#FJELL

Påskevandring til Sundstølen!

I går på Påskeafta bestemte vi at vi ville ta turen i ytre luten og sjå kor langt opp mot Svartavatnet vi kom på beina. Marit og eg skulle eigentleg ha med oss truger, sånn i tilfelle, men hennar var brått fordufta frå sin vanlege krok, så då la eg mine igjen i bilen og. Men vi var lure nok til å ta med stavar 🙂

Vi kom litt seint i gang då tredjemann, Ann Irene, hadde lova seg vekk på kunstutstilling fyrst på dagen. Men ho vart ikkje seinare enn at ho svinga inn på parkeringa ved Husnes Motor i det vi to andre hadde tatt våre fyrste 10 skritt på turen 🙂 Men ho sat nok i si eiga verd, for det hadde ho ikkje lagt merke til, så ho tok seg god tid med å koma i gang og tok (til vår store undring) oss ikkje att før etter hogstområdet. Men då var vi brått fulltallige og gjekk i samla flokk til…..

…..Bremstølen.

Vi møtte på is og snø litt lenger nede i skogen enn eg hadde trudd på veg til Bremstølen, og på Bremstølen er det full vinter og mykje snø….

….og, som vanleg, vind! Her tok vi oss kun ei kort pause og fylte på væske:-)

Vi fann vel nesten ut allereie her at tida rann litt i frå oss og at vi sikkert var for seine ute til å nå heilt til Svartavatnet – utan at det kom til å bli seint på kveld. Men, Sundstølen måtte vi prøva å nå før vi snudde.

…..så då la vi i veg igjen.

Sola hadde tatt litt her, så vi trakka litt ned i snøen, men ikkje verre enn at det gjekk greit å gå på beina.

Det er nokre små, bratte oppoverbakkar når vi byrjar å gå inn skogen, før det går over til slak stigning resten av vegen.

Då vi kom inn i skogen var det enkelte plassar med skikkeleg blaut snø, så no var det greit å ha stavar 🙂 Det kom nokre utbrudd «Uff», «Oophs», «Æsj» etc. når det vart trakka igjennom.

Det tar ikkje så veldig lang tid å gå før ein kjem i litt meir ope lende og kan byrja snu seg og nyta utsikta :-)Men så er det sjølvsagt enkelte som er meir opptatt av å smila til kamera enn å nyta utsikta 😉

Strålande vakkert!

Veldig nøgd med turen så langt 🙂

Det var vel omtrent her eg byrja leggja ned veto om å gå lenger enn til Sundstølen – no syntes eg det snart var på tide å få sola i front og ikkje i ryggen!

Og no gjenstod berre ein kort…

….sjarmørettappe….

….så var vi framme 🙂

Det bles ein ganske kald vind på Sundstølen og, og her er det ikkje flust med plassar å sitja i le. Vi bevega oss litt mot den bratte bakken – kanskje det var betre der?

Det var det sjølvsagt ikkje, men når vi no fyrst var komen i bakken, så måtte vi vel…

….forsera den og 😉

Utsikt ned mot Sundstølen, fjorden og heile verda 🙂

Eg må vedgå at eg kun har vore på desse trakter ein gong før, og den eine gongen er så lenge sidan at eg huskar ikkje heilt korleis det var. Eg hadde eit håp om at det skulle openbera seg utsikt heilt mot Svartavatnet og opp mot Manen når vi kom til toppen av bakken….

…..det gjorde det ikkje! Her fortsatte turen slakt vidare – ikkje vi, for vi stoppa her og bestemte at dette var langt nok denne dagen 🙂

Eg var nøgd med utsikta slik den var…

….det var sjølvsagt ikkje denne dama! Her måtte eg ta fram den strenge stemma mi «Sjå til å hytta deg tilbake hit med eingong!»

Sjølv prøvde eg ein «bakveg» opp til ein topp, men det vart ikkje heilt slik eg hadde tenkt, så eg snudde før eg kom opp.

Det var på tide å tatt fatt på returen og finna ein lun plass å eta nista. For min del så hadde vi nok allereie gått litt for langt utan å fylla på næring og det murra i houvudet.

Det var flott å gå tilbake og – sola farga fjorden Påskegul 🙂

Men, det skal jo ikkje vera enkelt å finna ein nisteplass. «Er det lunt nok her?», «Nei, vi går litt til», «Var det ikkje her vi snakka om på veg opp?», «Nei, eg trur det var lenger nede», «Har vi gått for langt?», «Kjem vi ikkje berre inn skog hvis vi går lenger?»

Til slutt måtte eg leggja ned veto igjen – «HER SIT VI!» Og så gjorde vi det – midt i den opptråkka løypa 😉

Men det var jo veldig fint å sitja her og nyta nista. Legg merke til at flaska med boblevatn ikkje er opna – vi fann det best å ikkje opna ho heller. Vi to sjåførane kunne jo ikkje byrja med slikt no og det hadde vel vorte noko styr med å få ned tredjemann om ho skulle ha tylla i seg heile flaska åleine 😉

Men vi hadde mykje anna godt i sekkane våres, spekemat, eggerøra, focaccia, solbærtoddy, kakao… Eg syntes det var ein smule pinleg å opna min sekk – eg hadde ikkje pakka EIN spanande ting. For eingongs skuld hadde eg prøvd å pakka ein fornuftig sekk med kun naudsynt utstyr (og satsa alle klutar på at dei to andre hadde med seg noko godt 😉 ). Og for ein KJEDELEG sekk å opna – det var neste så eg ikkje trudde den var min! Eg trur det får bli med den eine gongen – been there, done that 😉

Men eg hadde rett angåande dei andre då – begge drog opp Påskeegg og Marit hadde til og med Påskepynt i sin 🙂 Uff, nei, eg er enda litt flau over meg sjølv…

Men mette vart vi i allefall, så då kunne vi pakka saman og ta fatt på resten av turen ned att.

Fager ettemiddag på Bremstølen!

Om vi ikkje kom oss heilt til Svartavatnet, var vi skjønt einige om at vi hadde hadde ein veldig fin Påskeaftatur til Sundstølen 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.