framme og bak, og var, som vanleg, levande redd for å detta av midt i bakken, slappa Jorunn av ved sida av meg….
….vifta med flagget og fotograferte 🙂
Ferdig med heisen så er det viktig å sjekka med GPS’en om vi er der vi skal vera 😉
Jorunn, snart klar for å ta skia fatt mot toppen 🙂
Det var ikkje så mange bunadskledde i løypa i år som sist vi var her, men det var sorten. Dei kan ikkje vera så veldig redd for søljene sine 🙂 For ordensskuld – vi spurte fint om vi kunne få ta bilete av ho 🙂
Allereie her måtte jakker og hua av. Det var, som vi har erfart før, varmare på toppen av skiheisen enn det er nede ved starten.
Og allereie 5 min. etterpå rauk gensarane og. Det var rett og slett….
….T-skjorte og shorts ver på Fonna i går! Shorts hadde ingen av oss tenkt på, og T-skjorte var det kun to av oss som hadde tatt på 🙂
Eit litt spreidd 17.mai tog – eg trur alle som var på tur i går hadde flagg på sekken 🙂 Som dåke ser skya det litt til på veg oppover. Det var heilt etter vermeldinga – det skulle vera skya mellom kl. 12 og 13. Det gjorde ingenting, det var uansett varmt nok å gå.
Eg er litt usikker på kor lang turen i frå trekket og opp til toppen er, men ikkje meir enn 3-4km. Det er altså ein heilt overkomeleg tur for dei fleste 🙂 I allefall om dei har ete frukost, noko Jorunn hadde gløymt denne gangen. Då gjekk det pittelitt trått, men det var ikkje snakk om å stoppa å få seg ein matbit før toppen – det var berre til å gå på 🙂
Og brått såg vi den i horisonten….
….Hårteigen på Hardangervidda 🙂
Då var toppen nådd! Vi tok oss kun tid til ei drikkepause og til å ta på litt kler att. Det blas litt kald vind her oppe på toppen. Vi hadde allereie bestemt oss for at vi skulle renna litt ned att før vi åt nista vår, så då gjorde det ikkje noko at det blas her.
Svein Vidar har nådd toppen av Nordfonna….
….og eg og 🙂
Og, eh, hm… eg tør ikkje nemna at det ser ut som om eg har gløymt å foreviga Jorunn på toppen. Men ho var med altså!
Før vi la i veg på turen, var eg litt spent på korleis det skulle gå. Eg slo venstre ankel då eg «bada» i fossen (ref. forrige innlegg) og så klarte eg jo å ramla ned trappa med støvsugaren i handa på 16.mai – og slo same ankel. Så no var det ikkje god, men eg kunne trø på den og den var ikkje opphovna, så det fekk stå si prøve.
Å gå oppover på ski gjekk heilt fint, eg kjente nesten ingenting i foten. Men no skulle vi på ned, og det betyr ploging og vriding av foten. Svein Vidar leda an og vi skulle køyra sikksakk ned til nisteplassen. Han la i veg bortover, bortover og bortover….Så snudde vi andre vegen bortover, bortover, bortover… Eg kjente at SÅ lange bortover strekker vart for mykje for meg, eg måtte ta kortarte svingar. Så medan Svein Vidar og Jorunn forsvann bortover igjen, bevega eg meg med mindre svingar meir rett ned mot målet. Og det gjekk betre. Det er ikkje så bratt her, og det er store strekker ein kan bruka og lite folk i vegen. I går var det og topp føre, så då var det berre kjekt å køyra nedover 🙂
Ein pust i bakken for å venta på at Jorunn og Svein Vidar skulle koma ned til meg.
Det er ikkje heilt vanleg at Svein Vidar ligg bakerst i løypa, men grunnen til at han hadde sakka akterut her var at han måtte leika seg ferdig med eit lemen han prøvde å hissa opp 😉 Det for forresten eit lemen og sprang på toppen av Fonna og 🙂
Herr og fru Leikvoll på skitur 17.mai 🙂
Så kom vi oss ned dit vi skulle ha pause….
…og Jorunn og vi to andre….
…kunne innta eit skikkeleg 17.mai måltid 🙂
Medan vi sat her og åt, kunne vi kosa oss med å sjå på alle andre som kom nedover på ski….
….på den eine eller andre måten. Han karen her kosa seg lenge med å køyra att og fram på toppen før han tok vegen ned.
Matauk og kos i sola 🙂
Før vi tok fatt på siste etappe ned att, var det tid for obligatorisk….
….fotografering ved denne….
….varden 🙂 Dvs. Jorunn sneik seg unna…
Siste og brattaste etappe gjensto – her var det berre å bruka tida. Og det gjorde eg 🙂 Sakte, men sikker sikksakk køyring og ørten stopp. Det svei i låra og no byrja ankelen å verka skikkeleg og. Det gjekk greit når eg hadde tyngda på høgrefoten, men var skikkeleg bale når eg måtte ha tyngda på den venstre. Ein liten augneblink vurderte eg å ta av skia og gå siste biten, slik eg plar gjera, men eg tenkte at det kom til å sjå skikkeleg tåpeleg ut, midt i bakken som eg var akkurat då. Eg kom meg bort til ein litt slakare del av bakken, og då kunne eg ploga resten rett fram ned 🙂 Og det var, som dei andre så fint påpeika, fyrste gong A.Enæs kom seg ned heile bakken med ski på beina 🙂 Hurra for meg og 17.mai 😉
Vel nede og alle var godt nøgd med dagens tur og feiring – men vi var ikkje heilt ferdige enda 🙂 Vi hadde jo ikkje ete dessert!
Vi køyrte ned frå fjellet og parkerte i båthavna i Jondal….
….der er rota litt i sekken min….
….kor eg hadde gøymt 17.mai desserten i raudt, kvitt og blått 🙂
Kos i båhavna i Jondal.
Det var fint her ved sjøen og 🙂
Og kven skulle trudd at det var i Jondal dei aller fyrste paparazzibileta av…
A. Enæs skulle bli tatt??? 😉
No var det blitt ettermiddag, vi var nøgd med årets feiring, så då kunne vi setja snuten mot heimatt. Vi satsar på ny 17. mai feiring på same måte i 2019 🙂