….og nokon har slått av lyset! November er den månaden eg likar minst. Brått er det mørkt når ein køyrer på jobb, og mørkt straks ein har kome seg heim i frå jobb. Vegen til sofaen er difor så mykje kortare en vegen ut ytterdøra. Eg tippar at ordet «dørstokkmila» vart oppfunnet i november….
Men med litt hjelp har eg no vore ute i frisk luft eit par-tre dagar i November og. Vi hadde f.eks ein kveldstur i vind og regn på Seimfoss/i Guddal, for eit par veker sidan. Då gjekk vi opp mot byggjefeltet, for så å kryssa vegen og fortsatte på ein skogsveg – eller kultursti, trur eg dei kalla det.
Det var ganske fint tilrettelagt og laga til her, men noko særleg med bileter å visa til har eg jo ikkje, mørkt som det var.
Etter ein liten spasertur kom vi ned på bilvegen som går opp i Guddal. Om ein går over vegen her kan ein fylgja stien som er laga langs elva oppover mot Guddal. Etter litt om og men, fann vi ut at det ikkje var den vegen vi skulle – vi skulle nedover. Då måtte vi fylgja vegen litt nedover, før vi kom inn på stien vi kunne fylgja ned langs elva.
Her fann vi etter kort tid fram til «hytta» Jorunn hadde planlagt vi skulle laga middag i 🙂
Det var Svein Vidar som stod for matlaginga denne kvelden….
…og på ein-to-tre hadde han trylla fram ei kyllinggryte med ris 🙂
Etter maten fylgde vi stien og vegen nedover langs elva ned til hovudvegen. Vi såg nok ved hjelp av hovudlyktene våres til at vi kunne konstantera at det var gjort ein god jobb med å laga til stien og området langs elva her. Vi kjem nok til å leggja turane våres her fleire gonger 🙂
Sjå kor flott rosene blomstrar oppetter ein vegg langs elva – i november 🙂
Forrige onsdag kom eg meg faktisk ut i frisk luft på dagtid. Bilen var på verkstad og eg var billaus, men ikkje beinlaus. Eg var jo heldig med nett den dagen då det var opplett og 18 + grader! Det vart ein tur til Storhaug via Halsatoppen og Ådnaklett.
Etter ein del pusting og pesing fekk eg omsider god utsikt over Uskedalen 🙂
Ulvanåso sett i frå Storhaug – med svart/kvit linsene på 😉
Eg valgte å gå ned skogsvegen på Kjærland, slik at det vart ein rundtur.
Denne kjekke karen traff eg medan eg fylgde vegen ned dalen – han stod heldigvis innanfor eit gjerde 😉 Då kompisen ved sida av byrja å snøfta og trampa litt i bakken, fann eg ut det var på tide å gå – gjerdet var ikkje så høgt…
Dagen i dag har jo heller ikkje vore så verst – grei temperatur og opplett. Jorunn og eg bestemte oss for å leggja turen til Fjellandsbø kor vi….
….fekk middagen på steikjing på omniaomnen….
Medan maten steikte seg, spaserte vi ein tur inn til fjellgardane i fint månelys 🙂
Vi kjente middagslukta på lang avstand då vi vi nærma oss gapahuken igjen. Vi kunne slå fast at middagen i allefall lukta perfekt om den ikkje skulle smaka godt..
….men det var ingenting å bekymra seg for! Sjekk den perfekte pizza’en!!
Nok ein mat suksess på omiaomnen 🙂 Her brukte vi faktisk pinnebrøddeig og det fungerte heilt fint 🙂
Vermeldingane frametter ser jo slett ikkje verst ut, så kanskje det kan blir ein fjelltur i dagslys igjen i helgja?