Siste Påsketur 2018!

Skal, skal ikkje, gidd, gidd ikkje….Sola skein ikkje heilt i frå skyfri himmel i dag – og skulle eg ta ein siste Påsketur, eller ikkje? Men kva var alternativet? Ein heil dag på sofaen?

Det vart til at et pakka sekken og la i veg opp Pålavegen mot Mannsvatnet. På sekken hadde eg hengt trugene, men eg rekna ikkje med at eg kom til å få bruk for dei.

Allereie i fyrste sving byrja det å bli isete og glatt, så då var det greit eg hadde tatt med….

….stavane i dag og 🙂

Det gjekk heilt greit å gå på beina opp skogsvegen, men det var ganske hardt og glatt.

Snart oppe – svett og god og med tunga ute…Gjennom doggete solbriller klarte eg likavel å nyta utsikta mot Fjellandsbø.

Og så var eg endeleg oppe 🙂 Greit å vita til sumaren at ein skal ha arma i veret om ein skal bada i Mannsvatnet 😉

På flata er det framleis mykje snø, og det vil kanskje ta litt tid før skiltet til Tverrfjell kjem fram….

Men kor skulle eg gjera av meg no? Skulle eg gå mot….

….Tverfjell, eller….

….andre vegen mot Hauglandsfjellet?

Det var ikkje så hardt fører her oppe som eg hadde trudd det skulle vera. Det gjekk fint an å gå på beina, men ein trødde litt i snø. Det var irriterande nok til at eg…

…bestemte meg for å ta på trugene.

Eg hadde og forventa at eg skulle bli møtt med iskald vind her oppe, men til mi store undring så var det så og seia vindstille.

Eg bestemte meg fyrst for å gå mot Tverrfjell – det såg mykje lysare ut den vegen enn andre vegen. Men eg kom ikkje så veldig langt før eg snudde å gjekk andre vegen. Eg har klart å somla vekk skibrillene mine og går no rundt til fjells med eit lite flatterande solbrillepar – som slett ikkje funkar mot flatt lys. Og det vart ganske flatt lys mot Tverrfjell. Og så måtte eg vedgå for meg sjølv at eg hadde jo aldri ha gidda å gå heilt til Tverrfjell åleina – eg er blitt litt for godt vane med å ha med godt turselskap.

Så då snudde eg rett og slett og enda opp her…

….og fann ut det var langt nok i dag 🙂

Og her var det fint å sitja å ta ei kvil og eta nista. Framleis nesten vindstille. Sola kom ikkje heilt igjennom skyene, men ho varma litt likevel. Som dåke ser så har det nok blåse hardt på toppane i vinter iom at dei no byrjar bli snøfrie, medan det framleis ligg så mykje snø på flatene.

Det enkle er ofte det beste 🙂 Hadde kun meg sjølv å tenkja på i dag, så då vart det Toro RettiKoppen grønsakssuppe til middag på fjellet 😉

Det var nesten så eg ikkje hadde lyst til å gå heim att, men det måtte eg jo. Eg valgte å behalda trugene på heile vegen ned, og det var heilt supert! Då kunne eg gå rett fram og ned utan å tenkja på at eg kunne skli og brekka både armar og bein. Det var og blitt mykje blautare sidan eg kom opp, og slikt føre likar vanlegvis ikkje mine knær – skliing  og vridningar er dei ikkje glad i. Men trugene var heilt stødige og knea haldt kjøreretningen heile vegen ned 🙂 Det var den beste turen ned i frå fjellet eg har hatt nokon gong, trur eg – uavhengig om det er vinter eller sommar 🙂 Eg vart nesten litt sur når eg kom ned i siste sving og det var slutt på snø og is 🙂

Eg har blitt så glad i ski dei siste åra, og har nesten ikkje brukt trugene mine. Men dette gav litt meirsmak, så eg ser ikkje vekk at eg må på fleire trugeturar frametter 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.