Vestafrikansk peanøttsuppe ved Staffivatnet!

20 + grader ute og ein skulle tru vi nytta høve til å dra fram solstolane og slanga oss i dei, men kva gjorde vi? Jo vi køyrte opp i fjellet til Staffivatnet for å laga Vestafrikansk peanøttsuppe med kylling til middag…. 🙂

Jau, du las rett – Vestafrikansk peanøttsuppe med kylling! Ikkje noko knussel altså – ingen kan skulda oss for å ikkje ta ei utfordring når det gjeld matlaging på stormkjøkenet 🙂

Eg har ein mistanke om at Jorunn, som ikkje kan fordra å fylgja/lesa oppskrifter, har brukt mesteparten av dagen på nettop det. For det er ikkje reint få ingrediensar….

….som skal oppi! 18-19 ulike matvarer 🙂

Jorunn heiv seg i gang med suppekokinga – og hadde vakker utsikt over Staffivatnet 🙂 Det er nok ei stund til vi kan padla der enda, men det minkar godt på både is og snø.

Eg hadde ikkje så mange oppgåver i dag…

….men eg vart satt til å kutta koriander og….

….å raspa ingefær og kvitlauk 🙂 Ja, og så måtte eg skjera limebåtar 🙂

Ellers så skulle eg berre bistå med nokre få av ingrediensane, og eg vart så glad når eg fann alt på butikken at eg gløymte heilt å ta med det eg allereie hadde klart heima. Så då mangla vi chilipulver og smør til rundtykkene….

Det tok jo ikkje så lang tid å bli ferdig med mine oppgåver, så medan kokken….

…las oppskrifter og kokkelerte….

….sprang eg rundt og fotograferte 🙂

Vi jobbar stadig med å halda campen ryddig, med ulikt hell….

Det var ein fin kveld i fjellet – sol og varmt 🙂

Suppa nærmar seg ferdig no – berre nokre få ingrediensar igjen…

….blandt anna spinat. Det var godt det ikkje var mykje meir som skulle oppi – då hadde vi hatt plassmangel 😉

No var vi spente på korleis dette kom til å smaka…

….det var mykje i denne suppa som vi ikkje er vane med å bruka i matlaginga til vanleg, blandt anna kokosmelk, spisskummen, peanøttsmør – for ikkje å snakka om å bruka peanøtter som strøssel 🙂

Men det såg jo godt ut…

….lukta godt gjorde det og 🙂

Og, det smaka faktisk godt 🙂 Eg trudde kanskje det skulle smaka veldig mykje peanøtt, men det gjorde det ikkje. Det var ei god blanding av alle smakane. Litt uvante smakar, og eg som er vane med salt og peppar, måtte strø litt over. Det var og uventa godt med peanøtter i – då fekk ein noko å tygga på og. Jorunn syntes og suppa var god, men ho hadde smaka på suppa før ho hadde peanøttsmøret oppi, og syntes ho smakte litt betre då. Då var det sikkert meir reine smakar – peanøttsmøret gjorde nok at suppa fekk ein litt mildare smak.

Men, men, vi var godt nøgd med dagens middag 🙂 Mektig var den og – ingen av oss klarte å eta opp porsjon nr. 2 🙂

Vil du prøva deg på denne, finn du oppskrifta her: VESTAFRIKANSK PEANØTTSUPPE MED KYLLING

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.