Snøen er i ferd med å forsvinna, og då er det berre til å finna fram fjellskoa igjen 🙂 Ann Irene har ymta frampå om tur til Kviteggi i Omvikdalen ei stund no, og i går lova eg at eg skulle vera med på den turen i dag. Det var før eg gjekk over til naboen og byrja å nippa til det eine glaset etter det andre med bobler 😉
Men det merka eg heldigvis ikkje noko til når eg vakna i dag tidleg til meldinga om å vera klar for tur kl.1100 🙂 Opp og hopp og rask på foten – nista vart laga og eg var klar når eg skulle 🙂
Det eg gleda meg mest til i dag var….
….å ta i bruk det nye drikkesystemet eg har investert i 🙂 Eg har eit håp om at om eg får i meg litt drikke jevnt og trutt på fjellturane heretter, så vil eg sleppa unna den dundrande hovudverken som ofte sig på når eg er komen heim. Eg kryssar fingrane for at dette gjer susen – i skrivande stund merkar eg i allefall ingen teikn til hovudverk 🙂 Det eg drakk på i dag var vatn iblanda Fres energidrikk tabelettar. Advarsel på boksen: Anbefales ikke før leggetid om du ikke er vampyr eller annet nattdyr 😉
Dei siste gongene eg har vore opp her har eg blitt køyrt opp – i dag måtte vi gå den laaaaaaange skogsvegen opp.
Vi seig sakte, men sikkert oppover. Det er ei omstilling å måtta byrja å løfta beina på tur opp fjellsidene igjen i stadenfor å skyva dei framover på ski…Eg kjente ganske raskt at eg har ein jobb å gjera – eg må gå inn både nye fjellsko og kroppen frametter 😉
Flott vårteikn 🙂
Endeleg oppe på Kanten, og då måtte vi sjølvsagt skriva oss inn i boka 🙂
Det er mykje vatn som skal ned no. Heldigvis trong vi ikkje gå over snøen her for å koma til andre sida denne gongen – det trur eg ikkje hadde gått så bra. I fjor, eller året før, måtte vi lura oss over her, men då var det litt tryggare.
Utsikt i frå Kanten.
Men vi var jo ikkje framme ved målet enda, vi skulle enda lenger.
Brua er heldigvis komen på plass att 🙂
Vi sparar turen til Kvanto til seinare, men det såg ut som om det går an å koma seg opp til fots no og. Ein må berre over eit par snøfonner, ellers så såg det ut som om stien ligg bar.
Men vi skulle til Kviteggi, så då bar det over brua.
No kom vi over på Ann Irene sitt favoritt terreng – oppoverbakke 🙂 Og medan ho langa i veg oppover, kom eg diltande etter med små museskritt. Alt var som normalt…
…med andre ord 🙂
Vel oppe gjensto berre å gå…
….over heile fjellet tilbake 🙂
Det er veldig fint å gå her, og i tillegg så kjem jo no premien for å ha slite seg opp….
…utsikt….
…utsikt…
….utsikt 🙂
Det er ein litt merkeleg fjelltur dette her. For når du endeleg har kome deg opp og over fjellet, så må du gå nedover igjen for å koma fram til målet…
….Kviteggi 🙂
Ann Irene – veldig nøgd med endeleg å ha kome seg på Kviteggi i år 🙂
Og herifrå får ein utsikt over det meste 🙂
Sjå kor flotte grøne bakkar i Omvikdalen!
Eg kan ikkje huska sist eg hadde eit innelegg som ikkje innehaldt mat på ein eller anna måte – så her er dagens niste. Eg køyrte ei sunn linje i dag med pastasalat og focaccia – smaka godt på fjellet det 🙂 Eg nekta til og med å kjøpa is etter turen og var veldig nøgd med meg sjølv. Medan eg skriv dette har eg klart å tøma i meg den chipsskåla eg ikkje vart ferdig med i går….. 😉
Eg måtte jo ha eit bevis på at eg var her eg og 🙂
Vi lurte litt på om vi skulle gå ned igjen langs fjellsida i stadenfor over fjellet, men Ann Irene hadde vore framsynt nok til å leggja merke til at vi neppe hadde kome oss tørrskodd over elva…..
….så då returnerte vi same veg som vi kom opp.
Det var ikkje mykje sola kikka heilt fram i dag, men på veg ned skogsvegen igjen skein ho fint 🙂
Dette var ein fin fyrste skikkelege fjelltur til fots i år. Eg dansa ikkje akkurat oppover lia, men det gjer eg jo uansett sjeldan 😉 Vermeldingane frametter ser jo ikkje så verst ut, så eg håpar vi kan få nokre flotte turar frametter no og få ein liten kickstart på fjellformen 🙂