Tur i Børsdalen og årets fyrste bad!

Aij, aij, når eg fyrst måtte omrokkera litt på sommarferien min, så visar det seg at det var ein genistrek og gå for 3 veker sommarferie i juli – og ei veka i uke 20 – altså NO!! 🙂 Eg har allereie feriert sidan forrige torsdag og, sjølv om det kom litt brått på, er eg komen langt inn i sommarmodus 🙂 For eit ver vi har hatt og har 🙂 Helga gjekk med til «husarbeid» ute. Broderen fiksa tak og Stian vart piska til å mala. Sjølv gjekk eg rundt og dirigerte og putta blomar i nokre potter 🙂

Men i dag, i dag hadde eg ingen planar. Eg starta dagen i solstolen, og det er jo ganske deilig. Men eg må vedgå at tolmodet til å leggja strekk ut i sola, ja, det må eg ha brukt opp i ungdomen. No på mine eldre dagar, slit eg litt med det…

Så etter ei stund var det nok, og eg hadde fått turklede på – ikkje naudsynt med meir enn ei t-skjorte og ein shorts i dag 🙂

Eg hadde eigentleg berre tenkt å ta ein liten tur til Låganåso, men brått stod eg her…

….og hadde forandra turmålet til Børsdalen i stadenfor 🙂

Framleis litt snø som skal ned i frå Englafjell og Ulvanåso.

Låganåso såg eg kun opp på i dag 🙂

Det skal seiast, det er ikkje spesielt fint å gå inn denne dalen på Uskedalssida. Stien er dårleg og det er ulendt. Men det er no eit eller anne med å gå inn denne dalen midt i mellom Englafjell og Ulvanåso -eg likar meg her 🙂 Og om ein kjem vekk i frå stien så er det jo ikkje krise – her går ein seg ikkje vill….

Ein må sjå kor ein trør – det er ein del stein innover dalen.

Snøsmelting i frå Englafjell….Hmmm, kanskje eg skal gå opp dit og koma litt nærare?

Jepp, brått var eg her. Ja, ikkje fult så nære som det ser ut som – det kunne jo henda det var ein snøklatt igjen oppi fjellet som skulle ned…

Utsikt ned mot Uskedalen.

No fekk eg akkurat ein liten glytt av Geitedalstind og, så istadenfor å gå ned att til stien fortsatte eg bort steinura i håp om å få sjå litt meir.

Og det gjorde eg 🙂

Men eg fekk ikkje berre sett meir av Geitedalstind, eg fann ei skjult perle 🙂

No angra eg på at eg ikkje hadde med skikkeleg kamera, for eg fekk ikkje tatt bileter som viser kor flott dette var. Inni her var det ein liten foss, og ved utgangen smelta snøen slik at det såg ut som om det regna 🙂

Eg kunne ikkje gå heilt nære, før eller seinare kjem denne fonna til å brekka, og det kunne jo lika godt skje i dag som ein anna dag.

Men hadde eg kanskje fått betre bileter om eg hadde stått på andre sida av elva?? Eg kikka meg rundt. Elva var ikkje stor, meir som ein bekk, men likevel såg eg ingen plass å koma over. Eg fylgde elva nedover igjen, men fann ingen plass å kryssa. Eg var faktist komen ganske langt ned igjen, før eg såg ein plass eg kunne koma over. Og då klarte eg ikkje dy meg – då bar det over og oppover igjen på andre sida 🙂

Ja, ja, om ikkje bileta var så kjempebra er eg no heilt sikker på at dette holet har aldri blitt så fotografert som i dag 😉

Det var på tide å pitla seg ned til stien igjen og fortsetja ferda vidare litt til.

 

Vel nede på stien valgte eg å fylgja den litt vidare innover dalen. No smalar det til, og eg var, om eg kan skriva det, ganske heit etter å ha forsert ei kvit steinrøys opp og ned og bortover i alle vinklar – det var/er jo ikkje direkte kaldt i dag.

Så eg gjekk ikkje så veldig mykje lenger før eg rett og slett sat med på ein stein….

….dingla med beina og kikka heimover.

Hadde eg hatt nista med meg skulle eg gått litt lenger for å sjå kor langt eg kom, men i dag skulle eg jo i utgangspunktet på Låganåso og ikkje oppdagelsesferd i Børsdalen…

Eg hadde utsikt rett opp på Englafjell – bokstaveleg tala 🙂

Og så la eg meg rett og slett flat og kikka på sola som stod midt i mellom Ulvanåso og Englafjell 🙂 Det skulle snart visa seg at dette ikkje vart den einaste gongen eg la meg flat på denne turen….

Det var dette tolmodet då – eg haldt vel ut 5-10 min. på steinen før eg byrja på heimturen.

No skulle eg berre fylgja stien heimover langs elva – ikkje klyva unødvendig opp og ned steinrøyser. Likevel skulle det gå gale….

Her ana eg fred og ingen fare. Eg skulle berre tråkka over her – andre vegen enn det biletet viser. Det skulle ikkje vera nokon utfordring, men brått forsvann foten under meg, bein og armar for i veret og eg kava midt i «fossen»! Ein skulle tru at eg sklei uti med venstre side, men nei. På eit eller anna vis tok eg ein piruett og havna med ryggen og høgre side i fossen. Eg prøvde å finna fotfeste – som igjen gjorde at eg tok ein ny piruett og brått stod eg med heilt fronten mot «fossen». Fekk feste med beina og lika brått som eg havn uti, så stod eg på «land» igjen – dryppande våt frå topp til tå – kun litt tørr på venstre side!! Tenk dåke DEN Youtubeaugneblinken dette hadde vorte! Men her stod det heldiggvis ingen klar med kamera 😉

Det er ikkje kvar dag eg tuslar klissblaut rundt på tur….

Eg får leggja til at det faktisk ikkje var spesielt kaldt (no duppa eg meg ikkje så lenge), og at det faktisk var ganske forfriskande, så eigentleg var eg litt nøgd med badet 🙂 Og ja, eg synes dette kvalifierar til å bli kalla årets fyrste bad! 🙂

Resten av turen gjekk fint og eg kom meg heil ned til bilen – og heldigvis hadde eg eit håndkle liggjande der.

Akkurat no kjenner eg at eg har ein litt forslått ankel, men eller så så er eg veldig nøgd med dagens tur, sjølv med eit innlagt, ufriviljug bad 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.