Middag i Lavvoen på Vetleåsen!

Det går mykje i matprat på oss fortida, og oppskrifter blir delt over ein lav sko via Facebook og Messenger 🙂 Så om ikkje vi har vore så ivrige på tur den siste veka, så har vi i allefall lagt planar – og eg trur alle inneheld mat 😉

Det var ikkje så veldig fint turver i går, men Jorunn kalla inn til middag ute ( åååå, eg er så god på ordspel 😉 ) No hadde ho funnet ei ny oppskrift som måtte prøvast ut på omniaovnen.

Sidan veret var som det var skulle vi no forresten ikkje vera heilt ute…..

IMG_8610

…..vi skulle vera i lavvoen på Vetleåsen i Omvikdalen 🙂 Er den ikkje tøff?

IMG_8628

Her kjem lyset inn gjennom litt utradisjonelle «vindauga» 🙂

Eg vart prompte sett i arbeid med å forbereda….

A

 

…kjøtbollar! Eg vart litt usikker på om det var kjøtbollar med lauk, eller lauk med kjøtbollar… Fyrst etter at eg hadde hatt oppi lauken opplyste Jorunn meg om at ho hadde halvert mengda med kjøtdeig i forhold til det oppskrifta sa…..

IMG_8616

Sjølv sat ho i gang med å koka bechamel saus – eller rett og slett kvit saus på godt norsk 🙂 Ho var litt spent på korleis det kom til å gå på primus, men det viste seg å gå heilt strålande 🙂

 

B

Så skulle alt plasserast i Omniaforma. Fyrst kokte poteter i skiver i botn og så plasserte vi kjøtbollar oppå dei. Innimellom og bak kjøtbollane putta vi meir poteter før vi helte bechamel sausen over. Og til slutt toppa vi det med eit dryss mozzarellaost 🙂

IMG_8626

På med lokket og så skulle det stå her å steika seg 🙂

20180425_173849

Vi prøvde fyrst å la det stå her i grusen, men myggen i Omvikdalen var gysla stor og irriterande 😉

Så, medan middagen stod og steikte seg….

IMG_8631

….kunne vi gå ein liten tur og kikka på framtidige campplassar 🙂

IMG_8633

Men vi kunne ikkje vera så veldig lenge vekke, for vi var spente på middagen.

15 min. trur eg det stod i oppskrifta at retten skulle steikast. Det fann vi ut var litt lite på omniaovnen, så vi lot det stå ei stund lenger.

Vi løfta sjølvsagt på loket og kikka innimellom….

IMG_8637

….og det såg jo veldig godt ut 🙂

Omsider fann vi ut at no hadde middagen sikkert steikt nok og vi var klare for dagens måltid….

IMG_8639

…Jorunn var veldig nøgd med utførelsen – og veldig spent på smaken 🙂

20180425_183245

Eg gleda meg og til å smaka 🙂 Sjekk forresten det kjekke, velte serveringsbordet Jorunn har fått tak i 🙂 Det kan slås saman og lett berast med seg i ein sekk 🙂

Smakte maten? Og jada, vi traff blink nok eingong 🙂 Det var veldig godt, så dette gjekk fint an å laga i omniaovnen 🙂 Vi fekk til og med ein gjest i lavvoen som vi kunne spandera ein smakebit på 🙂

Så då vart vi mette i går og – no blir det spanande å sjå kva rett vi finn på neste gang, vi har eindel oppskrifter å velgja mellom no 😉

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.