For eit Påskever vi har fått utlevert i år! I går vart det ikkje nytta til nokon ting, men i dag hadde Jorunn og eg tenkt oss på skitur. Kort eller lang, det visste vi ikkje, vi ville prøva ein ny plass – å gå innover i frå Ågotelv. Men det skulle visa seg å vera enklare sagt enn gjort – det var rett og slett ikkje plass å parkera når vi kom inn der.
Så då måtte vi finna på noko anna. Skulle vi ta runden rundt Reikatindane? Neiiiiii…det hadde vi ikkje lyst til i dag. Vi kjørte rett og slett til hytta ved Bjørnebølsfossen og fann ut vi kunne halda oss der. Vi vedgjekk begge at i dag var det viktigaste å få litt sol og farge – ikkje kor lang tur vi var på 😉
Klare for tur. Jorunn hadde funnet ein ny dings på mobilen sin – så no berre snakka ho til kamera så tok det bilete! «Shoot!» «Capture» – det skjøna sjølvsagt ikkje norsk. Det var ikkje så svært i engelsk heller, for ho måtte heva stemma både eit og to hakk 😉
Det er heldigvis ganske flatt her – for fy fader for eit føre! Her er det jo inga oppkøyrt løype, så det var knallande hardt og isete.
Vi kom oss bort dit det byrjar gå på opp til Grønlia og bestemte då at det berre var til å finna seg ein plass i sola. Men kor? Det var litt vind, så vi måtte finna oss ein lun plass. Det enda med at vi rett og slett sat i frå oss skia og…
…tok beina fatt på opp 🙂
Og på toppen her var det veldig fint og sikkert mange fine lune plassar. Vi valgte oss ut…
….ein plass kor vi hadde sola midt i mot 🙂
No syntes vi at vi allereie hadde gått så langt at det var lov å ta fram nista…
….skjeva med eggerøre, for min del…
….og nybaka bollar som vi hadde snopa på Brødskreppa 🙂
Etterpå var det tid for ein kvil i sola 🙂
Vi syntes det var fint og varmt i sola her, men temperaturmessig er det nok ikkje så varmt enda likevel. I allefall merka ikkje vi på snøen at sola var framme – det var like fast og fint så lenge vi var der. Fast å fint å gå på beina, altså – det vart aldri noko godt skiføre.
Og etter ein kvil fann vi faktisk ut at vi skulle ta oss ein liten spasertur rundt i området – vi måtte trimma vekk bollane i frå Brødskreppa og laga plass til det vi håpa skulle bli høgdepunktet på dagens tur 🙂
Leirplassen vår sett frå oven – det var ikkje mange andre folk å sjå i dette området i dag.
Eg la inn ei lita…
….styrketreningsøkt på vegen 🙂
Utsikt mot Staffivatnet – og det gjekk opp for oss at vi hadde jo fått ein mykje kortare tur til leiren vår om vi hadde parkert der nede….
Men no kunne vi nesten ikkje venta med å byrja på neste prosjekt, så vi toga full fart tilbake til leiren.
På førehand hadde vi vore innom Best og tigga til oss isbeger og skeier, i Påskefargar, sjølvsagt 🙂 Og så lurte vi no litt på om den svenske kremfløyten ville duga til formålet….
Alle ingrediensane vart putta i ein Sparpose og så var det til å rista, rista og rista… Heldigvis hadde vi ikkje rista så lenge før Jorunn kom på «har vi huska å ha i saltet???» Det hadde vi ikkje, så då hadde vi det oppi og….
…..byrja å rista på nytt 🙂
Og vi rista og rista og knepte og knepte. Heldigvis var det ingen som såg oss, trur eg, for dette såg sikkert skikkeleg tåpeleg ut – to middelaldrande damer som står og ristar for harde livet på ein plastpose. Men, den som ristar på noko godt….
….ristar forhåpentlegvis ikkje forgjeves… Og det gjorde vi ikkje….
….voila – heimelaga/rista softis 🙂 🙂 🙂 Eller i allefall Grønlilaga…
Ååååå, no var ho spent….
…..kom dette til å smaka godt? Som softis?
JAAAAAA, det gjorde det – den smaka heilt fortreffeleg!! 🙂 🙂 🙂
Min tur å smaka….
….eh…ja, ja, eit blinkskot er no eingong eit blinkskot…
Mmmmmm…..
Ja, det var softisen sin det! Vi var kjempenøgd og imponert over oss sjølve 🙂 Og så var det så enkelt – når ein huska å ta med alle ingrediensane 🙂
No var dagens mission completet, så då kunne vi rusla mot Bjørnebølsfossen att og sjå om vi fann at skia på vegen 🙂