Fin novemberhelg 1!

Og akkurat i det eg i mitt forrige innlegg rakka ned på november, fekk vi ei flott novemberhelg 🙂 

På laurdag låg tåka laaaaangt nedetter fjella og eg var litt snurt for at den sola vi var lova ikkje dukka opp. Det gjorde forresten ikkje meg så mykje – eg hadde uansett ikkje avtala tur før etter Jorunn var ferdig på jobb.

Det blir jo så fort mørkt om ettermiddagane no, så då går vi ikkje så langt. På laurdag var Flåtene langt nok.

Så langt ned låg tåka denne dagen, og det var ikkje snakk om å letta.

Det vart bål denne dagen 🙂

Alt for å få tatt det perfekte biletet 🙂

Som dåke ser var det framleis lyst då vi fekk tent på bålet….

…..men det gjekk ikkje lange stunda før det vart mørkt rundt oss. Då er det koseleg å sitja rundt eit bål…

….og kosa seg med pastasalat, bacondadlar varma på omiaomnen og kvitløksbollar…

….varma på bålet 🙂

Ja, det vart litt av ein middag denne dagen, men mange smakar 🙂 Vi åt oss rett og slett stappandemette begge to 🙂

Før vi vandra heimover att, brukte vi ei lita stund til på å fotografera bålet opp og ned i mente. Eg trur vi er litt over gjennomsnittet glad i bål 😉 Eg synes dette biltet til Jorunn…

…vart ganske bra 🙂

Vel heima i stova att, kikkar eg innom Facebook og blir bombardert av bileter folk har tatt over tåka. Bileter med strålande sol og eit vannvittig flott tåkehav under seg. Eg bestemte prompte at om det vart tåke på søndag, så skulle i allefall eg til fjells!

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.